torsdag 29. januar 2009

BloggcandyER!

Kom over to blogcandyer....
Eli feirer at ho har reist til New York. Masse flotte ting å vinne der! Varer til 15.februar kl 21.00

Og så er det Hege-Annie som har sin blogcandy nr 2 og feirer at ho har 10.000 treff i blogen sin. Dette er ei skikkelig raud pakke med masse flott å vinne, candyen avsluttes 13.februar midnatt norsk tid, vinneren trekkes 14.februar.

onsdag 28. januar 2009

Art pieces- Utfordring #5 09 Lykken er...

Ja, då var det tid for ny utfordring frå art pieces og temaet er: lykken er...
Dessverre vart bilde eg har brukt litt ødelagt og ganske svart, men eg føler den taler for seg sjølv.

Blekk: versamarker. Papir: foto kartong, raud kartong. Annet: chipboard, dymo-tekst, glitter, akrylfarge, diamondglaze, crackle paint-old paper.

Kort med liquid masking film og distress ink

Då eg begynte å utforske denne teknikken ville eg ta nokre bilder under vegs for eventuelt å dokumentere det seinere. Bildene eg tok den gangen kom godt med, fordi denne veka på skula har vi jobba med photostory. Eg brukte bildene eg tok i forbindelse med denne teknikken og utarbeida denne photostoryen.

Teknikken eg har brukt er maskering med Liquid masking film og distress ink. Eg har maskert detaljer på treet og brukt ditress ink og vaten på ei spruteflaske og/eller svamp til å farge bakgrunn, blader, stamme osv.
Etter på har eg drodla litt med svart tusj og påført diamond glaze.




Her er det ferdige kortet, ferdig montert.


Blekk: distress ink: peeled paint, walnut stain, woorn lipstick, broken china. Papir: akvrall papir, brun brazzill og grå kartong. Annet: liquid masking film, svart tusj, diamond glaze.

tirsdag 27. januar 2009

StampARTic, utfordring #3 januar, monokromatiske valentines kort

Her kommer mitt føste bidrag til StamARTic-bloggen, denne veka ville dei sjå monokromatiske valentines kort. Og her er mitt!

Eg må bare si det av eg er ikkje særlig fornøyd med resultatet av kortet, spessielt fargen på motivet... Men det er då ein erfaring som eg tar videre med meg.

Stempel: magnolia. Blekk: div distress ink, stazon- jet black. Papir: div brazzill, akvarell papir. Annet: tusj, halvperler, bølge tørrembossing, diamond glaze, glitter.

Bursdagskort.

Her er eit bursdagskort eg har lagd på bestilling av mamma, til ein liten gutt som snart har bursdag.
Det store toget har eg forstørra frå ein liten dies eg har og lagd den så stor at den passer på kortet.

Stemepel: magnolia. Blekk: div distress, stazon- jetblack. Papir: akvarell papir, div brazill rester, mønster papir frå nille. Annet: knapper, scrappersfloss, dies, brads, dies frå spellbinders.
Er kjempe moro å sjå alle tilbakemeldingene eg får på tinga eg lager, det gleder meg stort.

torsdag 22. januar 2009

Art pieces- Utfordring #4 09 My bad habit...

Så var det ny utfordring hos Art Pieces, denne gangen vil dei at vi gjør noko kreativt med vår last. Min last trur eg er ein ganske klassiker, eg ELSKER sjokolade!

Eg tok utgangspunkt i eit bilde eg fant på internett. Sværta med litt distress ink, stempel, håndskrift og diamond glaze med glitter

Stemepel: ett trykk. Blekk: div distress ink, versamarker. Papir: fotopapir, akvarell papir. Annet: diamond glaze, glitter, tusj.

tirsdag 20. januar 2009

Sukkersøt #24, gjestedesigner #7

Her kjem mitt bidrag til ukens sukkersøt. Det var artigt å lage sin egen bakgrunn, blir noko heilt unikt og eget av det.
På min bakgrunn har eg leika meg med klar embossing, versacolor, distress ink, H2O og lumine. Eg syns bakgrunnen vart ganske fin, men dessverre synses ikkje djubden luminen gir bakgrunnen.

Stemepel: blomst og Little Lu Lu frå paperbagstudio. Blekk: div distress ink: broken china, tattered rose, scattered straw, mustared seed, woornlipstick. Versacolor:black, vanilla. Papir: akvarell papir, reste papir, turkis brazzill. Annet: brads, blomster frå prima, photofastners, H2O, klar embossingpulver.

mandag 19. januar 2009

Art pieces- Utfordring #3 09 proud to be...

Denne veka var tema for ATCen : Noko eg er stolt av.

Dette er ikkje akkuratt noko eg tenker så mykje over, det er bare meg som person som er sånn. Men når eg tenker bedre etter, så er det noko eg er stolt av. Å bli elska av deg, proud to be loved by you. Så då vart det ein litt beskjeden kjørlighets ATC.

Blekk: lilla billig blekk ukjent merke, versacolor- burgundy. Papir: mønster papiret er frå ein vero moda papir pose, raud kartong. Annet: sytråd, tusj, stickers, chipboard, distress crackle paint-old paper.

Og igjen... Hjertelig takk for alle koselige helsinger her.

søndag 18. januar 2009

Artsy, utfordring #4

Fikk omsider somla meg til å lage eit kort til artsy`s utfordring, denne gangen var det ei skisse enn skulle ta utgangspunkt i.


Og ikkje lov til å bruke ferdige pynteark.

Her er mitt ferdige kort. Eg har lagd bakgrunn med stazon, blending tool og ein kake serviett.



Stempel: penny black. Blekk: stazon: jet black, forest green, teal blue. Chalk-a-lots: butter reacon. Brilliance: moonlight withe. Papir: fotopapir, brazzill, svart foto kartong. Annet: kakeserviett, embossing tusj, embossingpulver, krympeplast, rubons frå ett trykk.
Tusen takk for alle koselige helsinger eg får i bloggen min. Det setter eg stor pris på.

Inkido og blogcandy...


Ta sjanser og delta på blogcandyen til inkido. Vinn 5 stempler av inkido`s vår nyheter 2009.
Dei har også masse flotte nyhter!
Blogcandyen varer til 20.januar

onsdag 14. januar 2009

Ett trykk, månedsutfordring #3, bokmerke

Sånn... Her er mitt bidrag til trykkpressa, denne månden ville dei sjå bokmerker. Her er mitt!
Eg har brukt reste papir på denne, og den var rask og lage. Kjem nok te å lage fleire av denne typen bokmerker. Flott å gi bort som ein liten gåve også.
Stempel: ugle frå scrappemagasinet. Blekk: distress-oldpaper fadded jeans, broken china, div alkoholblekk, versamarker, versacolor- royale blue. Papir: blå brazzill, papir med gamal tekst, rester av ein gamal bakgrunn. Annet: klart embossingpulver med glitter, oransje lee plume tusj.

Sukkersøt #23, Vintage

Så var det ny utfordring frå sukkersøt som igjen betyr ny veke. Denne gangen er tema vintage. Eg liker godt denne stilen og syns det er flott med mange detaljer og litt slitt preg. Sjølv er eg ikkje heilt sikker på om e mestrer denne stilen heilt, uansett her er mitt bidrag.

Blekk: distress ink- tattered rose, old paper, walnutstain, versacolor-rolyal blue. Papir: sitrongul brazzill, lyseblå kartong, kalenderside, ark med gammal tekst, kvit kartong og ferdig kort. Annet: rubons frå ett trykk, blomster, stickers frå panduro, crackel papint- old paper.
Tusen takk for alle hygelige kommentaerer og helsinger, dessverre har eg ikkje tid til å besvare alle. Kjempe koselig å få sånn tilbake melding på det eg lager.

tirsdag 13. januar 2009

Carolines blogcandy

Caroline feirer det nye året med ein blogcandy. Mykje flott å vinne der vis du deltar.

Candyen varer til 14.januar kl 1800.

torsdag 8. januar 2009

sukkersøt #22, skisse#6

Tid for ny sukkersøt, og dette blir min første i år.

Eg har valgt å fortsette å drodle og teikne. Har teikna eit anna tre denne gangen. Og eg har valgt å ikkje bruke anna enn papir, farge og embossing på kortet. Eg har hatt på litt diamond glaze for å få litt spenning i overflata. Også denne gangen har eg brukt liquid masking film.

Blekk: distress ink- walnutstain, peeledpaint. Papir: mønsterpapir kjøpt på den lokale hobbybutikken, brun brazzill, akvrallpapir. Annet: embossing-tusj, svart tusj, liquid masking film, diamond glaze.

Art pieces- Utfordring #2 09 Winter memory

Gikk ganske fort før neste utfordring hos art pieses også var gjort... Denne gangen ville dei sjå vinter minnene mine. Mitt vinter minne er snø og kaldt vær, skikkelig "winter wonderland".

Siden eg alt var litt inni drodle-verden, så har eg drodla litt her også.

Stemepl: ukjent. Blekk: distress ink: faded jeans, broken china, versamark. Papir: lyseblå kartong, raud kartong. Annet: svart tusj, svart, kvit og transparang med glitter embossing pulver, lee plume tusj-cherry

Artsy, utfordring #3-drodling

Artsy er ein utfordringsblogg som utfordrer enn til å bruke forskjellige teknikker eller bli inspirert av nokon. Denne gangen ville dei sjå drodling. Drodling er ikkje akkuratt noko eg bruker så mykje av på mine kort... Derfor syns eg dette var ein spesielt spenande utfordring.

Eg prøvde fyst på litt drodling på eit kopiark for å sjå kost eg kunne gjøra det, men fant ut at for mykje swirler på fri hånd ikkje var noko eg var spesielt flink med. Derfor vart det eit tre i stede med litt "swirler" rundt. Eg har også brukt flytende maskering, Liquid masking film, og div distress for å få fram dei forskjellige flatene. "Swirlene" rundt har eg også lagd ved å påfre med pensel og teikne med tusj etterpå. Dette er nok ein teknikk eg kjem til å bruke meir, moro med meir personlig utrykk.


Blekk: distress ink: faded jeans, firded brick, broken china, peeledpaint. Papir: ferdig kort, svart kartong, akvarellpapir. Annet: tusj, sminke svamp, liquid masking film.
Takk for alle koselige kommentarer.

onsdag 7. januar 2009

Kom over ein ny blogg i dag...

... med ein ganske personlig stil og bloggcandy! Og ja, vi elsker bloggcandyer jenter og gutter? Marias papirrot fyller 2år og feirer med ei scrappepakke. Link dere inn og ta ein titt på hennes unike stil i samme slengen.

Candyen avsluttes 17. januar.

tirsdag 6. januar 2009

EG VANT!

EG ER SÅ GLAD! EG ER EIN AV DEI 15 VINNERNE I SUKKERSØT`S ADVENTSKALENDER UTFORDRING! JIPPI! *Hopper og spretter på stolen og jubler!*

Gleder meg til å sjå kva som kjem i posten.

Gratulerer til dei 14 andre som også vant.

mandag 5. januar 2009

Min første Atc.... Utfordring #1 09

Dette er min første ATC (art trading cards), og min føste til utfordringsbloggen art pieces. I denne utfordringen ville dei sjå mine ønsker for 2009, og mitt ønske er å være meir kreativ og då er nettopp denna utfordrings-bloggen kjempe fin.

Moro å bare la kreativiteten flyte og lage eit lite kunstverk som dette. Skikkelig artigt var det!
Stempel: paperbagstudio. Blekk: distress ink: weathered wood, versamark, div alkoholblekk, versacolor-royal blue. Papir: div rester: brazzill, glossy kartong, kopipapir, vellum. Annet: sølvtråd, bånd, embossingpulver: kvitt og turkis.

søndag 4. januar 2009

Mine to fyste kort i 2009, til sukkersøt`s adventskalender. Rakk akkuratt å lage to kort til før fristen gikk ut.

Dette kortet er til 16.desember oppgåven. Dei ville sjå kort med masse stjernener.

Stempel: ladybug and friends. Blekk: distress ink-walnutstain, versacolor- black, versacraft-cerulean blue. Papir: mønster rest frå paperbag studio, div rester. Annet: chipboard frå cosmo cricket, scrappersfloss, akrylmaling, kvit penn.


Og her er kort nr 2, 12.desember. Der dei ville sjå kort med masse hjerter på.
Den oransje bakgrunnen er av alkoholblekk (rester), eg har limt på bitte små hjerter i sølv og raudt. Dessverre vart det vanskelig å sjå. Swirla er frå ladybug and frindes.


Stemepel: Ladybug and friends. Blekk: div alkoholblekk, versacolor- black, rolyal blue. Papir: lyseblå kartong, foto papir, glossy kartong, div rester. Annet: charms, dies frå Qk, bånd, scrappersfloss, chipboard frå panduro.

Scrapping the music-norge- ny sukkertøy

Scrapping the music- norge har eit nytt sukkertøy som du kan delta på i bloggen sin.

Den varer til 13.januar.

Første utfrodring kjem 7. januar!

torsdag 1. januar 2009

Topp 10 2008

Her er mine topp 10, ikkje i rekkefølge eller nummerering. Bare for moro og for å oppdatere året.

Moro med ting som skal kastest og som kan bli noko unikt, og som kan leve videre gjennom min kreative side. Som denne tomme te-boksen som vart ein gave pose.

For alle gaver som glede hos motakeren og som gir meg glede å lage.






For alt som er 3-dimensjonalt og som enn kan dekorere med papir og anna.



Sånne kort må eg lage meir av og fleire Hanglar stempel må koma inn i min samling.






For mitt første kort i ett trykk. Det er sikkert vanlig for dere dyktige scrappere, kortlagere og stemplere, men for meg var det stort. Og kjempe moro å sjå eit av mine egene kort på trykk.






For den personlige looken, og nye ideer.






Ein blanding av det moderne og det meir naturlige, og for dei utradisjonelle fargene.







Dette kortet er for meir lag på lag og collage-teknikken.





Dette kortet fordi det er typisk vintage motiv og fordi eg lika dei sjølvklebende etikettene fra panduro. Er også fyste gang eg prøver meg på lollipop-blomster, noko som eg ennå er vanskelig å få til.






Dette kortet fordi eg syns bakgrunnen på det er så flott, mitt fyste forsøk på marmorering. Eg er ikkje heilt sikker på om det vart sånn som eg hadde forventa eller tenkt det skulle bli. Alikevel syns eg denne bakgrunnen vart kjempe flott.







Dette kortet fordi det representerer alle andre kort som ikkje er kvadratiske og rektangulære. Og for alt det kreative.







Og no oppfordrer eg andre til å gjøra det samme.