onsdag 18. mars 2015

Restegarn: Bricks

Del 15 av serien om restegarn. 

I mangel på noko nytt å vise får det bli ei lue til. Det går veldig mykje i luestrikking om dagen, syns det er greie sånne innimellom prosjekter.

Eg hadde tenkt på eit mønster ei stund, men ikkje fått tegna det ned eller strikka det. Så når eg fant nokre rester med nepal i lageret var det bare å sette i gang. Det resulterte i denne lua, som eg har valt å kalle Bricks. Den minner meg om mursteiner som er stabla oppå kverandre i eit system. 


Lua var veldig enkel å strikke. Eg har ei til på pinne, fordi eg fant meir garn og likte uttrykket på den så godt. Eg har skribla ned oppskrifta vis nokon er interessert i den. 
Nepal har forresten blidt eit av mine favoritt garn. Mjukt, passe tjukt og fine farger. I tillegg er det mest ull i det. Eg kan nesten ikkje be om meir trur eg. Anna en at eg må strikke meir med det og gjerne strørre ting en luer...


Garn: Nepal
Pinne: 4 og 5
Vekt: 78g
Oppskrift: Egen.

1 kommentar:

Hanne sa...

Kult mønster. Veldig kjekt å få brukt opp litt restegarn.