mandag 19. mai 2014

Restegarn: Dots lue

Del 4 av serien med restegarn.
Denne lua var ein av dei første luene eg strikka i restegarnsserien. Eg såg for meg å bruke opp alle restene av Drops Merino Extra Fine, men så oppdaga eg at eg hadde mykje meir av det garnet enn til bare nokre luer. Så det vart med å bruke opp nokre rester eg ikkje hadde fått brukt til noko anna. 
Eg hadde lyst til å strikke noko med prikker på, og når eg satte meg ned for å tegne vart det skikkelig polkadots.

 Eg strikka mønsteret til eg syns lua var lang nok, strikka dei små dotsa og felte av i toppen. Lua vart litt liten, men passer nok til ei jente. Kjekt å ha litt liggande i gave eska.
Eg kjem nok til å strikke ei lue som er litt større og prøve å få dota med lenger opp, mulig eg også må finne ein anna måte å felle toppen på enn denne. Håper det kan bli eit mønster etterkvert.
Pinne: 4
Garn: Drops Merino Extra Fine
Vekt: 69g
Oppskrift: Egen.

Ingen kommentarer: