tirsdag 27. oktober 2009

I`m singing in the rain...!

Dette kortet lagde eg i sommer, inspirert av regnet som var då. Men treige meg har ikkje vist det fram her før no...
Hoved motivet har eg fargelagt med promarkers og dekorert regndråpene med glitterlim. Eg har lagd ei ramme av brazzill og blonder frå panduro. Syns det mønsterpapiret er så søtt! Det passer så fint til sånne friske farger som eg har brukt på dette kortet syns eg.

Hovedmotivet har eg påført glitterlim og liqid perls.

Eg har festa bådet med stifter som gir det eit litt meir røft uttrykk. Kakeservietten er sværta med gult og brunt blekk, deretter har eg påført crackle paint på kantene. Kantene på kortet har eg også distressa.
Eg har dekorert kortet med svarte mosaikksteiner og svart stickers for å røffe kortet litt meir opp. Eg syns at kakeservietten gir kortet eit meir feminintpreg og syns derfor det svarte står i sterk kontrast til kakeservieten.

Stempel: Edwin i regnet- Magnolia. Blekk: archival ink- jetblack, Distress ink- black soot, antique linen, Brilliance- sunflower yellow. Papir: gul og blå brazzill, mønster papir frå american crafts, akvarell papir. Annet: mosaikk steiner, kakeserviett, div bånd, dies frå qk, promarkertusjer, div bokstav stickers, kvit pen, glitterlim, crackle paint-picked fence, blonde, svarte bord stickers, liquid perls- withe opal.

Ingen kommentarer: