Viser innlegg med etiketten genser. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten genser. Vis alle innlegg

onsdag 11. februar 2015

Space Invaders genser

I romjula bestemte eg meg for å gjøre ferdig ein ufo som har logge i skapet i 2år (mars 2012). Den var egentlig tiltenkt kjæresten min som ein overraskelse, men den vart for trang. Eg syns det var dumt at den bare skulle ligge i skapet. Det var bare halsen igjen på den. Eg strikker nok litt stramt når eg strikker mønster, det er nok grunnen til at den vart for liten. Dette er jo den første genseren eg har strikka i mitt liv, så strikkefasthet og prøvelapp var noko eg viste lite om. Halsen kunne eg kanskje kunne strikka litt tettere. 


Det vart bror som fikk den og eg håper den blir brukt. Uansett godt å få den ferdig og ut av skuffen.

Eg strikka den i ambefalt garn og fargenr. Mønsteret er typisk norsk, med lite beskrivelse og mykje egen tenking. Det gikk overraskende greit å strikke det, men måtte ha litt hjelp til deling av forstykke og bakstykke.  Eg er veldig glad for at eg tok meg tid til å strikke denne genseren. Det å lese og tolke oppskrift er vanskelig når man er nybegynner, men eg lærte veldig mykje av å strikke genseren.


Pinne: 3 og 3,5
Garn: Falk fra Dale. Farge nr som i oppskrifta.
Vekt: 662g
Str: M- Herre.
Oppskrift: Her.

søndag 30. november 2014

November

Hade November! Hei Desember!
I November fikk eg strikka ferdig nokre UFOar og vist fram nokre ferdige ting. Det føles godt å få gjort ferdig nok fra UFO-haugen. Eg fikk også strikka litt julegaver, dei kjem i slutten av desember;)

Nokre av prosjekta eg fikk ferdig var baby votter og lue, som du kan lese om Her og Her. 

Så fikk eg endelig ferdig Soria Moria Vottene som var ein del av Mystery Mittens som Tori holdt gjennom Ravelry. Det kan du lese om Her.

Her er luene eg strikka i restegarnsporsjektet. Faktisk lue nr 11 og 12... Har fortsatt nokre eg ikkje har vist fram her. Stripelua og Boblelua.


Så tok eg eit skikkelig skipper tak og fikk festa alle trådene, vaska og blokka genseren eg har holdt på med ei stund. Eg er skikkelig stolt! Den skal få eit eget innlegg, må bare vente på fotolys og fotograf. 
Ein anna genser eg også begynte å sjå slutten på er Lun Genser. Den er også ferdig vaska og klar til å vises fram i bloggen. 
Det skjer så mykje den neste måneden. Som student betyr desember eksamens tid, og så er er det alle dei andre meir vanlige tings som skal ordnes og juleforbredeleser. Men det gleder eg meg veldig til, og belønninga etter eksamensperidoen er juleferie med venner og familie:)  Desember, eg er klar! 

fredag 31. oktober 2014

Oktober

Oktober skulle være måneden der eg prøver å gjøre ferdig ting, og begynne å strikke julegaver. Det har eg overholdt. Det føles godt å få ferdig prosjekter som har logge lenge og å begynne på årets julegaver. Det blir ein del like gaver i år, det får vises på bloggen etter julaften. Utrulig godt å ha begynt på og begynne å stryke av lista. Eg kjem til å fortsette med det også i november. 



Restegarnsprosjektet:
Viste fram Lett lue og Petrol lua, her og her. 

           
Eg fikk strikka ferdig Vinterrose votter og Selbuvott or Not, her og her.
       

Grå genser:
Dette er eit prosjekt som eg begynte på for eit år sida, planen var at det skulle bli ein genser med to farge felt. Mørk grå og lysgrå. Planene endrer seg, spesielt også når prosjektet blir liggande lenge. Eg har til no strikka ferdig bolen, men eg har felt av for stramt. Den eine armen ha reg strikka halv veis på. Eg håper at den snart blir ferdig og at det kan bli ein alright genser, men foreløpig føles det litt halveis og den er rar på. 
Beklager dårlig kvalitet på bildet.

Eg strikker i Lerke. Foreløpig syns eg det garnet er litt for glatt og eg er spent på korleis garnet oppfører seg etter vask og blokking. Nokon lesere som har erfaring med det garnet??

mandag 22. september 2014

Sjarmøretappe og trådfesten igjen

Det føles veldig godt å sjå enden på dette prosjektet. Ikkje det at det har vært moro å strikke, for det har det fra dag 1. Eg gleder meg til den kan brukes. Men først må alle trådene festes... Det er jo nesten som ein fest på baksida. 

Og så må eg strikke dei siste omgangane på ermet, men det jo bare sjarm etappen.
        Fargene på bildene er ikkje riktige, dei skal være meir grønne.

Håper å få festa alle trådene sånn at eg snart kan vise fram det ferdige resultatet her på bloggen.

onsdag 26. mars 2014

På pinne: Next Year in Lerwick og usikkerheten

Kasta meg ut i det... Den flotteste genseren eg har sett på lenge, og kanskje den mest kompliserte når det kjem til farger. Next year in Lerwick skal nemlig strikkes med BARE 11 farger. 11 farger! Tori, du imponerer!
Sinnasauen min er ferdig, eg kunne begynne å planlegge og rote rundt i garnet mitt. Eg ente til slutt med ein kombinasjon Finull og PT2 som er omtrent det samme garnet. 
So far so good seier eg... Eg trudde eg var god med farger (mamma forteller meg alltid det), men no begynner eg å bli usikker på det. Med 11 farger er dette ei STOR utfordring og eg syns det er vanskelig. Har eg valt riktige farger, og harmonerar dei nok?
Her kan du sjå prosjektet mitt i ravelry.

Oppskrift: Ravelry.


Edit: 31.03.14 
Det ser bra ut så langt og det ser ut som gråfargen går bra mot grønnfargene eg har strikka med sålang. No har eg delt av til armer og har strikka den første mønsterrapporten på bolen. Eg er spendt på korleis den mørkaste rapporten blir, og eg skal strikke med 3 farger på mønsteret. Bunnfargen eg har valt er nesten svartgrønn, så eg håper eg finner noko som syns godt nok til den. Eg kjem tilbake med oppdatering!

torsdag 20. mars 2014

På pinne: Tuin

Som vanlig er det mange prosjekter på pinne og i hodet. Sånn er vel livet som strikker har eg skjønt. Tenkte å vise eit av mine pågående prosjekter. Dette er Tuin, som Tori har lagd mønsteret til. Eg liker mønsteret veldig godt, men velger å ikkje strikke bolen i to partier som det er orgianlen. 
Eg strikker i Pickles Merino Tweed i fargen Petrol og Høsthimmel, på pinne 4, 3,5 og 3. Så langt har eg komt halveis på bolen og den passer til meg.

Oppskrift: Ravelry.

lørdag 21. april 2012

Work in progress

Endelig kan eg vise fram det eg har holdt på med sea midten av mars. Kjæresten fylte år denne veka og eg hadde bestemt meg for å strikke genser til han. Han fikk space invader lue i vinter, så då var det naturleg at det også vart space invader genser. Eg kunne ikkje rekne med å bli ferdig før dagen hans, men planen var at han skulle få ein liten del av den og at genseren blir ferdig i løpet av våren.

Sånn såg det ut når eg skulle legge det fra meg før påske. Eg hadde fri frå det i påska, mest på grunn at eg skulle holde det hemmelig.
 Begynt på ein arm...
 Og nesten ferdig med den andre.

Sånn såg det ut for nokre dagen før bursdagen hans. Den eine armen er ferdig, eg har komt godt i gang med bolen og den andre armen er eg også godt i gang med. Han fikk den ferdige armen i pakka sammen med litt andre ting.


No slepp eg å halde det hemmelig lenger, så no kan eg strikke på den når eg sjølv ønsker. Eg har komt meg over på mønster delen på bolen og er glad for det. Eg har også strikka eit godt stykke på arm nr 2.
Eg strikkar etter mønster fra Dale designa av Arne og Carlos, og strikkar med Falk. Garnet er eg foreløpig kjempe fornøyd med. Eg hadde litt trøbbel med å få mønsteret på armen til å gå opp, men eg fikk det til og no håper eg at det går likedan med arm nr 2. 

Beklager dels dårlige bilder....