Viser innlegg med etiketten pinneguri. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten pinneguri. Vis alle innlegg

mandag 7. april 2014

Sinnasaujakke

Sauer er spesielt for meg. Oppvokst på gård med sauer og odelsjente. Eg tenkte med ein gang at dette var ei jakke eg skulle strikke til meg sjølv. No er den ferdig! Det tok meg godt over 2år å få den ferdig, så det var godt. Den var ikkje vanskelig å strikke, og mønsteret var godt skreve. Det var heller meg som var uerfaren og kasta meg ut i eit sånt stort prosjekt, eg er heller ikkje så veldig glad i lange rettstrikka partier sjølv om det kan være fint til tider. Ein anna ting er også det at det har komt andre prosjekter som har vært meir fristande å strikke enn denne, eg er i følge tester (belbins-test)  ikkje nokon ferdigstiller. Av og til må eg bare ta meg i nakken!
 Eg prøver å gi det eg strikker mitt eget preg og uttrykk. Når det er ei så populær jakke å strikke og det kjem mange utgaver av den, prøver eg å gjøra noko ingen andre har gjort. Eg er heller ikkje glad i striper på så store plagg, dermed vart det heller ingen utprega striper på jakka mi. Sauene er i mitt hode ikkje heilt kvite, derfor vart sauene på jakka også litt spettete. Eg skifta på å strikke annakver med kvitt og baige og to kvite, ein baige. Augene er blå, dei har eg også strikka. Bak sauana har eg også strikka inn litt mørkere parti, ellers komponerte eg litt mønster sjølv. Heilt enkle border med annakver farge og skifta på det.
 I og med at eg ikkje ville ha dominerande striper, strikka eg striper som går over 1 omg (bortsett fra øverste del, der er det gjort som i oppskrifta). Eg valte to hovedfarger som var ganske nære kverandre  i farge, den eine fargen var effekt garn som skifta nyanse etter som eg strikka. Desse to skifta eg på å strikke annakver omg med. På denne måten fikk eg striper, men på avstand gir det eit heilt blått uttrykk.
 Nederst på armene brukte eg ein lys grå farge (PT2) som erstatta den eine bunnfargen, dette på grunn av mangel på garn i den fargen. Eg fikk nok av den fargen til å strikke ribbekanten nede og nesten heile knappestolpen. Eg måtte ty til den eine blåfargen som eg har brukt rundt sauene til den siste omgangen og fellinga på knappestolpen. Det var eg veldig usikker på om blei bra når problemet oppsto, men det vart bra.
 Eg er veldig fornøyd med jakka. Den er god og varm, men også lett.

Når bildene blei tatt blåste det veldig. Eg syns også det er litt uvant å bli tatt bilder av på denne måten, men det er fint med litt bilder av plagget på også:)
Pinne: 2,5 og 3
Garn: Kauni, Fin ull og PT2
Vekt: 344g
Oppskrift: Pinneguri, her.
Ravelry prosjektet finner du her.

mandag 31. mars 2014

Mars

Eg tenkte å begynne å oppsummere den siste måneden her på bloggen og strikkerelatert (det som eg har stikka, men som er ublogga). 

Mars var restegarnets måned. Eg bestemte meg for å strikke opp enslige nøster og rester eg hadde liggende. Det endte med 7 luer. Eg får lett dilla og då blir det fort fleire enn bare to, men dilla kan gå like fort over igjen. Luene er ublogga så det kjem mange blogginnlegg om dei snart.

Eg publiserte oppskriften på enkle eggvarmere, den finner du her.


Eg fikk endelig gjort ferdig Sinnasau jakka mi. Endelig fordi eg har brukt veldig lang tid på den, og fordi eg syns den vart kjempe fin! Den er ublogga så det kjem eit eget innlegg om den om litt.

Så har eg fortsatt å strikke på Tuin som eg starta på i januar. Du kan lese meir her. Og her er prosjektet på ravelry.

Tuin får ligge litt i og med eg har begynt på Next year in Lerwick som eg begynte på i midten av mars. Det var belønninga for å gjøre ferdig Sinnasauen. Eg har strikka den første mønsterdelen på bolen og er i gang med den andre. Foreløpig er eg nogelunde fornøyd med fargene, men er usikker på korleis det blir når eg kjem til den mørkaste delen på genseren. Du kan lese meir her, og her er prosjektet på ravelry.

tirsdag 11. mars 2014

Problem


Eg er i ferd med å gjøre ferdig Sinnasau jakka mi. Eg viste på forhånd at eg ville ha problemer med å få den eine fargen eg strikker i til å rekke til heile jakka, derfor har eg suplert med litt her og litt der...
Så skulle eg strikke knappestolpene som eg hadde lyst til at skulle være i den fargen eg strikka halsen og ribben neders i. Det vesle eg satt igjen med måtte holde. Og det ser det ikkje ut til at den gjør... 1m med garn igjen som skal holde i 2 omganger til og felling! Det dumme oppi det heile er at eg kunne fint kjøpt meir garn, hadde eg bare tatt vare på lappen til garnet og huska kva farge nr den har og butikken har slutta å føre garnet. Kauni er eit garn som har veeeldig mange farger...
Så kva gjer eg?