lørdag 1. februar 2014

Vinterland: Projo-vottealong: Desember

Desembervottene i alongen vart ferdig i desember, nyttårsaften for å være eksakt. Eg har ikkje fått tid til å legge dei ut her og feste alle tråder før no.
Oppskriften er vinterland av Wenche Roland.
Eg valte ein gråblå farge som bakgrunn og kvit som kontraster, menst fordi eg ville ha den vinterstemningen som vottane beskriver. Eg syns ikkje at mønsteret gav meg så mange muligheter til å sette personlig preg på dei, anna enn å velge ein bakgrunnsfarge som er litt lysere. Likevel syns eg dei vart flotte i den lyse fargen.
Vottane vart små og smale i det garnet og pinnestørrelsen eg strikka dei i.
Eg valte å strikke fleire snøfnugg enn i oppskrifta og nokre av trea vart litt lenger, dette fordi eg ville ha kortare fargeskift.

Vottane fortjente eit skikkelig snø bilde!

Pinne: 2,5
Garn: Rauma Fin ull
Vekt: 68g
Oppskrift: Ravelry. 

Ingen kommentarer: