Viser innlegg med etiketten Bitta Mikkelborg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bitta Mikkelborg. Vis alle innlegg

mandag 9. september 2013

Florisse Mittens: Projo-vottealong: Juni votter (2)

I juni valte eg å strikke begge parene i alongen til Projo. Eg likte begge mønstera så godt. 
Dette er Floriss Mittens som er designa av Bitta Mikkelborg, oppskriften finner du her, det samme designet kjem også i sokker og lue. 
Eg valte også denne gange å strikke med fleirfarga garn, og bruke kvitt på blomstene. Ligner litt på ei blomstereng med kvite blomster. Tilfeldig vart tuppene på vottene oransje og tommlene like i farge. Eg ville ikkje nøste meg farm til like fargeskift, men la det være opp til tilfeldighetene. 

Eg liker godt fargene og kombinasjonen med mønsteret og fargeskiftene i garnet. 


Garn: Sisu fra Sandnesgarn og Nordlys fra Viking.
Pinne: 2,5
Vekt: 60g
Oppskrift: Ravelry.

Det andre paret i alongen til projo for juni kan du sjå her.

tirsdag 21. mai 2013

Bitta Mittens: Projo vottealong- April votter.

Det blir mykje votter på bloggen om dagen, men eg liker det:) 
Dette er Aprilvottene i vottealongen til Projo, ein måned for seint, men eg nærmer meg ajur no. Eg var litt spendt på å strikke dei, fordi eg ikkje er så glad i å strikke einsfarga og struktur mønster er ikkje det som står høgest på lista å strikke. Likevel føler eg at eg har godt av variasjon. Derfor var det litt tregt å koma igang, eg surra med omgangene og måtte rekke opp. Uansett litt plunder, her er dei ferdig og eg er kjempe fornøyd! Raske og strikke, sitter godt på hånda, godt mønster og flotte å sjå på når dei vart ferdig. Strikker gjerne fleire par!
Oppskrifta finner du her (gratis), det er dyktige Bitta Mikkelborg som står bak designet. Eg strikka mine på pinne 4,5 med Nepal. På forhånd såg eg at mange sleit med å få eit nøste pr vott til å holde. Men eg fikk litt rester igjen i hovedfargen, pluss det vesle eg brukte av baige som kontrast (eg liker å sette litt personlig preg på vottane eg stikker). Eg har ikkje veid dei og sett kor mykje garn eg har brukt, men eg tipper at dei veier litt under 100g til sammen. Blå fargen (7139) er nydelig!

Du kan sjekke ut facebook sida til alongen her, og bli medlem.

søndag 28. oktober 2012

"Et sokkemysterium" - Ferdig!

Endelig har eg fått gjort ferdig begge sokkene. Ting tar tid, men sånn er det bare. Dei var artige å strikke. Flott mønster. Lærte nokre nye ting , bla hællen er spesiel. Det er Bitta Mikkelborg som har komponert oppskrifta. Ho lager virkelig flotte mønstre. Skal strikke meir av hennes design.


Det fleirfarga garnet gjør at sokkene blei ganske ulike, sjølv med samme utgangspunkt. Eg valte å strikke deler av foten i ein farge, for å bryte det litt.
Mønsteret kjem godt fram syns eg. Dei sitter godt på foten og er gode på. 
Eg har strikka med sisu og fabel på pinne 2,5. Her kan du sjå meir om mysterie sokkene og her finner du facebook sida til Bitta Mikkelborg.

torsdag 27. september 2012

"Et sokkemysterium" #2

 Eg strikker videre på sokkemysterie. Til no har eg strikka clue 2 og 3. Det er moro å sjå korleis dei utvikler seg etter kvert clue. Bitta Mikkelborg lager flotte oppskirfter som er godt forklart. Eg har strikka lite mønster på denne måten, og regner meg selv som nybegynner på dette. Derfor er det bra at oppskrifta er så godt forklart.

Her kan du lese om clue 1 og lese meir om facebookgruppen.

Mønsteret synes litt her, men det syns bedre etter at sokken blir strekt litt og brukt. Det er tøft med fleirfarga garn.
Hælen har eit flott mønster som er ein variant av forterka hæl. Det gir sterke hælkapper. Absolutt noe eg kjem til å strikke meir av på andre sokker.

No må eg strikke clue 4... Blir spennande å sjå korleis den blir etterhvert.

torsdag 13. september 2012

"Et sokkemysterium"

Eg er med i gruppa til Bitta Mikkelborg på Facebook, Bittamis Design. Der er det sokkemysterium på gang, og del 1 er lagt ut. Eg har aldri deltatt på sånne strikkemysterium før, og tenkte det kunne være artig å være med. Så langt er mønsteret kjempe fint. Eg har valt å strikke mine med pinne 2,5 og 3, i Fabel nr 803 og svart. Det mulitfarga garnet, har nesten godteri farger på seg. Eg bruker samme type farge på begge, men fargene begynnte forskjellig. Eg syns det er litt artig at dei blir forskjellige. Likevel blir fargene gjentatt nok til at dei blir eit par.

Det blir spennande å sjå korlies resten av sokkene blir.... Neste clue kjem alt i morgo.