fredag 30. januar 2015

Barley Hat

Eg lot meg inspirere av Tante Ull og hennes Barley hat. Dette er den siste julegava eg strikka i år. Det var moro å strikke og eg liker vrien med det vrange feltet og fellinga i toppen.

Eg kasta meg ut i strikkinga, uten å lese oppskrifta noko særleg, bare strikka i veg. Første feilen eg gjorde var å ha feil maskeantall på det vrangepartiet. Det var mykje større enn det som stod i oppskrifta. Den andre feilen var at eg tydeligvis har bomma på størrelsen i forhold til maskene, for fordelinga av masker når eg skulle felle vart feil. Det gikk greit det, eg bare tilpassa etter det maskeantallet eg hadde. Feil nr tre er at eg ikkje målte lua undervegs og eg tenkte i vertfall ikkje på kva mottaker likte av lue lengder. Den vart jo alt for lang. Så denne lua blir nok ikkje ein av favorittene, godt at den ligg i kurven sånn at eg kanskje kan låne den da. ;-)

Sånn ellers:
Oppskrifta er enkel å følge (selv om eg ikkje leste den godt nok), sjølv om den er engelsk. Lua blir kul, og den kan tilpasses mottaker.



Pinne:
Garn: Nepal, nydelig blåfarge.
Vekt:
Oppskrift: Barley hat, ravelry.

torsdag 29. januar 2015

Eggvarmere

I fjor strikka eg eggvarmere i julegave til mamma og pappa. Eg rakk bare strikke 7, så eg følte det vertfall mangla to til. I og med at eg ikkje fant på noko å strikke til pappa  i år, fant eg ut at han kunne få to eggvarmere til.
Pinne: 3
Garn: Rauma Finull
Vekt: 2g pr stk.
Oppskrift: Egen , her. 

fredag 23. januar 2015

Raggsokker


Eg strikka vanlige raggsokker til broren min til jul. Heilt vanlige sokker med ribbestrikk og forsterka hæl.

Eg strikka bråtet litt for kort. Det var litt dumt, men då veit eg det til neste gang. Han presiserte også at han likte sokker med lange brot. Garnet eg strikka i er robust fra sandnesgarn. Det kjentes godt og mjukt ut, men eg syns det var litt kunstig å strikke med. 
Sokkane vart tatt i bruk 1.juledag, så han var tydeligvis fornøyd. Bare håper dei holder seg i bruk, han er flink til slite sokker...

Eg fikk ikkje tatt nokon ordentlige bilder av dei i jula, men dei eg har er bedre enn ingenting. 


Pinne: 3
Garn: Robust
Str: 44
Vekt: ca 100g.
Oppskrift: vanlige sokker.


tirsdag 20. januar 2015

Melkers hentejakke

Det skulle koma ein liten baby i familien i romjula, derfor ville eg strikke eit baby sett i julegave til foreldrene. Eg hadde alt strikka votter og djevel lue til settet, men jakka mangla. Eg valgte jakka i Melkers hentesett fra Pickles. 

Eg strikka den i dobbel babygarn fra Rauma. Den strikkes ova fra og ned. Det er ein grei måte å strikke jakke på, men eg syns aukinga på jakka ikkje vart så bra. Eg var også litt missfornøyd med fargene eg strikka den i, så eg pynta den med litt rustrosa. Eg syns det vart bra når eg gjorde det, men er litt usikker på kva eg syns no. 

Jakka passer godt sammen med djevellua eg strikka tidligere og vottene eg har strikka før. 

Pinne:
Garn: Rauma Baby garn
Vekt:
Oppskrift: Her.

lørdag 17. januar 2015

Hals i burgunder.

Til mamma sin bursdag i desember strikke eg ein hals. Eg ville at ein hals som var lang nok til å gå opp til haka og den skulle bre seg ut over skuldrene under jakka. Og slik vart den.


Eg strikka uten oppskrift, men hadde ein klar tanke på korleis den skulle bli undervegs. Eg la opp masker og strikka 2r,2vr til ønska lengde på det som skulle ligge rundt halsen, så begynte eg å auke når eg var fornøyd med lengda på den. Då auka eg først i dei rette partia og så i dei vrange partia til eg var fornøyd med vidden på den. Eg avslutta med å strikke den siste kanten med 1tråd i burgunder og ein i svart for å markere kva som er ned. Garnet eg strikka med er 50%ull og 50% alpakka så den burde være varm og god. På grunn av forskjellig tykkelse på garnet, valgte eg å strikke den med dobbel tråd.
Det viste seg at den vart akkurat passe, den kom godt ut over skuldrene og var akkurat passe lang. Den skal nok varme godt under jakka tenker eg!


Pinne: 5 (?)
Garn: Drops 3 i love u. Dobbeltråd. Burgunder og ein liten rest svart.
Vekt:
Oppskrift: Egen.

onsdag 14. januar 2015

Selbu votter

Kjæresten ønska seg selbuvotter til jul. I og med at han har fått svært lite strikka av meg, så ville eg strikke votter til han. Han var med å plukka ut farger som han likte. Raud, mørke blå og kvit. Først var eg i tvil, men no når dei er ferdige er eg fornøyd med korleis dei vart.


 Oppskrifta fant eg i eit av sandnes sine hefter, det er nokre votter inni mellom også. Eg strikka herrestørrelsen, men syns nok dei vart litt smale i størrelsen. Dei var lett å strikke, men eg liker ikkje at mønsteret er litt for enkelt i forhold til dei mønstera eg normalt strikker.

Raud mot blå er ikkje farger eg bruker så mykje, men det er dei som gjør heile votten syns eg. Raud er noko eg brude strikke meir med....
Garn: 3 tråds rauma finull.
Pinne: 3 og 3,5
Vekt: 100g
Str: Herre.
Oppskrift: Sandnes klassikere, nr 15-voksen

lørdag 3. januar 2015

Stripete raggsokker #2

Ei av julegavene i år var desse sokkane. Søskna ønska seg strikka sokkker i år, så det måtte dei få begge to. Egentlig ingen hokuspokus å strikke vanlig ribbestrikk med forsterka hæl og striper. Striper er jo moro å strikke, og artig å lage forskjellige kombinasjoner. Mottaker syns dei var stilige fikk eg tilbakemeldig om. 
 Lange bein, men merka lite til det når eg strikka striper. Dei grønnestripene bryter dei raude stripene opp og gir ein artig kontrast. Eit triks når man skal strikkesokker, er å strikke dei parallelt sånn at dei blir like.
Garn: Rauma Raggegarn (Tasseladd)
Pinne: 3
Vekt:
Str: 44.
Oppskrift: Raggsokker med forsterka hæl, 48m.

torsdag 1. januar 2015

Året som gikk: 2014

Her kjem ei lita oppsummering av året som har gått i bilder og tall.

Slik såg 2014 ut i bilder:

Restagarnsprosjektet:


Julegaver:

Eg strikka:
20 Luer
7 par Votter (1par pulsvanter)
1 Jakke
3 Gensere
4 par Sokker
1 sjal
1 Hals
1 Baby jakke

Totalt blir det 38 prosjekter. Fra i fjord er det ei auking med 17 prosjekter.
Av dette har eg strikka opp 4088g med garn som tilsvarer 11312,6 meter i lengde.


Dette bør eg strikke meir av:
  • Sokker- sokkeskuffen min er fortsatt veldig tom.
  • Gensere/jakker - deilig med plagg som holder ein varm og som ingen andre har. Til meg sjølv og kanskje til kjæresten?
Ellers:

Eg strikker alt for lite til meg sjølv, alt for mykje kjem i gavekurven. Kjæresten er sterkt nedprioritert, bortsett fra når det kjem til antall luer han har. Det bør kanskje endres på?