Viser innlegg med etiketten next year in lerwick. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten next year in lerwick. Vis alle innlegg

mandag 22. september 2014

Sjarmøretappe og trådfesten igjen

Det føles veldig godt å sjå enden på dette prosjektet. Ikkje det at det har vært moro å strikke, for det har det fra dag 1. Eg gleder meg til den kan brukes. Men først må alle trådene festes... Det er jo nesten som ein fest på baksida. 

Og så må eg strikke dei siste omgangane på ermet, men det jo bare sjarm etappen.
        Fargene på bildene er ikkje riktige, dei skal være meir grønne.

Håper å få festa alle trådene sånn at eg snart kan vise fram det ferdige resultatet her på bloggen.

mandag 2. juni 2014

Mai

Mai måned er eksamens tid som betyr mindre strikking. Det har bloggen bært preg av i stor grad. Heldigvis har eg hatt nokre ferdige ting å vise fram. Lite lyst til å strikke og godt vær har ikkje akkurat gjort at eg har fått ferdig mange prosjekter. MEN eg håper at dette endrer seg nå når eksamenstida snart er ferdig og eg forhåpentlig vis får litt av lysten tilbake.

Dette har bloggen vært prega av:

Kofter.
Eg har faktisk begynt å stikke mi eiga kofte. Det må jo være Valdreskofte  til Valdresjenta. Bildet over er lånt fra Sandnesgarn. Under ser dere begynnelsen på kofta. Eg er godt i gang med ein arm for å sjekke strikkefasthet. Den har fått pause fordi det kom andre prosjekter i veien. 

Luer.
Luene er ein del av restegarnsserien der eg bruker opp restegarn og strikker luer. 
Her kan du lese:


På genseren, Next year in Lerwick, har eg begynt å strikke armer og festa litt tråder på bolen. Det greit å feste litt tråder etterkverdt, det blir mange på ein slik genser. Den første armen har eg komt halveis på, men den er nedgradert til kveldstrikketøy på grunn av varmen. Farge på det eine bildet er meir grønn.



Som belønning for eksamen begynte eg også å strikke eit vottemønster eg lenge har ønska å strikke. Eg veit ikkje om det er mange som husker dette innlegget?  Eg har endelig begynte å strikke Deep in the forest mittens. Utfordrande mønster med ingen like omganger og det er på engelsk. Kjempe moro å strikke. Eg har fått ferdig ein vott, så må få nr 2 på pinne snart.

mandag 31. mars 2014

Mars

Eg tenkte å begynne å oppsummere den siste måneden her på bloggen og strikkerelatert (det som eg har stikka, men som er ublogga). 

Mars var restegarnets måned. Eg bestemte meg for å strikke opp enslige nøster og rester eg hadde liggende. Det endte med 7 luer. Eg får lett dilla og då blir det fort fleire enn bare to, men dilla kan gå like fort over igjen. Luene er ublogga så det kjem mange blogginnlegg om dei snart.

Eg publiserte oppskriften på enkle eggvarmere, den finner du her.


Eg fikk endelig gjort ferdig Sinnasau jakka mi. Endelig fordi eg har brukt veldig lang tid på den, og fordi eg syns den vart kjempe fin! Den er ublogga så det kjem eit eget innlegg om den om litt.

Så har eg fortsatt å strikke på Tuin som eg starta på i januar. Du kan lese meir her. Og her er prosjektet på ravelry.

Tuin får ligge litt i og med eg har begynt på Next year in Lerwick som eg begynte på i midten av mars. Det var belønninga for å gjøre ferdig Sinnasauen. Eg har strikka den første mønsterdelen på bolen og er i gang med den andre. Foreløpig er eg nogelunde fornøyd med fargene, men er usikker på korleis det blir når eg kjem til den mørkaste delen på genseren. Du kan lese meir her, og her er prosjektet på ravelry.

onsdag 26. mars 2014

På pinne: Next Year in Lerwick og usikkerheten

Kasta meg ut i det... Den flotteste genseren eg har sett på lenge, og kanskje den mest kompliserte når det kjem til farger. Next year in Lerwick skal nemlig strikkes med BARE 11 farger. 11 farger! Tori, du imponerer!
Sinnasauen min er ferdig, eg kunne begynne å planlegge og rote rundt i garnet mitt. Eg ente til slutt med ein kombinasjon Finull og PT2 som er omtrent det samme garnet. 
So far so good seier eg... Eg trudde eg var god med farger (mamma forteller meg alltid det), men no begynner eg å bli usikker på det. Med 11 farger er dette ei STOR utfordring og eg syns det er vanskelig. Har eg valt riktige farger, og harmonerar dei nok?
Her kan du sjå prosjektet mitt i ravelry.

Oppskrift: Ravelry.


Edit: 31.03.14 
Det ser bra ut så langt og det ser ut som gråfargen går bra mot grønnfargene eg har strikka med sålang. No har eg delt av til armer og har strikka den første mønsterrapporten på bolen. Eg er spendt på korleis den mørkaste rapporten blir, og eg skal strikke med 3 farger på mønsteret. Bunnfargen eg har valt er nesten svartgrønn, så eg håper eg finner noko som syns godt nok til den. Eg kjem tilbake med oppdatering!