lørdag 28. februar 2015

Måneden som gikk: Februar 2015

Så var også februar forbi, og nå er vi i gang med den første vårmåneden. Det gav meg lysten til å kjøpe inn litt gult garn. Eg syns det er moro med litt sterke farger!

Februar inneholdt: 

"Strikk i bruk: Raggsokker med ein twist" (1): Som eg håper kan bli ein fast tråd her inne etterkverdt. Håper det kan være litt interessant at eg skriver om garn og strikkaplagg i bruk.

Spaceinvader-genseren (2): Endelig er den ferdig! Det var den UFOen eg var minst fornøyd med at var ein UFO og skulle så ønske at den vart ferdig. Min kjære bror er no den heldige eiger av den. 

Fantasikofta (3): Eg fant fram igjen prosjektet eg begynte på i sommer. No har eg faktisk strikka meg eit stykke ned over bolen, og nærmer meg ny mønsterbord. Å strikke lus tar jammen lang tid. 

Strikkelyst og restegarn (4): Så viste eg fram det eg strikker på når det ikkje frister å strikke på dei prosjekta eg har begynt på. For meg har det blidt ein leik å finne ut kva slags lue eg kan strikke av det "restegarnet" eg har liggande. 


Utenfor bloggen: 

Sokker: Eg strikker sokker. Mulig eg snart kan kalle meg ein sokkestrikker, og godt er det fordi sokkeskuffene rundt om trenger ein oppfrisking. 

Marius-genser: Eg trudde aldri eg skulle bli eiger av ein mariusgenser, men så vart eg inspirert på instagram. Min blir grå (fra lageret), blå og litt mørk rosa (!). Det blir den ribbestrikka varianten, rett og slett fordi eg syns den skiller seg ut. 



Ellers oppdaterer eg meir på instagram, så vis du har lyst kan du ta en titt der. Brukernavnet er solas06.

tirsdag 24. februar 2015

Strikkelyst og restegarn.

Når eg ikkje heilt veit kva eg skal strikke eller dei andre prosjekta mine ikkje frister, strikker eg luer. 
Det er godt med prosjekter som er små nok til at du er ferdig i løpet av kort tid, og som du kan bruke kreativiteten på. Eg har lenge holdt på med restegarn-strikking, som har ført til restegarnprosjektet. Enslige nøster som ikkje har noko plan, kanskje bare fordi eg ville prøve garnet. Det er spanande å holde på med. Vil det rekke til denne lua, har eg nok garn, blir fargane bra, korleis er mønstert osv... Med ei lue så er jo heller ikkje feilen så stor vis ein strikker ei lue som blir feil størrelse eller noko anna som går galt. Heldigvis. 


Så kan det jo ende som bildet over. Ei lue eg vart veldig fornøyd med, og som eg strikker ei til av med ein gang. Det er skjeldent. Mønsteret har eg kaldt Bricks, fordi det var mursteiner i tankene mine når eg tegna mønstert.
Muligheten med restegarn, det er undervurdert.

lørdag 14. februar 2015

På pinne: Fantasikofta

Fant fram dette prosjektet som eg ikkje har strikka noe på lenge, men sånn er det jo innimellom...

onsdag 11. februar 2015

Space Invaders genser

I romjula bestemte eg meg for å gjøre ferdig ein ufo som har logge i skapet i 2år (mars 2012). Den var egentlig tiltenkt kjæresten min som ein overraskelse, men den vart for trang. Eg syns det var dumt at den bare skulle ligge i skapet. Det var bare halsen igjen på den. Eg strikker nok litt stramt når eg strikker mønster, det er nok grunnen til at den vart for liten. Dette er jo den første genseren eg har strikka i mitt liv, så strikkefasthet og prøvelapp var noko eg viste lite om. Halsen kunne eg kanskje kunne strikka litt tettere. 


Det vart bror som fikk den og eg håper den blir brukt. Uansett godt å få den ferdig og ut av skuffen.

Eg strikka den i ambefalt garn og fargenr. Mønsteret er typisk norsk, med lite beskrivelse og mykje egen tenking. Det gikk overraskende greit å strikke det, men måtte ha litt hjelp til deling av forstykke og bakstykke.  Eg er veldig glad for at eg tok meg tid til å strikke denne genseren. Det å lese og tolke oppskrift er vanskelig når man er nybegynner, men eg lærte veldig mykje av å strikke genseren.


Pinne: 3 og 3,5
Garn: Falk fra Dale. Farge nr som i oppskrifta.
Vekt: 662g
Str: M- Herre.
Oppskrift: Her.

onsdag 4. februar 2015

Strikk i bruk: Ribbesokker med ein twist

Denne serien handler om ting eg har strikka og korleis dei blir og tåler bruk. Rett og slett ein tråd for dokumentasjon av garntype og oppskrifter. Eg kjem også til å publisere bilder av ting vi får eller strikk eg ser i bruk som inspirerer. Eg håper at dette kan bli en fast tråd framover og at det kan være interessant for andre også.

Disse sokkene strikka eg til mamma i julegave for to år siden. Garnet er sterk fra DSA. Oppskrift var noko eg fant på sjølv. Eg syns dei var stilige, mykje og likte fargen godt. Her kan du sjå det opprinnelige innlegget.
Eg misstenker at sokkene blir brukt til å sove med og når det er kaldt, så dei er ikkje spesielt slitte til å være to år. Alpakkaen i garnet gjør at dei virker ekstra varme og lune. Eg veit også at dei har blidt lånt bort og at dei som har lånt dei ønsker seg sånne. Det er komplement til meg!
Eg strikka dei på pinne 3, noko som ser ut som holder til dette garnet. Ingen spriker mellom maskene. Hælen ser litt tova ut etter bruk, men eg trur heller ikkje det gjør noko. Dei loer ikkje speielt og har heller ikkje mista fasongen. Dei har heller blidt tettare enn dei var når dei var nye.
Eg er kjempe fornøyd med at dei fortsatt er i bruk, og at dei holder seg godt. Sterk er uten tvil eit sokkegarn med god kvalitet, som holder seg. Eg burde strikke sokker til den verste sokkesliteren i familien og teste ut om garnet lever opp til navnet ved hans bruk. Mamma har i værtfall vært snill med sine:)

søndag 1. februar 2015

Måneden som gikk: Januar 2015

Januar, starten på det nye året. Nye mål, nye ønsker og nye ting å utforske. Ikkje minste strikke. På bloggen viste eg fram alle julegavene eg strikka. Dei kan du sjå her. 

Når det kjem til ny strikking og strikking i det nye året, så har det vært labert. Eg føler eg fikk strikka fra meg før jul, og lysten til å strikke har ikkje vært stor. Faktisk så er ikkje ein einaste ting ferdig. Eg har bare starta på nye ting... Det har heller ikkje gitt meg lysten tilbake. Eg har prøvd å strikke ting eg ikkje har strikka så mykje før, ting som er raske å strikke, mønster, egen komponert osv, men lysten må eg grave jupt etter.
Eg har strikka 75% av eit sokkepar da. Syns ikkje det er så aller verst. Håper den er tilbake snart og at det bare er eit blaff. I mellomtida har eg mykje å vise fram her på bloggen, så her er det bare å følge med:)