torsdag 18. september 2008

Gratulasjonskort til svigermor.

Min kjære svigermor har bursdag i helga og då måtte eg jo såklart lage eit kort til henne. Det at ho er glad i naturen er ingen hemmlighet, så då vart det eit "skog" kort.
Eg har brukt alkoholdblekk for å lage denne bakgrunnen, den ser ut som ein mosedott. For å påføre alkoholblekket har eg brukt ein møbelknott, derfor har eg også fått med litt svart tekstur som gjør at det ligner mose endå meir. Det kvite og blanke er Diamond Glaze som har bobla seg. Dette gir ein glass aktig efekt.

Stempel: trær -wispers. Blekk: Alkoholblekk: Lettuce, Meadow og Slate. StazOn- jet black. VersaColor- Olive. Papir: Brazzil: Mosegrønn, og lyse grønn, svart kartong, kvit glossy kartong. Annet: Svart sytråd, grønne perler, Qk stanser, Diamond Glaze, svart tusj.

Ingen kommentarer: