søndag 23. februar 2014

Enkel lue

Dette er egentlig ei av julegavene som eg strikka til jul, men eg har ikkje fått mulighet til å ta bilde av den før no. Det er ei enkel lue, eg la opp 112masker og strikka 2rette, 2vrange. Eg skifta på sånn at partiene med 2rette og 2vrange bytta plass, det gir eit slags mønster og skille.
 Eg strikka den litt lang sånn at det vart ein brei oppbrett, og strikka inn litt reflekstråd sånn at den er synlig i mørket. Også denne gangen valte eg å strikke i Merion extra fine. Det garnet gir gode og mjuke luer.
Pinne: 4
Garn: Drops Merino Extra fine
Vekt: 80g.
Oppskrift: La opp 112m.

tirsdag 11. februar 2014

FWSS-lue

Eg er ikkje nokon lueperson, eg liker ikkje å gå med lue. Av og til er det unntak. Som dei dagene det blåser ekstra og det er kaldt. Derfor tenkte eg at ei lett lue kanskje kunne passe for meg (mariuslua har kjæresten fått). Lua strikka eg med dobbel tråd av noko eg fant i lageret mitt, eg la opp 80masker i forhold til oppskrifta eg fant og brukte som utgangspunkt.
Eg er fornøyd med den. Veldig lett lue, eg har garn til ei til. Som ei ekstra effekt strikka eg inn refleksgarn.

Pinne: 4
Garn: Faerytale fra DSA og mohairgarn (tynt), strikka med dobbel tråd.
Vekt: 34g
Oppskrift: FWSS- en skamløs kopi

søndag 2. februar 2014

Votteåret 2013

Oppsummeringa av 2013 er forlengst gjort, men eg syns likevel det er på sin plass å vise alle vottane eg strikka. 2013 var nemlig eit votteår for meg. I alt 13 par vart strikka. Mest fordi eg har dilla på mønster og farger, men også fordi eg var med på vottealongen som projo holdt på facebook.

Her er 11 av para eg strikka, to av para gav eg bort i gave før bildet blei tatt, eit par har eg gitt bort i ettertid. Eg er fornøyd og syns det er moro å kunne vise fram ei sånn samling.

Stripeleik som er lengt til høgre har eg tatt i bruk sjølv, ellers har Midnattsol havna hos ei søt jente i Trondheim og Bittamittens har havna hos ei av mine beste venninner i Valdres, Dagny har havna hos ei flott dame i Hamar. 

Resten av vottane kan du sjå nærmare på her. 

lørdag 1. februar 2014

Vinterland: Projo-vottealong: Desember

Desembervottene i alongen vart ferdig i desember, nyttårsaften for å være eksakt. Eg har ikkje fått tid til å legge dei ut her og feste alle tråder før no.
Oppskriften er vinterland av Wenche Roland.
Eg valte ein gråblå farge som bakgrunn og kvit som kontraster, menst fordi eg ville ha den vinterstemningen som vottane beskriver. Eg syns ikkje at mønsteret gav meg så mange muligheter til å sette personlig preg på dei, anna enn å velge ein bakgrunnsfarge som er litt lysere. Likevel syns eg dei vart flotte i den lyse fargen.
Vottane vart små og smale i det garnet og pinnestørrelsen eg strikka dei i.
Eg valte å strikke fleire snøfnugg enn i oppskrifta og nokre av trea vart litt lenger, dette fordi eg ville ha kortare fargeskift.

Vottane fortjente eit skikkelig snø bilde!

Pinne: 2,5
Garn: Rauma Fin ull
Vekt: 68g
Oppskrift: Ravelry.