tirsdag 30. september 2008

Julekort av dorull

Dette er eit av mine fyste julekort i år, av do rull. Ja, eg har dorull dilla for tida. Dette er ikkje typisk julekort stil, og eg er ganske opptatt av at det skal være tradisjonelt heller. Det er derfor eg har brukt blå toner som, ja, er min favoritt farge. Men sånn vart det i vertfall...

Beklager dei dårlige bildene.


Tagen som enn kan skrive ei lita helsing på...


Stempel: snøstjerner frå ett trykk, tekst frå kreativ hobby. Blekk: distress ink: faded jeans. Versa color: royal blue, copper. stazon: jetblack Papir: Kvit mønsterpapir, akvarell papir. Annet: scrappers floss, svart tusj, eyelets, charm, perler, bånd, tager (Qk)

mandag 29. september 2008

Chanin og eit posekort...

Her er den herlige hunden som har flytta inn hos oss... Chanin tok oss med storm då ho kom springande og lurte på kem som kom, SÅ SØT!

Ho er som sagt blanding mellom Dachs og Tibetanskspaniel, og ho 9 veker. Allikevel ganske aktiv og sta, men sånn er det når enn vil oppdage verden. Ting kan være litt skummelt, som f.eks kjøre bil eller sauene på gorde, men på oppdagelse ferd ska ho allikevel.
Og lærevillig er ho, stuerein og flink jente. Den nydelige hunden som no har kome inn i livet vårt. Eg savna deg stort når eg må vera borte frå deg (ja, kjæretsen min, eg savna deg og, men det håpa eg du veit.), glade Chanin som ikkje ser vondt i nokon og som alltid er like glad for å sjå meg. Eg glea` meg til åra fram over.

Så var det kortet eg har arbeida med i dag.... Eit posekort i dag, eg har lifta idèn til Åshild. Her er min versjon:
Framsida.

Eg har brukt ein serviett, som eg har limt på kvitt papir med decoupage lim, som bakgrunn.
Framsida og tagene. Er ei lomme under hivedmotivet som enn kan putte tagene i.
Inni med dekor og plass til ein personlig håndskreven tekst.

Baksida av kortet.Stempel: jente frå Hänglar og stänglar, post stempeler frå papirloftet, ett trykk og kreativ hobby. Blekk: Stazon: Jet black, div distress. Papir: Kvit mønster papir, blå reste kartong. Annet: Papirpose, bånd, scrappersfloss, tags frå panduro, blomster frå panduro, Qk swirler, ut puncha blomster, serviett, brads, decoupage lim.

tirsdag 23. september 2008

Er bare nødt til å fortelle...

... Er bare nødt til å fortelle om det vesle nurket eg og kjæresten min skal hente i morgo. Ein liten valp på 8veker som skal flytte inn hos oss. Ho er ein blanding mellom tibetansk spaniel og dachs.

Dette er det einaste bildet eg har av henne, er ho ikkje nydelig?

torsdag 18. september 2008

Gratulasjonskort til svigermor.

Min kjære svigermor har bursdag i helga og då måtte eg jo såklart lage eit kort til henne. Det at ho er glad i naturen er ingen hemmlighet, så då vart det eit "skog" kort.
Eg har brukt alkoholdblekk for å lage denne bakgrunnen, den ser ut som ein mosedott. For å påføre alkoholblekket har eg brukt ein møbelknott, derfor har eg også fått med litt svart tekstur som gjør at det ligner mose endå meir. Det kvite og blanke er Diamond Glaze som har bobla seg. Dette gir ein glass aktig efekt.

Stempel: trær -wispers. Blekk: Alkoholblekk: Lettuce, Meadow og Slate. StazOn- jet black. VersaColor- Olive. Papir: Brazzil: Mosegrønn, og lyse grønn, svart kartong, kvit glossy kartong. Annet: Svart sytråd, grønne perler, Qk stanser, Diamond Glaze, svart tusj.

onsdag 17. september 2008

Ein boks med noko gødt i....

Dette var ein gong ein boks full av god sjokolade, men no er den tom og eg har tatt den frå kverandre....
Men så fikk eg ein idè...
Pynte den med stasj og freshe den opp, så kan den gies bort med noko heimelaga gødt som ein koselig helsing til nokon som fortjener noko ekstra.

Så her er den! Eg ser det no at blomster-kjernen er skeiv, men det får eg gjort lite med no. Dessuten er eg ikkje noko glad i å lage blomster på den måten. Trur ikkje eg lager blomster med bånd meir.
Boksen kan åpnes og lukkes med hjelp av denne vesle blå braden og det blå båndet. Braden kunne vært større.
Og inni har den ein liten tag som enn kan skrive ein liten helsing til den utkårede.

Stempel: En liten hilsen- ett trykk. Blekk: Distress ink- faded jeans, tattered rose, versaColor- ash rose, ukjent type- sølv, versacraft-cerulean blue. Papir: akvarell papir, brazzil- teracota raud. Annet: blomster i ulik størrelse, brads, bånd, chipboard- paperbag studio, glitter, garn, blånde, bling, tørr embossing- mini-shapeboss frå fiskars.

mandag 15. september 2008

Å improvisere...

Eg skulle gi bort ei bursdagsgåve, men hadde ikkje noko kort å gi bort der eg var SÅ eg måtte imrpovisere... ja, der å då hadde eg ikkje anna enn eit stempel som kunne hjelpe meg. Ingen fargerik kartong, ingen papirkutter, ingen blekk av noko slag og ingen stasj og blingbling. Eg var nødt til å lime to tegneark sammen. Det er både bølgete og skakt, men eit kort vart det då og han som fikk det vart kjempe glad.

Eg hadde tilfeldigvis eit stempel i nærheten, eg brukte svart tusj som eg tusja det med og stempla på kortet. Avtrykket eg fikk vart ikkje veldig bra, men godt nok til å fargelegge med fargeblyanter, og tilslutt high lighta eg hoved linjene og feltene med den svarte tusjen. Stempelet eg har brukt er frå wipesnapper.

onsdag 10. september 2008

Kort av mulberry papir

Eg har laga dette enkle kortet. Dette skal ein som har bursdag få eller bare ein som fortjener ei helsing i kverdagen.
I eit blad såg eg ein ny måte å bruke stempel på. Stempelet som skal brukes må være ganske tydelig for å få fram mønsteret. Eg har lagt stempelet ned og lagt mulberry papiret over, bruk pensel og vaten og veet papiret. For å få fram motivet kan enn bruke ein brayer å rulle over, og bruke penselen til å forsiktig trykke ned i motivet. Eg har rulla brayeren med svart for å framheve motivet. Etterpå har eg embossa motivet for å få eit spenande uttrykk.
For å få eit anna uttrykk har eg brukt tusj og drodla rundt papir kantene.
Stempel: Blader frå Panduro. Blekk: Versamark, Versacolor- Olive, black, distress ink- peeled paint. Papir: Brazzil: gråbrun, grønn, mulberypapir, bølgepapir, akvarell papir. Annet: Embossingpulver- sølv og kvit, Qk- sommerfugl, svart tusj.

tirsdag 9. september 2008

Vakre fjell norge i haustfarger, og eit bursdagskort




Det er på sånne turer enn virkelig ser kor vakert og stor slagent Noreg er i natur. Og eg må si det at hausten har sin personlighet den også med alle dei flotte fargene og naturen som forbreder seg på ein kall vinter med masse snø. Akkuratt som ein stor slagen avsluttnings fest for sommeren. Rett og slett utrulig FLOTT!

Og igjen må eg vise eit av mine kort som vart laga i all hast. Og derfor vart også bildet av det tatt i all hast. Dette er eit gratulasjonskort til min onkel som hadde 40årsdag i sommer. Litt feminint, men også litt maskulint med blå bakgrunn som ligner olastoff.
Stempel: Paperbagstudio- the jurney. Blekk: Distress ink- Faded jeans, crakle paint. stazeon- Jet black. Papir: akvarell papir, brazzil: teracota, lyse blå. Annet: eylets og floss

torsdag 4. september 2008

Dåpskort

Eg har lagd endå eit dåpskort, denne gang i brune og blå farger. Sjølv syns eg det er nydelig, og eg vart kjempe fornlyd med det. Dette er sikkert litt sjølv skryt, men eg er faktisk miss fornøyd med mange av korta eg har lagd. Med dette syns eg at eg traff den rette "ynden" med dåpen og barnet som vart døpt.
Desverre er ikkje bildene så bra, det vart lagd i ei ganske travel periode og av ein eller anna grunn hadde eg ikkje tid til å ta bilder før det var gitt bort og skreve på.


Ved ein feil kom eg til å kutte den eine sida av kortet for kort, og dermed måtte eg improvisere. Dermed vart det eit kort som kan åpnes og lukkes. Åpne og lukke mekanismen er nok noko eg må forske litt meir på for eg er litt usikker på om dette er den rette måten å gjøra det på.
Den åpnes ved å ta den kvite sløyfa av braden.

Sånn ser den ut under åpne folden.
Og sånn ser den ut inni. Siden det er eit dåpskort har eg valgt å ta med ei penge lomme, det er første gang eg lager sånne lommer så eg kan faktisk si at denne fungerer ganske greit for mitt bruk. Men det er ikkje sikkert det er alle som vil brette pengen for å få den i lomma. Eg har punta lomma med dei vanlige blomstene som går igjen utta på kortet også.
Kortet med lukke siden.

Stempel: Mangolia. Blekk: VersaColor: royale blue, distess ink: walnut ink, faided jeans. Papir: Akvarellpapir, Brazil: Lyseblå, lyse brun, brun. Annet: Embossing plate frå Qk, retro punchere, brads, panduroblomster, bånd.

tirsdag 2. september 2008

ScrappeHuset`s Blog Candy

ScrappeHuset har ein blog candy på gang. Og du kan vinne nokre kjempe lekre stempler.
Fristen er 06.09.08 kl 24.

Følg linken inn og følg innstruksene for å være med.

mandag 1. september 2008

Eit kort til bestemor

Dette er egentlig eit kort eg lagde ein gong i vinter. Men det er fyst no for nokre dager siden at eg fant ut at min kjære bestemor skulle få dette i posten.
Eg er sånn passe fornøyd med resultatet. Eg syns det kanskje er litt skeivt, men det er også fordi eg var nødt til å bruke flytende lim for å holde alt på plass. Derfor er det også bøyd seg. Jaja... Det er tross alt håndarbeid.
Eg har rett og slett embossa heile bakgrunnen og stempelet, det gir eit litt spenande resultat.

Stempel: ett trykk. Blekk: Versamark. Papir: akvarell papir, svart kartong. Annet: dies frå Qk, div embossing pulver.