fredag 26. desember 2014

Barne sokker

Ei av julegavene i år var eit par barne sokker i str 4år. Eg ville gjerne strikke sokker til ei lita jente som eg tenker trenger sokker i barnehagen. Derfor tenkte eg at sokker måtte være fint.

Eg strikka med dobbel tråde, og vart fornøyd med korleis fargene vart på den første eg strikka. På den andre måtte eg nøste meg fram til dei svartepartia sånn at dei skulle koma på omtrent samme plass. 

For at dei ikkje skal være for glatte å gå med tok eg på "antigli". Husker ikkje kva det heier, levert av reggia på flaske.


Garn: Fabel, farge 543, rød/oransje.
Pinne: 3
Vekt:
Str: ca 4år.
Oppskrift: Blanding av forskjellige oppskrifter.

Ingen kommentarer: