Viser innlegg med etiketten mystery mittens. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten mystery mittens. Vis alle innlegg

torsdag 27. november 2014

Mystery Mitten Clue 5 Soria Moria Votten

Endelig er dei ferdig! Dei har lenge mangla tommler (clue 5). Sånn går det når strikketøyet blir forlagt. Bedre seint enn aldri å få dei ferdig. 
 Dei vart skikkelig glade votter, med den gule "sola" som lyser opp. Akkurat det ein trenger i novembermørket. Den gule fargen er meir senepsgul enn knall gul, men det var vanskelig å få fram på bildet.

Eg valte å strikke den minste størrelsen, men med litt større pinner. No angra eg på at eg ikkje strikka størrelsen større. Dei vart nemlig veldig små. Og så vart mansjetten vid. Jaja, det finnes hender dei passer til, og ulla former seg jo etter hendene etter som vottane er  i bruk.
Det var moro å strikke eit av Tori sine mysterier, eg kosa meg heile vegen. Vis du skal strikke dette mønsteret burde du være obs på at framsida og baksida er delt inn litt annerledes enn vanlige oppskrifter, men etter ein stund så gjør det ingenting at den er sånn.
Pinne: 3 og 3,5
Garn: Rauma Fin ull
Vekt: 53g, det går mest av bunnfargen.
Oppskrift: Tori sitt mysterie på Ravlery(tråd) , men er også ein del av vottelaugets "Votter fra eventyrskogen"

Her kan du lese resten av mine innlegg om mysteriet.

onsdag 24. september 2014

Mystery Mitten Clue 4

Å der var heile votten i all sin prakt! Uten tommel, for den kjem i clue 5, som alt er ute. Det store gule feltet minner om ei sol eller ein blomst. Kanskje mest ei sol, fordi den har stråler som stråler ut og bak på votten. Men det kan også være fori eg har strikka den i gult...? 

Eg har også begynt på vott nr 2, den må nesten bli strikka før eg begynner på det siste cluet syns eg, så det får bli helgestrikkinga. Gleder meg til å få dei ferdig!

Her kan du delta og sjå alle dei fine vottene som ligger i tråden på ravelry.

Her kan du sjå resten av mine innlegg om dette mysteriet.

onsdag 17. september 2014

Mystery Mitten Clue 3

Clue 3 er ferdig strikka! Så moro å sjå utviklinga og korleis den blir. Eg liker den veldig godt så langt. I morgo kjem clue nr 4 i morgo som er nest siste. Eg må begynne å strikke vott nr 2 også sånn at det ikkje blir med den eine votten. Det er jo moro å ha begge ferdig!

 Fargene er vanskelig å få riktig på bilde, men det er det eg vil kalle adventslilla og senepsgul farge.

Her kan du lese om dei andre cluene så langt.
Her er ravelry tråden. Det er ikkje for seint å bli med ennå vis du syns vottane blir fine.

onsdag 10. september 2014

Mystery Mitten Clue 2

Så var clue 2 avslørt og strikka. Alltid moro med mysterier, det blir litt ekstra stas å strikke og være klar til neste clue. Foreløpig er eg fornøyd med både fargevalg og korleis mønsteret blir.

Eg strikker høgre vott først, så til høgre på votten under er tommelkilen nesten ferdig (trur eg). Mønsteret kan minne om blomster og blader så langt, blir spennande å sjå om eg har rett;)
 Oversida av votten. Her er det litt grafiske elementer.
Clue 1 kan du sjå her.

Her kan du lese om, sjå meir og delta vis du skulle ha lyst.

onsdag 3. september 2014

Mystery Mittens Clue 1

Det er lenge sea eg var med på mysteriestrikking sist, og eg hugser det var så moro. Den gang var det sokker, no er det votter. Torirot har satt igang nytt mysterie på gruppa I make mittens på Ravelry. Du kan lese meir om det her. 
Eg valte å strikke i favoritt garnet med farger som høre hausten til. Syns det var moro med clue 1, gleder meg til fortsettelsen.