Viser innlegg med etiketten vottealong. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vottealong. Vis alle innlegg

torsdag 27. november 2014

Mystery Mitten Clue 5 Soria Moria Votten

Endelig er dei ferdig! Dei har lenge mangla tommler (clue 5). Sånn går det når strikketøyet blir forlagt. Bedre seint enn aldri å få dei ferdig. 
 Dei vart skikkelig glade votter, med den gule "sola" som lyser opp. Akkurat det ein trenger i novembermørket. Den gule fargen er meir senepsgul enn knall gul, men det var vanskelig å få fram på bildet.

Eg valte å strikke den minste størrelsen, men med litt større pinner. No angra eg på at eg ikkje strikka størrelsen større. Dei vart nemlig veldig små. Og så vart mansjetten vid. Jaja, det finnes hender dei passer til, og ulla former seg jo etter hendene etter som vottane er  i bruk.
Det var moro å strikke eit av Tori sine mysterier, eg kosa meg heile vegen. Vis du skal strikke dette mønsteret burde du være obs på at framsida og baksida er delt inn litt annerledes enn vanlige oppskrifter, men etter ein stund så gjør det ingenting at den er sånn.
Pinne: 3 og 3,5
Garn: Rauma Fin ull
Vekt: 53g, det går mest av bunnfargen.
Oppskrift: Tori sitt mysterie på Ravlery(tråd) , men er også ein del av vottelaugets "Votter fra eventyrskogen"

Her kan du lese resten av mine innlegg om mysteriet.

søndag 2. februar 2014

Votteåret 2013

Oppsummeringa av 2013 er forlengst gjort, men eg syns likevel det er på sin plass å vise alle vottane eg strikka. 2013 var nemlig eit votteår for meg. I alt 13 par vart strikka. Mest fordi eg har dilla på mønster og farger, men også fordi eg var med på vottealongen som projo holdt på facebook.

Her er 11 av para eg strikka, to av para gav eg bort i gave før bildet blei tatt, eit par har eg gitt bort i ettertid. Eg er fornøyd og syns det er moro å kunne vise fram ei sånn samling.

Stripeleik som er lengt til høgre har eg tatt i bruk sjølv, ellers har Midnattsol havna hos ei søt jente i Trondheim og Bittamittens har havna hos ei av mine beste venninner i Valdres, Dagny har havna hos ei flott dame i Hamar. 

Resten av vottane kan du sjå nærmare på her. 

lørdag 1. februar 2014

Vinterland: Projo-vottealong: Desember

Desembervottene i alongen vart ferdig i desember, nyttårsaften for å være eksakt. Eg har ikkje fått tid til å legge dei ut her og feste alle tråder før no.
Oppskriften er vinterland av Wenche Roland.
Eg valte ein gråblå farge som bakgrunn og kvit som kontraster, menst fordi eg ville ha den vinterstemningen som vottane beskriver. Eg syns ikkje at mønsteret gav meg så mange muligheter til å sette personlig preg på dei, anna enn å velge ein bakgrunnsfarge som er litt lysere. Likevel syns eg dei vart flotte i den lyse fargen.
Vottane vart små og smale i det garnet og pinnestørrelsen eg strikka dei i.
Eg valte å strikke fleire snøfnugg enn i oppskrifta og nokre av trea vart litt lenger, dette fordi eg ville ha kortare fargeskift.

Vottane fortjente eit skikkelig snø bilde!

Pinne: 2,5
Garn: Rauma Fin ull
Vekt: 68g
Oppskrift: Ravelry. 

søndag 1. desember 2013

Tiddelibom: Projo-Vottealong: Novembervotter


 Så var det tid for å vise fram Novembervottene i alongen til Projo. Denne gangen var det Tiddelibom-vottene til Jorid som stod for tur.

 Vottene strikka eg i Rauma Fin ull og Pt2 rester. Dei er små i størrelse og smale på grunn av ingen tommelåpning, så dei passer nok til små dame hender. Eg valte også å dele partiene opp i fleire farger. Det er tilsammen 6 forskjellige farger. Di var og raske å strikke.
Pinne: 3
Garn: Rauma Finull og PT2 (rester)
Vekt: 51g
Oppskeift: Her.

søndag 24. november 2013

Freja: Projo-vottealong: Oktober votter

Så var også oktobervottene av pinne og trådene festa. Denne gangen var det Freja som eg valte av dei to oppskriftene. 
Vottene er raske å strikke, og mønsteret er greit å følge. Men det er lurt å være nøye med å snurre trådene. 


Vottene strikka eg i Heilo fordi eg ville ha litt større votter denne gangen, men dei vart veldig store i det garnet. Mulig eg må tove dei litt, vis eg ikkje finner nokon som har store nok hender som kan bruke dei. 



Pinne: 3 og 3,5.
Gran: Heilo, marineblå og hvit.
Vekt: 107g.
Opskrift: Ravelry (gratis).

fredag 18. oktober 2013

Dagny: Projo-vottealong: september votter

Jammen er det 9.paret med votter komt av pinne. Dei låg ferdig uten trådene festa, men så fikk eg ånden over meg her om dagen. Godt var det. Nye votter er nemelig på pinne!
Denne gangen var det vottene Dagny (oppskrift her) som skulle strikkes. Nydelig navn, nydelig mønster. Eg valte haustfarger og kvit til mønsteret. Syns mønsteret kom godt fram på denne måten. 
Det er vanskelig å få fram lillafargen i garnet, men det er bildet over som viser fargen best. 
Vottene er smale, men mønsteret gir tette votter. Som vanlig strikka eg kortere mansjetter. Eg valte også å strikke striper på vottens inside i stede for det som var foreslått i mønsteret. Det tar opp stripene i mansjettene. 

Garn: Fabel og Delight.
Pinne: 2,5 og 3
Vekt: 66g.
Oppskrift: Ravelry.

søndag 29. september 2013

Britta Mitten: Projo-vottealong: August votten

Vottene kjem på løpende bånd her. Fikk plutselig tommelstrikkeånden over meg...
Her er augustvotten Britta.
 Også denne gangen valte eg å strikke med fleirfarga garn, men no valte eg ein mørk bakgrunn. Eg liker godt at dei vart så forskjellig fra noko eg tidligere har strikka. Eg liker dei veldig godt. Fargene på det fleirfarga garnet kjem godt fram mot den mørke bakgrunnen.
 Denne gangen vart også fargeskiftet forskjellig. Vottene er likevel like når man ser på dei to vottene sammen. Det hadde vært fint om fargeskiftene hadde vært meir koordinert, men i og med at eg strikker av rester så var det ikkje så enkelt å få til.
Dei er litt små i størrelse, og sitter godt på mine hender.

Garn: Sisu (bunnfarge) og Drops Delight.
Pinne: 2,5 og 3
Vekt: 75g
Oppskrift: Ravelry. (Finnes også i lue).

lørdag 28. september 2013

Ei hand å holde i: Projo-Vottealong: Juli votten

Så var endelig juli-vottene ferdig også. Denne månden vart det pulsvanter; Ei hand å holde i, av Randi K Design. Oppskrift finner du her.
Eg prøver å bruke andre farger enn det eg bruker mest, så eg valte å strikke med oransje og mørke rosa som kontrastfarger. Og eg fikk lære noko nytt med dette mønsteret; latviskflette. Det ser meir avansert ut enn det virkelig er. Bare holde orden på trådene. Ellers var mønsteret enkelt å strikke, eg liker kontrasten mellom den grafiske innsida mot det organiske blomstene på framsida. 

De er litt små, så kan med fordel strikkes på pinne 3.

Garn: Finnull og PT2.
Pinne: 2,5
Vekt: 55g.
Oppskrift: Ravelry.

mandag 9. september 2013

Florisse Mittens: Projo-vottealong: Juni votter (2)

I juni valte eg å strikke begge parene i alongen til Projo. Eg likte begge mønstera så godt. 
Dette er Floriss Mittens som er designa av Bitta Mikkelborg, oppskriften finner du her, det samme designet kjem også i sokker og lue. 
Eg valte også denne gange å strikke med fleirfarga garn, og bruke kvitt på blomstene. Ligner litt på ei blomstereng med kvite blomster. Tilfeldig vart tuppene på vottene oransje og tommlene like i farge. Eg ville ikkje nøste meg farm til like fargeskift, men la det være opp til tilfeldighetene. 

Eg liker godt fargene og kombinasjonen med mønsteret og fargeskiftene i garnet. 


Garn: Sisu fra Sandnesgarn og Nordlys fra Viking.
Pinne: 2,5
Vekt: 60g
Oppskrift: Ravelry.

Det andre paret i alongen til projo for juni kan du sjå her.

tirsdag 3. september 2013

Midnattsol: Projo-Vottealong: Juni votter (1)

Dette mønsteret har stått på strikkelista mi lenge, så eg vart glad når eg såg det var eit av dei mønstera vi kunne velge mellom som junivotter i aongen til projo. 

I og med at vottene strikkes på pinne 3,5, er dei raske å strikke. Det er supert for restegarn. Det gir tjukke og gode votter. Eg er svært fornøyd med mine votter sjølv om eg sleit med å finne riktig fargekombinasjon til å begynne med. Her har eg brukt 5 forskjellige farger i blå, grønn og grå toner. Det var ein utfordring å finne farger som harmonerer godt sammen, som viser mønsteret godt og som (om mulig) kjem fra mitt garn lager. 



Garn: Smart fra Sandnesgarn
Pinne: 3,5
Vekt: 95g



torsdag 13. juni 2013

Projo-Vottealong: Mai Votter

Så var også Mai vottene ferdige. Denne gangen var temaet Maiblomster, og vi kunne velge mellom Annes blomst og denne oppskriften som er en Dropsoppskrift. Eg valte å strikke Dropsoppskriften. 
 På grunn av at tommelkilen strikkes litt langt opp, og eg ikkje oppdaga det før eg var nesten ferdig, måtte eg gjøre disse vottene om til pulsvarmere (som var lov med disse vottene). Dei fungerer fint som pulsvarmere også.
Eg strikka med Drops Delight og Sisu på pinne 2,5. Vottane fikk nogelunde samme fargespill sjølv om eg måtte åpne to nøster. I og med den første votten vart rosa, måtte også den andre bli det. Eg liker fargene ganske godt, og eg må innrømme at eg er litt facinert av fleirfarga garn. Dei blir personlige på ein anna måte, og eg liker tilfeldigheta med å bruke sånt garn. Skal ikkje sjå bort i fra at det kan bli fleire vottar i fleirfarga garn

Her er facebookgruppa til Vottealongen.

Tidligere bidrag kan du sjå her.

tirsdag 21. mai 2013

Bitta Mittens: Projo vottealong- April votter.

Det blir mykje votter på bloggen om dagen, men eg liker det:) 
Dette er Aprilvottene i vottealongen til Projo, ein måned for seint, men eg nærmer meg ajur no. Eg var litt spendt på å strikke dei, fordi eg ikkje er så glad i å strikke einsfarga og struktur mønster er ikkje det som står høgest på lista å strikke. Likevel føler eg at eg har godt av variasjon. Derfor var det litt tregt å koma igang, eg surra med omgangene og måtte rekke opp. Uansett litt plunder, her er dei ferdig og eg er kjempe fornøyd! Raske og strikke, sitter godt på hånda, godt mønster og flotte å sjå på når dei vart ferdig. Strikker gjerne fleire par!
Oppskrifta finner du her (gratis), det er dyktige Bitta Mikkelborg som står bak designet. Eg strikka mine på pinne 4,5 med Nepal. På forhånd såg eg at mange sleit med å få eit nøste pr vott til å holde. Men eg fikk litt rester igjen i hovedfargen, pluss det vesle eg brukte av baige som kontrast (eg liker å sette litt personlig preg på vottane eg stikker). Eg har ikkje veid dei og sett kor mykje garn eg har brukt, men eg tipper at dei veier litt under 100g til sammen. Blå fargen (7139) er nydelig!

Du kan sjekke ut facebook sida til alongen her, og bli medlem.

torsdag 16. mai 2013

Rosevotter: Projo Vottealong-Mars votter

Dette er marsvottene i Projos vottealong. Denne gangen valte eg å strikke denne oppskriften (gratis), som var ett av tre valg. Dei var raske å strikke, og eg likte mønsteret godt. Som vanlig ville eg gi mitt eget preg på vottene og prøve med farger som eg kanskje ikkje er så naturlege for meg å bruke. Derfor fargene blå, gul og kvit.
Eg strikka med Pt2 på pinne 2,5 og 3.

onsdag 17. april 2013

Stripeleik: Projo Vottealong: Februar votter

Endelig ferdig med februarvottene i Projos vottealong. Eg starta i februar, og vart ferdig i april. Så skal det også sies at eg ikkje har strikka så mykje i perioder og har til dels strikka på andre ting inni mellom også. Uansett er det moro å bli utfordra til å strikke mønster eg kanskje sjølv ville valgt, og prøve å lage ein personlig vri på det eg har som utgangspunkt. Denne gangen strikka eg med mansjettfargen litt lenger enn det som stod i oppskrifta.

Stripeleik, som mønsteret heiter, var moro og strikke. Veldig enkelt både i farge og form bruk. Enda eit godt eksempel på at flerfarga mønster også kan være enkle i uttrykket. Mønsteret syns eg det var enkelt å forstå, men eg har forstått at det var mange som var i tvil på økinga til tommel f.eks. Sjølv fikk eg litt skjønnhetsfeil i fellinga, men eg syns ikkje det gjør noko.

Eg føler eg har vært flink til å holde trådene på "rett plass". Det har i følge erfarne strikkere mykje å si for kor godt mønsteret kjem fram. Eg valte å holde den grå tråden fremst, noko som gav meir tydelige gråstripper som la seg foran dei røde stripene. Det finnes mange bogginnlegg om dette temaet, her er eit eg ambefaler.

Det er fortsatt mulig å melde seg på alongen, det kan du gjøre ved å bli medlem i denne gruppa på facebook.  Reglene er at det skal være 12 votter ferdig til 31.12.13, men det er det samme når du begynner og rekkefølgen du strikker i. Kvar måned kan man velge mellom 2 eller 3 valg for kva som kan strikkes. I februar var valg nr 2 disse vottene som også kan kjøpes her.

-No er Mars vottene snart ferdige også! :)

søndag 27. januar 2013

Brennende kjærlighet: Projo vottealong- januar votter

Eg har i år valt å være med i Projos vottealong. Det skal strikkes minimum ett vottepar i månden (så lenge det strikkes 12 forskjellige par innen slutten av 2013 er det greit). Det første votteparet ut er etter oppskrifta til Jorid Linvik, "Brennende kjærlighet", som du finner her. Oppskrifa er med i det settet som heiter "Tovet sett med lange votter og lue,3modeller".
Mine votter er strikka i finull med pinne 3,5 og 4. Det gikk med 54g garn. Dei vart for små for meg etter toving, så nestegang strikker eg i eit anna garn. Vottene vart mjuke og gode etter toving. Dei blir nok ei fin gave til nokon med litt mindre hender enn meg.

Har du lyst til å være med finner du info på Projos vottealong på facebook, her.