tirsdag 31. mars 2015

Måneden som gikk: Mars 2015

Så er mars også forbi. Eg føler at tida går veldig fort om dagen, men eg trur at det har noko med at eg har veldig mykje å gjøra ellers. Eg går no siste semester av utdannelsen min, i den forbindelse er det mykje som skjer i skulesammenheng og privat. Men moro når det skjer litt også:)

Det vart gjort mykje strikking denne måneden, men det meste var hemmelig.
Eg strikka 3 par sokker som skulle bli påskegaver, og fikk nesten ferdig par nr 4. Veldig bra til å være meg. Søskna mine ønsker seg sokker eller føslo som det heiter der eg er fra, så då er det litt enklere å strikke sokker.

Eg har også holdt på med litt andre prosjekter:

Rilleteppet:
Eg har mykje rester i pinne str 3,5 i ubehandla ull og behandla ull fra div prosjekter og som eg har fått. Av det tenkte eg å stikke eit rille teppe. Eg har begynt og stikker litt på det innimellom. God med noko som er tankelaust, og der du ser at restene blir borte.

Mariusgenseren:
Eg har begynt å strikke mønster. Det er mykje mønster strikk på vranga, så eg merker at det tar mykje lenger tid. Moro er det uansett. Eg gleder meg til den blir ferdig.




mandag 23. mars 2015

Sokkestrikking

Det går mykje i sokkestrikking om dagen. Eg er egentlig ingen sokkestrikker, men no har eg begynt å leike meg med garn og farger... Då er det vanskelig å stoppe. Det er også nokon som ønsker seg sokker, så det er ikkje få føtter som trenger varme. Det begynner å bli nokre par no; i min sokkeskuff og i andres sokkeskuffer også:)

onsdag 18. mars 2015

Restegarn: Bricks

Del 15 av serien om restegarn. 

I mangel på noko nytt å vise får det bli ei lue til. Det går veldig mykje i luestrikking om dagen, syns det er greie sånne innimellom prosjekter.

Eg hadde tenkt på eit mønster ei stund, men ikkje fått tegna det ned eller strikka det. Så når eg fant nokre rester med nepal i lageret var det bare å sette i gang. Det resulterte i denne lua, som eg har valt å kalle Bricks. Den minner meg om mursteiner som er stabla oppå kverandre i eit system. 


Lua var veldig enkel å strikke. Eg har ei til på pinne, fordi eg fant meir garn og likte uttrykket på den så godt. Eg har skribla ned oppskrifta vis nokon er interessert i den. 
Nepal har forresten blidt eit av mine favoritt garn. Mjukt, passe tjukt og fine farger. I tillegg er det mest ull i det. Eg kan nesten ikkje be om meir trur eg. Anna en at eg må strikke meir med det og gjerne strørre ting en luer...


Garn: Nepal
Pinne: 4 og 5
Vekt: 78g
Oppskrift: Egen.

fredag 6. mars 2015

Restegarn: Ribbelue med vri 2

Del 14 av serien om restegarn.

Eg hadde meir nepal i baige som eg ønska å bruke opp. På instagram var det ein del luer som inspirerte meg med strukrur strikk og lyse farger. Eg likte så godt å strikke denne lua at eg la opp til ei ny ei stund etterpå.



Mønsteret er ikkje vanskelig å strikke. Det er ein kombinasjon av rette og vrange masker. Likevel klarte eg å rote det til litt, men eg valte å la den ha dei små feila. Eg tenkte det bare var sjarmerende, no er eg ikkje fult så sikker. Uansett kan den brukes og mønsteret kjem godt fram på den i dette garnet.


Garn: Nepal fra Drops.
Pinne: 4 og 4,5
Vekt:
Oppskrift: Samme som denne lua. Her er oppskriften.