Viser innlegg med etiketten lappeteppe. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten lappeteppe. Vis alle innlegg

lørdag 21. januar 2012

Innimellom- Hexagon Teppe #3

Innimellom alt det andre holder eg på med lappeteppet mitt. Det går sakte, men sikkert framover og det vokser stadig. Eg er no ferdig med å hekle rundt alle lappene eg skal ha, og har montert ca halvparten.
 Eg har også begynt å feste trådene, sånn at det blir meir holdbart mens eg holder på med det. Eg lærte også sist, at det er trådfestinga som tar tid. Men det er kjedelig! Det er artigt å sjå at det blir ferdig og kor fint det blir. Det er ein skikkelig stor jobb. Sånn som det går no, går ting veldig sakte... Så eg kan ikkje seie når målet er at det skal bli ferdig. Eg kjem til å oppdatere litt inni mellom.
Du kan sjå tidligere innlegg her, og info om garn og pinne finner du her.

tirsdag 6. desember 2011

Hexagon Teppe #2

På tide med ei oppdatering på hexagon teppet mitt. Det har gått ei stund siden eg la ut det første innlegget om at eg hadde begynt. Det kan du sjå her.
 Eg har hekla ferdig dei 3 første omgangene på alle lappene, og har igjen å hekle den siste kvite omgangen rundt på mange lapper. Denne gangen har eg begynt å sette sammen lappene og feste trådene. Til no har eg vel kome halveis.
No har teppet fått ei pause. Tomt for garn på butikken og julestrikking tar det meste av hobby tida mi om dagen. Garnet eg hekler med er for det meste Østlandsgarn (kjøpes på Nille), litt Dale garn (falk og heilo) og litt PT. Eg syns ikkje det fantes nok farger i Østlandsgarnet, derfor valte eg å spe på med litt anna. Østlandsgarnet har forholdsvis god kvalitet i forhold til pris.

--Det blir mykje julegavetips her på bloggen fram til julafta, men eg håper å kunne vise fram litt av det eg holder på med innimellom også. Så kjem all julestrikken i innlegg etter jul. Då er det endelig slutt på alle hemmelighetskremmerier!

torsdag 20. oktober 2011

Hexagon teppe #1

Eg er godt i gang med hexagon teppet mitt. Til no har eg hekla nesten alle lappene, foreløpig mangler dei den siste runden. Denne gangen prøøver eg å montere og feste tråder fortløpende. Litt av eit arbeid egentlig! Men veldig moro å få ferdig. Kver lapp måler 13cm i diameter og eg hekler med østlandsgarn og reste garn. Kor mange lapper det blir er eg ikkje sikker på ennå. Eg har 5lapper av kver farge kombinasjon, og har vel passert 70 lapper. Det kjem nok til å vokse i anntall ennå.  Oppskriften fant eg her.




onsdag 20. april 2011

Oppdatering på lappeteppet...#4

ENDELIG er alle lappene montert!
Men så er det ørten tråder igjen å feste... Og eg lurer på om eg skal hekle ein kant rundt for liksom å lage ein ramme og "binde" alt sammen. 
 Så stolt! Det er det største hekleprosjektet eg nokon gang har hatt!
Dumt eg ikkje har telt antall nøster eg har brukt, det hadde vært  interessant...

Eg har brukt div bomullsgarn og pinne nr 3,5. Målene er 220x100cm.
Oppdatering # 3, #2 og #1.

torsdag 24. mars 2011

Oppdatering på lappeteppet...#3

Ein liten oppdatering på kva som skjer med lappeteppet mitt. Eg er no halvvegs i monteringa av lapper, og eg begynner å sjå størrelsen og ikkje minst tyngden på dette her. 
Her ser du oppdatering nr 1 og 2. Og her er det første innlegget om det.

torsdag 27. januar 2011

Oppdatering på lappeteppet...#2

Liten oppdatering på lappeteppet. Status i går kveld er at 80 lapper er montert, 140 er montert i remser på 10 og 10. Det vil si at eg har igjen 14 remser å montere. Ørten ender å feste og ein kant som skal hekles rundt før eg kan si meg ferdig. Det nærmer seg, det nærmer seg!
Kan vel si at eg er litt stolt av meg sjølv som har tolmodighet til å hekle noko så stort... Sjølv om eg begynner å bli lei heile greia. Jaja... Eg SKAL ha det ferdig!

lørdag 15. januar 2011

Oppdatering på lappeteppet...

Eg har endelig hekla ferdig all bomullsgarnet eg ville bruke til lapper. No er det bare å sette i gang med montering. Til sammen 220lapper...
Alle lappene fordelt ut over gølvet for å finne rekkefølge.