Viser innlegg med etiketten hals. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hals. Vis alle innlegg

lørdag 17. januar 2015

Hals i burgunder.

Til mamma sin bursdag i desember strikke eg ein hals. Eg ville at ein hals som var lang nok til å gå opp til haka og den skulle bre seg ut over skuldrene under jakka. Og slik vart den.


Eg strikka uten oppskrift, men hadde ein klar tanke på korleis den skulle bli undervegs. Eg la opp masker og strikka 2r,2vr til ønska lengde på det som skulle ligge rundt halsen, så begynte eg å auke når eg var fornøyd med lengda på den. Då auka eg først i dei rette partia og så i dei vrange partia til eg var fornøyd med vidden på den. Eg avslutta med å strikke den siste kanten med 1tråd i burgunder og ein i svart for å markere kva som er ned. Garnet eg strikka med er 50%ull og 50% alpakka så den burde være varm og god. På grunn av forskjellig tykkelse på garnet, valgte eg å strikke den med dobbel tråd.
Det viste seg at den vart akkurat passe, den kom godt ut over skuldrene og var akkurat passe lang. Den skal nok varme godt under jakka tenker eg!


Pinne: 5 (?)
Garn: Drops 3 i love u. Dobbeltråd. Burgunder og ein liten rest svart.
Vekt:
Oppskrift: Egen.

onsdag 28. mars 2012

Vridd mjuk hals

Eg trenger litt pausestrikk inni mellom det andre eg driver å strikker, eller bare ein unnskyldning for å begynne på noko nytt? Lenge har eg hatt lyst til å strikke ein hals eller eit skjerf til meg sjølv, eg strikker alt for mykje til andre enn meg sjølv. I dag kom eg over denne oppskrifta på Vridd mjuk hals frå Pickles.no.
I oppskrifta er maske antallet 60, men eg valte å tre dobble (180masker) dette og få ein hals som går fleire ganger rundt halsen. Den er så lett og fin i stukturen at eg trur det ikkje vil være eit problem å få det til. Eg strikker med garn eg har i lageret; Sandenes mini alpakka og pinne nr 5 som i oppskrifta. Fargen er mintgrønn. I og med det er ein hals, føler eg at det ikkje er så nøye med strikkefathet i forhold til mål osv. Bortsett fra maskeantallet følger eg oppskrifta til pickles akkurat som den er. Ellers er det uvant å strikke med så stor forskjell på pinner og tråd, men eg blir vant med det.
Kanten ruller seg litt opp, så eg må sjå det an om eg hekler eller syr ein kant rundt. Det blir når eg har strikka den ferdig... Innimellom det store prosjektet eg holder på med:)

onsdag 21. mars 2012

Alpaca og Merino

Denne halsen strikka eg for lenge lenge sea. Den har ligget i ein pose i strikke sakene mine ei stund, og alt som var igjen var å feste trådene. Eg meiner eg har strikka den med dobbel tråd, tynn alpaca fra sandnesgarn og baby merino fra drops i to forskjellige farger. Maske antall hugser eg ikkje, og eg trur eg strikka på pinne nr 4 eller noko. 1rett, 1vrang. Enkel å strikke med andre ord! God æ varm er den også.