søndag 19. januar 2014

Julegave #3- Topp med v-hals.

Denne oppskriften har eg tenkt å strikke lenge. Så enkel og et så godt utgangspunkt for personlig vri. Oppskriften fant eg i eit idee-hefte som eg handla ein sommer. Eg satte oppskrifta med ein gang opp på strikkelista mi. Den passer like god til sommer som vinter, bare forskjellig garn til forskjellig tid og bruk. 
Så fant eg ut at den kunne bli ei utmerka julegave og at det passa å strikke den i Kauni. Lett ullgarn som ikkje er for tett og tung. Ypperlig å bruke som vest eller som topp inni ei jakke eller under ein genser. Det holdt akkurat med eit stort nøste  kauni på pinne 3,5, måtte ha litt ekstra garn, så valget falt på ein litt mørkere brunfarge i Rauma Finull. Eg syns at det gav karakter til toppen. Eg la opp til str S, men såg at den kom til å bli for vid for mottakeren vis eg følgte fellinga som stod i oppskrifta (dette har nok med at eg valte eit anna garn enn ambefalt), derfor felte eg oftere for at den skulle bli smalere. Eg strikka den også litt lenger, før eg delte og strikka det som vart v-halsen. Mottakeren er fornøyd!
Bildene er tatt i desembermørket, før gaven vart sendt av gårde. 

Pinne: 3,5
Garn: Kauni (150g): farge NN5, og litt Rauma Fin ull
Vekt: 155g
Str: S.
Oppskrift: Fant oppskrift i Allers ideer, sommer.

Ingen kommentarer: