Viser innlegg med etiketten sokkemysterium. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sokkemysterium. Vis alle innlegg

søndag 28. oktober 2012

"Et sokkemysterium" - Ferdig!

Endelig har eg fått gjort ferdig begge sokkene. Ting tar tid, men sånn er det bare. Dei var artige å strikke. Flott mønster. Lærte nokre nye ting , bla hællen er spesiel. Det er Bitta Mikkelborg som har komponert oppskrifta. Ho lager virkelig flotte mønstre. Skal strikke meir av hennes design.


Det fleirfarga garnet gjør at sokkene blei ganske ulike, sjølv med samme utgangspunkt. Eg valte å strikke deler av foten i ein farge, for å bryte det litt.
Mønsteret kjem godt fram syns eg. Dei sitter godt på foten og er gode på. 
Eg har strikka med sisu og fabel på pinne 2,5. Her kan du sjå meir om mysterie sokkene og her finner du facebook sida til Bitta Mikkelborg.

torsdag 27. september 2012

"Et sokkemysterium" #2

 Eg strikker videre på sokkemysterie. Til no har eg strikka clue 2 og 3. Det er moro å sjå korleis dei utvikler seg etter kvert clue. Bitta Mikkelborg lager flotte oppskirfter som er godt forklart. Eg har strikka lite mønster på denne måten, og regner meg selv som nybegynner på dette. Derfor er det bra at oppskrifta er så godt forklart.

Her kan du lese om clue 1 og lese meir om facebookgruppen.

Mønsteret synes litt her, men det syns bedre etter at sokken blir strekt litt og brukt. Det er tøft med fleirfarga garn.
Hælen har eit flott mønster som er ein variant av forterka hæl. Det gir sterke hælkapper. Absolutt noe eg kjem til å strikke meir av på andre sokker.

No må eg strikke clue 4... Blir spennande å sjå korleis den blir etterhvert.

torsdag 13. september 2012

"Et sokkemysterium"

Eg er med i gruppa til Bitta Mikkelborg på Facebook, Bittamis Design. Der er det sokkemysterium på gang, og del 1 er lagt ut. Eg har aldri deltatt på sånne strikkemysterium før, og tenkte det kunne være artig å være med. Så langt er mønsteret kjempe fint. Eg har valt å strikke mine med pinne 2,5 og 3, i Fabel nr 803 og svart. Det mulitfarga garnet, har nesten godteri farger på seg. Eg bruker samme type farge på begge, men fargene begynnte forskjellig. Eg syns det er litt artig at dei blir forskjellige. Likevel blir fargene gjentatt nok til at dei blir eit par.

Det blir spennande å sjå korlies resten av sokkene blir.... Neste clue kjem alt i morgo.