onsdag 31. desember 2014

Desember

Desember er eksamen og julegave månenden. Eg ni strikka julegaver i mellom slagene med eksamen. Eit anna mål eg også hadde var å få ferdig ein del prosjekter denne månenden sånn at eg kunne starte det nye året med mindre UFOer.

Her er julegavene eg strikka. Nokre er vist fram her, mens andre er ikkje vist fram ennå. Luer, sokker, votter, babyjakke og eggvarmere.



Det Mislykka prosjektet. Ein vott som låg ferdig, men som mangla make. Eg strikka nr 2 så fort som mulig. Så haste tova eg dei på hurtigprogram, men dei var fortsatt like store(!). Eg gav dei ei runde til i maskina på 60grader med masse håndkler. Eg tenkte det ville gjøre dei passe... Men i min iver for å få dei tova i passlig strørrelse vart dei alt for små, tjukke og klumpete. Det var ikkje mulig å putte ei hånd inn der uansett størrelse.
Kort prosess, klippa opp, og no får dei eit liv som såler.



I Restegarnsprosjektet har eg komt til lue nr 13, og det er forstatt mange å ta av i kurven som ikkje er vist fram her. Eg har faktisk planer for å strikke fleire til dette prosjektet også i det nye året. Det har nemlig dukka opp meir garn som kan bli luer.

Dette er Litt Cliff Hat som du kan lese om her. 


Eg innsåg at sokkeskuffen min var svært nedprioritert og at eg var lei av å fryse på beina, derfor mått eg begynne å strikke sokker til meg sjølv også. Eg syns det var moro å strikke striper så eg strikka Stripete raggsokker til meg sjølv.


tirsdag 30. desember 2014

Lett lue #2

Enda ei lue, ei julegave. Strikka som den lette lua eg strikka i restegarnsprosjektet i grått. La opp litt fleire masker og strikka inn reflekstråd. 

Garn: Drops 3 love u, burgunder
Pinne: 4,5 og 5,5
Vekt: 42g
Oppskrift: egen

fredag 26. desember 2014

Barne sokker

Ei av julegavene i år var eit par barne sokker i str 4år. Eg ville gjerne strikke sokker til ei lita jente som eg tenker trenger sokker i barnehagen. Derfor tenkte eg at sokker måtte være fint.

Eg strikka med dobbel tråde, og vart fornøyd med korleis fargene vart på den første eg strikka. På den andre måtte eg nøste meg fram til dei svartepartia sånn at dei skulle koma på omtrent samme plass. 

For at dei ikkje skal være for glatte å gå med tok eg på "antigli". Husker ikkje kva det heier, levert av reggia på flaske.


Garn: Fabel, farge 543, rød/oransje.
Pinne: 3
Vekt:
Str: ca 4år.
Oppskrift: Blanding av forskjellige oppskrifter.

onsdag 24. desember 2014

God jul!

Ønsker alle dere der ute ei riktig god jul!

Nydelig himmel sol feirer solsnu.
Siste innspurt på strikkinga før kvelden. Lange føtter, men nærmer meg tåa heldigvis. 

søndag 14. desember 2014

Mislykka

Det er ikkje alltid ting blir som det skal... Dumt å være for ivrrig på tovinga. Dei passer ingen sånn som dei er no vertfall.

mandag 8. desember 2014

Restegarn: Litt Cliff Hat

Del 13 av serien om restegarn.

Eg skulle egentlig strikke Cliff Hat som er ei lue oppskrift eg har hatt lyst til å strikke lenge. Men så leste eg verken oppskifta eller brukte garn som passa, så då bare strikka eg etter lysten. Lua er meir inspirert av den oppskriften enn eg har fulgt den, meir etter min fantasi. Målet var å bruke opp rester fra freestyle lageret, noko eg nesten klarte. 

 Eg syns det var moro å strikke med så mange forskjellige farger, og å sette dei sammen på forskjellig vis. Kvit som bare, og så måtte alle fargane gå igjen minimum 3 ganger. Også i fellinga er det litt mønster.
Lua vart liten. Den passer eit lite damehode, men sånn går det når ein ikkje sjekker måla før ein begynner å felle. Eg kunne nok strikka ein cm eller to til. Uansett, den finner nok ein eiger, inntil videre er det fint å ha den liggande.
Garn: Freestyle
Pinne: 4
Vekt: 76g
Oppskrift: Inspirert av denne oppskriften (Cliff Hat).

fredag 5. desember 2014

Julegavetips

Mangler du inspirasjon til julegavene i år? For nokre år siden hadde eg ein tråd med julegavetips som kan strikkes eller hekles. Tipsene finner du her.




Eit anna tips er eggevarmerne mine som du finner her. 

tirsdag 2. desember 2014

Stripete raggsokker

Sokker er ikkje det eg strikker mest. Eg syns det faktisk kan være litt kjedelig, spesielt til lange føtter. Sokkeskuffen er ikkje akkurat full for å si det på den måten, den er ikkje prioritert. Men eg håper det skal bli ein slutt på det, eg fryser nemlig på føttene. Og det veit eg det er fleire som gjør også, så det må nok strikkes sokker fram over. 

Eg fant ut at det var greit å strikke sokker som er litt tjukke, på pinne 3 og med striper. Striper er motivasjonstrikking og gjør at sokkene blir litt meir enn bare kjedelige raggsokker. To omganger med kver farge på desse, men kan godt variere stripe tjukkelsen eller bruke fleire farger... Bare fantasien som begrenser. Eg strikka forsterka hæl. Mest fordi eg ønsker at sokkane ikkje skal slites så lett, men også fordi eg syns det blir flotte hæler. Dei er gode og varme, alt tatt i bruk og eg har hatt fleire sokker på pinne (følg med).
Garn: Rauma Raggegarn/Tasseladd
Pinne: 3
Vekt: 90g
Oppskrift: Litt Her og Bittas forsterka hæl.

søndag 30. november 2014

November

Hade November! Hei Desember!
I November fikk eg strikka ferdig nokre UFOar og vist fram nokre ferdige ting. Det føles godt å få gjort ferdig nok fra UFO-haugen. Eg fikk også strikka litt julegaver, dei kjem i slutten av desember;)

Nokre av prosjekta eg fikk ferdig var baby votter og lue, som du kan lese om Her og Her. 

Så fikk eg endelig ferdig Soria Moria Vottene som var ein del av Mystery Mittens som Tori holdt gjennom Ravelry. Det kan du lese om Her.

Her er luene eg strikka i restegarnsporsjektet. Faktisk lue nr 11 og 12... Har fortsatt nokre eg ikkje har vist fram her. Stripelua og Boblelua.


Så tok eg eit skikkelig skipper tak og fikk festa alle trådene, vaska og blokka genseren eg har holdt på med ei stund. Eg er skikkelig stolt! Den skal få eit eget innlegg, må bare vente på fotolys og fotograf. 
Ein anna genser eg også begynte å sjå slutten på er Lun Genser. Den er også ferdig vaska og klar til å vises fram i bloggen. 
Det skjer så mykje den neste måneden. Som student betyr desember eksamens tid, og så er er det alle dei andre meir vanlige tings som skal ordnes og juleforbredeleser. Men det gleder eg meg veldig til, og belønninga etter eksamensperidoen er juleferie med venner og familie:)  Desember, eg er klar! 

torsdag 27. november 2014

Mystery Mitten Clue 5 Soria Moria Votten

Endelig er dei ferdig! Dei har lenge mangla tommler (clue 5). Sånn går det når strikketøyet blir forlagt. Bedre seint enn aldri å få dei ferdig. 
 Dei vart skikkelig glade votter, med den gule "sola" som lyser opp. Akkurat det ein trenger i novembermørket. Den gule fargen er meir senepsgul enn knall gul, men det var vanskelig å få fram på bildet.

Eg valte å strikke den minste størrelsen, men med litt større pinner. No angra eg på at eg ikkje strikka størrelsen større. Dei vart nemlig veldig små. Og så vart mansjetten vid. Jaja, det finnes hender dei passer til, og ulla former seg jo etter hendene etter som vottane er  i bruk.
Det var moro å strikke eit av Tori sine mysterier, eg kosa meg heile vegen. Vis du skal strikke dette mønsteret burde du være obs på at framsida og baksida er delt inn litt annerledes enn vanlige oppskrifter, men etter ein stund så gjør det ingenting at den er sånn.
Pinne: 3 og 3,5
Garn: Rauma Fin ull
Vekt: 53g, det går mest av bunnfargen.
Oppskrift: Tori sitt mysterie på Ravlery(tråd) , men er også ein del av vottelaugets "Votter fra eventyrskogen"

Her kan du lese resten av mine innlegg om mysteriet.