mandag 11. august 2014

Litt luksus sjerf

Så var enda ein UFO ferdig. Ikkje det mest spennande strikketøyet for å være heilt ærlig, men greit å ha noko enkelt å strikke på når ein ikkje kan være så konsentrert på mønsterstrikk.

Eg brukte oppskrifta til Pickles- Litt luksus sjerf, og strikka til eg var lei. Eg burde kanskje ha strikka det litt større for eg syns det vart litt for smalt. Eg får knytta det, og det er det vikitigaste. For å lage min egen vri, slapp eg ned to masker sånn at det vart litt kontraster. Eg strikka med to forskjellige garn for å gi det ein spraglete effekt.

Pinne: 7
Garn: Drops Alpakka (lys turkis) og Sky fra DSA (petrol).
Vekt: 99g
Oppskrift: Fra Pickles her.

Ingen kommentarer: