onsdag 28. mars 2012

Vridd mjuk hals

Eg trenger litt pausestrikk inni mellom det andre eg driver å strikker, eller bare ein unnskyldning for å begynne på noko nytt? Lenge har eg hatt lyst til å strikke ein hals eller eit skjerf til meg sjølv, eg strikker alt for mykje til andre enn meg sjølv. I dag kom eg over denne oppskrifta på Vridd mjuk hals frå Pickles.no.
I oppskrifta er maske antallet 60, men eg valte å tre dobble (180masker) dette og få ein hals som går fleire ganger rundt halsen. Den er så lett og fin i stukturen at eg trur det ikkje vil være eit problem å få det til. Eg strikker med garn eg har i lageret; Sandenes mini alpakka og pinne nr 5 som i oppskrifta. Fargen er mintgrønn. I og med det er ein hals, føler eg at det ikkje er så nøye med strikkefathet i forhold til mål osv. Bortsett fra maskeantallet følger eg oppskrifta til pickles akkurat som den er. Ellers er det uvant å strikke med så stor forskjell på pinner og tråd, men eg blir vant med det.
Kanten ruller seg litt opp, så eg må sjå det an om eg hekler eller syr ein kant rundt. Det blir når eg har strikka den ferdig... Innimellom det store prosjektet eg holder på med:)

søndag 25. mars 2012

Trondheim

Eg syns det er på tide å vise nokre av bildene eg tok når eg var i Trondheim i Februar. Det er litt forskjellig motiv på dei. Eg merker at eg ikkje er så flink til å ta med kameraet som før, noko eg brude bli bedre til. Kjekt å ha noko å sjå tilbake til, dessuten liker eg å fotografere.

Nidarosdomen. 






Bakkelandet.




lørdag 24. mars 2012

Heia Brann!

 Brann lue må til når ein skal på kamp! Denne lua er sendt nordover til veslebror som er Brann fan. Eg veit med sikkerhet at han skal på kamp i morgo, og då vil denne lua være med. Ein skal ikkje fryse på kamp!
Lua er strikka etter ei oppskrift eg fant på nettet, men med nokre endringar. Eg valte å bruke brann to ganger ( i oppskrifta er det forslag om å strikke navnet til eigaren av lua inn i logoen), og eg valte ei anna felling når ho skulle fellas av. Eg syns også det vart finast å bare strikke strukturmønsteret til kant (i oppskrifta skal også fellinga være sånn).
Den er strikka i Freestyle og rund pinne nr 5.

onsdag 21. mars 2012

Alpaca og Merino

Denne halsen strikka eg for lenge lenge sea. Den har ligget i ein pose i strikke sakene mine ei stund, og alt som var igjen var å feste trådene. Eg meiner eg har strikka den med dobbel tråd, tynn alpaca fra sandnesgarn og baby merino fra drops i to forskjellige farger. Maske antall hugser eg ikkje, og eg trur eg strikka på pinne nr 4 eller noko. 1rett, 1vrang. Enkel å strikke med andre ord! God æ varm er den også.

tirsdag 6. mars 2012

Stjernene strikker også...


I det siste nummeret av "Made by me" vår/sommer, er det dobbelside med bilder av superstjerner som strikker.
Med andre ord; strikking er trendy som aldri før!


Beklager dårlig kvalitet på bildene.

fredag 2. mars 2012

Strikkeblogger.no

Medlem av strikkeblogger.no.

Strikkeblogger.no er eit samlingspunkt for norske strikkebloggere. Med andre ord; fint sted for inspirasjon og glede!

torsdag 1. mars 2012

Vårfarger

Eg har funne fram bomullsgarn i vårfarger og hekler litt. Er ikkje lenge før det er på tide å bytte ut ullgarn og vinter ting med bomullgarn og vår håndarbeid. Andre som gleder seg til til det?

Prøver meg på ein ny versjon av denne. Kanskje kjem det ei oppskrift etterkvert, nokon som kan være interessert i det?

onsdag 29. februar 2012

BlåDaleVotter.


Eg begynte alt på desse vottene i slutten av desember, men har ikkje passa å få dei ferdige før no. Tidligere er dei blogga her. Egentlig skulle eg strikke eit anna mønster, men fikk ikkje antall masker til å gå opp med mønsteret eg skulle strikke (det skulle stemme fra Dales side sa dei). Uansett kor mange ganger eg telte og rakk opp igjen så fikk eg det ikkje til å stemme. Eg rakk alt opp igjen og begynte på eit nytt mønster, eg fant ut at det mangla to masker(!) her også før eg skulle starte på mønsterstrikkinga. Dette løste eg ved å auke to masker på kver halvside av votten. Ellers var mønsteret enkelt og strikke og det gikk fort å strikke vottene når eg først satte i gang. Dalegarnet er flott å strikke med. 
Eg veit ikkje om min nye erfaring med Daleoppskrifter skal skremme meg eller om eg kjem til å prøve meg på ei ny oppskrift der i fra.
Ein anna ting eg ikkje hadde lagt merke til var mønsteret. Eg liker den delen som ser ut som ein blomst, og at  linjene i mønsteret skaper ei åttebladsrose i bunnfargen.

Oppskrifta er fra Dale Tilbehørshefte nr 219 og oppskrifta er nr 21917. Eg har strikka med Hubro mørkeblå (5764?) og offwhite (0020) på pinne nr 3.

--Nokon som har erfaring å dele om Daleoppskrifter og garn?

mandag 27. februar 2012

"Vesle"bror sokker!

Veslebror måtte få sokker når eg skulle på besøk til han! Vestebror og veslebror, det skiller oss 3år i alder, men han er lenger enn meg for lengst, eg har blidt veslesøster i stede?:p Uansett vil han alltid være min veslebror. Ein veslebror meg str 44 i føtter. Dei største sokkene eg har strikka nokon gang.
 Dei skulle være innesokker sa han. Fordi dei var for tjukke til å ha i skoa og inne er det gølvkaldt. Då passer raggsokker med pyntemønster bra. Litt uvanlig fargekombinasjon, men eg blir glad av å sjå dei. Og for bror som har blidt stundent langt mot nord er "Valdres mønsteret" eit must å ha i bråtet på sokkene. Han syns det var tøft!
Buksa må så klart oppi sokkene!:)
Fyst prøvde eg å strikke med mønsterfarge som var kvit, men det rekka eg opp igjen. Det kan du sjå her.
Eg fikk ikkje heilt den effekten eg ville ha på dei, men syns det ikkje vart så gale likevel. Vis eg skal strikke med noko lignande garn med så mykje spill eller fleir farga garn, ville eg nok valt eit litt meir tydelig mønster med større mønsterfalte. Den eine sokken vart finare enn den andre fordi eg ikkje er så flink til å surre tråden i store sprang mellom fargene. Øvelse gjør mester der også.

Eg har strikka i Treskogarn fra sandnesgarn og litt superwash sport garn på pinne nr 3,5. Eg strikka str 43/44, men passer til ein med str 44/45. Oppskrifta eg brukte har strikkefasthet 28m x 36omg på pinne nr 3.

mandag 20. februar 2012

Det er ikkje alt som blir som det skal...

Som overskrifta seier, det er ikkje alt som blir som eg forestiller meg når det gjelder strikking og anna håndarbeid (forsåvidt andre ting også). Eg vil strikke ragsokker med utgangspunkt i eit mønster, "valdresmønster" som det kalles og inspirasjon henta fra Wenche som strikka pynte ragger.  Etter å ha strikka mønster og strikka hælen, så fant eg ut at fargekombinasjonen på garnet ikkje var særlig vellykka.... Så då var det bare å rekke opp igjen da, velg ein farge å strikke mønsteret med og begynne på nytt. Vi får sjå om det blir litt meir vellykka då.

Ellers strikke eg og strikker, men holder på med for mange prosjekter på ein gang så det tar då enda lenger tid å ferdigstille ting. Men men... Er ein ivrig så er ein ivrig! Må ta meg sjølv i nakken, igjen!