onsdag 18. januar 2012

Akkurat no...

... Har eg dilla på å strikke votter med flotte mønster. Det er kjempe moro! Så moro at eg har heile tre vottepar på gang. Typisk meg med andre ord; kaste meg over nye prosjekter før eg er ferdig med det eg alt holdt på med. Tidligere hadde eg ei lita dille på sokker, så det er vel ei sånn periode igjen no.

Vott nr 1, fra venstre: Strikker eg fra denne oppskriften av Jorid Linvik, i Rauma garn og pinne nr 3. Det går smått, men det er eit kjempe flott mønster.

Nr 2: Er strikka etter eit Dalemønster, nr 21917 i tilbehørheftet. Eg strikker i heilo med pinne nr 3. Denne votten har eg bare igjen å felle tuppen på, strikke vott 2 og strikke tommeler.

Nr 3: Er strikka etter eit Raumamønster, Englevotter til jente i str 8-10år. Dette er eit "forsøk", som eg kjem til å fortelle meir om seinere. På denne votten strikker eg i Freestyle frå Dale. Eg er ikkje sikker på om eg strikker to votter av denne i og med det bare er eit "forsøk".

Så får vi sjå kven av parene som blir ferdig først! Det er jo kjedelig med enslige votter og ikkje par, og ikkje minst uferdige prosjekter i garnkurven.

Ingen kommentarer: