Sokker er ikkje det eg strikker mest. Eg syns det faktisk kan være litt kjedelig, spesielt til lange føtter. Sokkeskuffen er ikkje akkurat full for å si det på den måten, den er ikkje prioritert. Men eg håper det skal bli ein slutt på det, eg fryser nemlig på føttene. Og det veit eg det er fleire som gjør også, så det må nok strikkes sokker fram over.
Eg fant ut at det var greit å strikke sokker som er litt tjukke, på pinne 3 og med striper. Striper er motivasjonstrikking og gjør at sokkene blir litt meir enn bare kjedelige raggsokker. To omganger med kver farge på desse, men kan godt variere stripe tjukkelsen eller bruke fleire farger... Bare fantasien som begrenser. Eg strikka forsterka hæl. Mest fordi eg ønsker at sokkane ikkje skal slites så lett, men også fordi eg syns det blir flotte hæler. Dei er gode og varme, alt tatt i bruk og eg har hatt fleire sokker på pinne (følg med).
Garn: Rauma Raggegarn/TasseladdPinne: 3
Vekt: 90g
Oppskrift: Litt Her og Bittas forsterka hæl.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar