mandag 31. desember 2012

2012

...har bydd på glede, sorg, flotte opplevelser, klemmer, ord, omtanke, familie, nye venner og bekjent, studier, Hafjell, Valdres og mange mange flotte minner som eg skal ta med meg videre inn i 2013.
Godt Nyttår alle sammen! Måtte det nye året bli like rikt og flott som det gamle!

søndag 30. desember 2012

Egenkomponerte "Valdres-votter"

Dette er enda ein julegave. Ein av brødrene mine ønska seg strikka votter til jul. Eg gav han bøker og hefter å titte i, sånn at eg kunne få ein idee om kva han ønska seg. Det endte med at eg tok deler av mønsteret til Valdreskofta (finnes i sandnes klassikere heftet) og tegna ut av det. Ein skikkelig Valdresgutt, må jo ha ordentlige valdres-votter! Moro å lage votter på den måten. Det gav meir smak!

Vottene blei godt mottatt og blei fort tatt i bruk. Kanskje det blir fleire slike votter seinere??

Vottene har eg strikka med Per Gynt garn fra Sandnesgarn i ofwithe og svart, på pinne 3 og 3,5. Det gikk med nesten 2 nøster kvitt og i underkant av 1 nøate svart.





lørdag 29. desember 2012

Gryteklut-byttering: Gryteklut #2

Her er den grytekluten eg hekla til bytteringen i desember. Eg valte temaet "o jul med din glede".
Valte å hekle den enkel, bare kuler og enkle border.

Eg har som vanlig hekla med Muskat bomullsgarn fra Drops og pinne nr 3.



onsdag 26. desember 2012

Ipadcover

Ein av årets julegaver var eit ipadetui. Eg har komponert mønsteret sjølv med inspirasjon fra her og der. Den skulle passe ein mini-ipad, og eg tenkte den måtte være tett strikka og strikka i garn som er litt tjukt. Eg er fornøyd med det første utkastet, for det blir nok fleire. Må strikke ein til min egen ipad også!

Eg har brukt pinne nr 3, og grått Petunia bomullsgarn fra PT og kvit bomullsgarn fra Solberg Fiol. Kombinasjonen mønster og garn, gav eit solid og elastisk etui som kan vaskes på 60grader.
Foreløpig er det ingen låsing på den, men eg har tenkt å lage ei løsning på det.

mandag 24. desember 2012

mandag 17. desember 2012

Prøvelapp

Av og til må det strikkes prøvelapp. Uansett kor kjedelig det kan være. Denne gangen viste det seg å være svært nyttig. Prøvelapper kan spare mykje arbeid og gi nyttig kunnskap om strikkefasthet, pinner og garn.

Det eg hadde i tankene etter denne prøvelappene er på pinnene. Vellykka så langt, men kan ikkje vises før etter jul.

To be continued!

mandag 10. desember 2012

Gryteklut-byttering: Mottatt #2

Her er bilde av grutekluten eg fikk tilsendt inpisten for november. Denne gang var temaene "Flower Power" og "Hei hå, nå er det jul igjen". Annepålandet sente meg ein skikkelig julegris, som no henger på kjøkkenet mitt og smiler. Den har også hale på baksida.

lørdag 24. november 2012

Øyeblikk #3

Nye små øyeblikk eg deler på instagram. Bruker navnet er solas06.



torsdag 15. november 2012

Gryteklut-byttering: Mottatt #1

Her er den første grytekluten eg mottok i gryteklut-bytteringen. Denne er for oktober, og temaet er sommerminner.
Denne fikk eg tilsendt av Myrtell (ravelry link). Dem er sommerlig og fin. Artig med gryteklut som ikkje er hekla av meg sjølv.

tirsdag 6. november 2012

Gult er kult!

Gult kan jammen meg være gult. Nei, meiner kult! Eg har hekla den samme brikka som tidligere, med samme oppskrift, men med anna garn og i anna farge. Eg likte oppskrifta så godt at eg gjerne ville hekle meir av den. Det er skjeldent! Denne brikka skal få lyse opp mørke kvelder til det er på tide å finne fram julestasen.

Denne gang brukte eg bomull sport fra gjestal og pinne nr 3. Denne vart litt "slappare" enn den ansre eg gar hekla.

Denne brikka skal få lyse opp mørke kvelder til det er på tide å finne fram julestasen. Og kven veit kanskje det blir fleire til den tid?

onsdag 31. oktober 2012

Gryteklut-byttering: Gryteklut #1

No kan eg vise fram den første grytekluten eg hekla til gryteklut bytteringen eg er med i på Ravlery. Denne grytekluten skulle eg sende til Torirot. Bildet har eg også lånt fra henne.
Temaet for oktober byttinga var "sommerminner" og "gammel og god". Eg valte "sommerminner". Blomstene eg hekla har eg sydd på og brodert på kjernen. Ellers har eg brukt gryteunderlag-oppskriften til Bad Monkey som grunn oppskrift. Eg har også hekla kjedemasker rundt, sånn at dei blei liggende oppå. Eg hekla  den dobbel i to deler som eg hekla sammen, så denne grytekluten er skikkelig tjukk og god. Ingen fare for å brenne seg. Den er også ganske stor i og med at eg liker gryteklutene litt store.

Hekla med Muskat fra Drops og pinne nr 3,5.

Eg gleder meg til å få grytekluter i posten og glede andre med mine.

søndag 28. oktober 2012

"Et sokkemysterium" - Ferdig!

Endelig har eg fått gjort ferdig begge sokkene. Ting tar tid, men sånn er det bare. Dei var artige å strikke. Flott mønster. Lærte nokre nye ting , bla hællen er spesiel. Det er Bitta Mikkelborg som har komponert oppskrifta. Ho lager virkelig flotte mønstre. Skal strikke meir av hennes design.


Det fleirfarga garnet gjør at sokkene blei ganske ulike, sjølv med samme utgangspunkt. Eg valte å strikke deler av foten i ein farge, for å bryte det litt.
Mønsteret kjem godt fram syns eg. Dei sitter godt på foten og er gode på. 
Eg har strikka med sisu og fabel på pinne 2,5. Her kan du sjå meir om mysterie sokkene og her finner du facebook sida til Bitta Mikkelborg.

onsdag 24. oktober 2012

På pinnen #2

Det blir bare kaldere og kaldere ute. Eg fryser, spesielt om morgoen. Derfor fant eg ut det var på tide å strikke ferdig pulsvantene eg lenge har hatt på den berømte lista...

Oppskrifta eg bruker er fra bloggen Badegakk, linker når dei er ferdige. Eg strikker i sandnes mini alpakka på pinne 3. Fargen er ensfarga, mørke grå.( bildet er redigert, derfor fargen).

lørdag 20. oktober 2012

Øyeblikk #2

Deler nokre små øyeblikk igjen... Du finner meg på instagram, solas06.

onsdag 17. oktober 2012

Spanande garn.

Eg syns det er spanande med litt anba garn enn det dei tradisjonelle norske garnbutikkane fører. Fint det dei fører også, men spanande å finne noko nytt.
Dette garnet fant eg på Husfliden i Poragrunn. Det er ein type dansk alpakka garn fra BC garn. Anbefalt pinne størrelse er 4 1/2. På kvert hespe (100g) er det ca 500m med garn.

Nokon som har vært borti det?

Planen er at det skal bli ein genser etterkvert.

mandag 8. oktober 2012

Litt gryteklut-inspirasjon


Eg har meldt meg på gryteklut-bytteringen 2012. Den første grytekluten skal sendes i løpet av oktober. I den forbindelse tenkte eg det kunne være fint med litt forskjellig inspirasjon.
  
Stor blomst.                                                 Yarn eater.

 
Blomst:                                         Gamle grytelapper:

 


Fargerike grytelapper.                             Katt.


 

Bobler.                                                                 Fem-kant.

 
Eple.                                                               A`la Farmor.



torsdag 27. september 2012

"Et sokkemysterium" #2

 Eg strikker videre på sokkemysterie. Til no har eg strikka clue 2 og 3. Det er moro å sjå korleis dei utvikler seg etter kvert clue. Bitta Mikkelborg lager flotte oppskirfter som er godt forklart. Eg har strikka lite mønster på denne måten, og regner meg selv som nybegynner på dette. Derfor er det bra at oppskrifta er så godt forklart.

Her kan du lese om clue 1 og lese meir om facebookgruppen.

Mønsteret synes litt her, men det syns bedre etter at sokken blir strekt litt og brukt. Det er tøft med fleirfarga garn.
Hælen har eit flott mønster som er ein variant av forterka hæl. Det gir sterke hælkapper. Absolutt noe eg kjem til å strikke meir av på andre sokker.

No må eg strikke clue 4... Blir spennande å sjå korleis den blir etterhvert.

tirsdag 25. september 2012

Øyeblikk

Små øyeblikk. Du finner meg på instagram, solas06

tirsdag 18. september 2012

Gryteklut-byttering 2012

Eg er med! Er du??

Her kan du lese regler og melde deg på.

torsdag 13. september 2012

"Et sokkemysterium"

Eg er med i gruppa til Bitta Mikkelborg på Facebook, Bittamis Design. Der er det sokkemysterium på gang, og del 1 er lagt ut. Eg har aldri deltatt på sånne strikkemysterium før, og tenkte det kunne være artig å være med. Så langt er mønsteret kjempe fint. Eg har valt å strikke mine med pinne 2,5 og 3, i Fabel nr 803 og svart. Det mulitfarga garnet, har nesten godteri farger på seg. Eg bruker samme type farge på begge, men fargene begynnte forskjellig. Eg syns det er litt artig at dei blir forskjellige. Likevel blir fargene gjentatt nok til at dei blir eit par.

Det blir spennande å sjå korlies resten av sokkene blir.... Neste clue kjem alt i morgo.

tirsdag 11. september 2012

Retro Votter



Eg falt pladask for dette mønsteret når eg såg det i Familien. Skikkelige retro blomster, som dekker heile hånda. Som lyser opp i ein kald vinter. Oppskriften vart publisert i Familien nr 3, likevel tok det litt tid før eg fikk strikka dei. Sånn er det! Ting står i kø, strikkekø. Her kan du sjå orginalbildene som også var i bladet. Eg trur ikkje det blir pannebånd, syns vottene var finest.

Eg har strikka med pinne nr 3 og Rauma fin ull. Kvit og burgunderrød. Burgunderrød er ein av haustens motefarger, så desse vottene glir rett inn i motebildet. Det gikk med 50g kvit og ca 1/ 2 nøste med burgunder. 
Litt usikker på om dei blir å sjå på mine hender ut over hausten eller om dei blir ei gave.

Eg sliter fortsatt litt med ujevnheter i