fredag 9. oktober 2009

Den fyste snøen...


Denne veka har eg hatt haustfeire, den begynte med snøfall her i Valdres. For meg er det like stas med det første smnøfallet som då eg var liten... Eg, brødrene mine, Kjæresten min og Chanin fant vegen ut i snøen og leika, tok bilder og kasta snøball. Kjempe moro, og store glis og raude i kjakane kom vi inn igjen. Her er nokre bilder.





Chanin syns det er kjempe moro med snø!

Verden blir så rar i den kvite drakta. Forde om ho har opplevd vinteren før, er det like moro med snø no. Kjempe moro med alle luktene som gjymer seg under snøen.






Også må eg fortelle at eg har vinni igjen då... denne gangen hos that`s just so cute med cute tip. Her kan du sjå premien og utfordringen. Her er mitt tips.

Ingen kommentarer: