onsdag 29. februar 2012

BlåDaleVotter.


Eg begynte alt på desse vottene i slutten av desember, men har ikkje passa å få dei ferdige før no. Tidligere er dei blogga her. Egentlig skulle eg strikke eit anna mønster, men fikk ikkje antall masker til å gå opp med mønsteret eg skulle strikke (det skulle stemme fra Dales side sa dei). Uansett kor mange ganger eg telte og rakk opp igjen så fikk eg det ikkje til å stemme. Eg rakk alt opp igjen og begynte på eit nytt mønster, eg fant ut at det mangla to masker(!) her også før eg skulle starte på mønsterstrikkinga. Dette løste eg ved å auke to masker på kver halvside av votten. Ellers var mønsteret enkelt og strikke og det gikk fort å strikke vottene når eg først satte i gang. Dalegarnet er flott å strikke med. 
Eg veit ikkje om min nye erfaring med Daleoppskrifter skal skremme meg eller om eg kjem til å prøve meg på ei ny oppskrift der i fra.
Ein anna ting eg ikkje hadde lagt merke til var mønsteret. Eg liker den delen som ser ut som ein blomst, og at  linjene i mønsteret skaper ei åttebladsrose i bunnfargen.

Oppskrifta er fra Dale Tilbehørshefte nr 219 og oppskrifta er nr 21917. Eg har strikka med Hubro mørkeblå (5764?) og offwhite (0020) på pinne nr 3.

--Nokon som har erfaring å dele om Daleoppskrifter og garn?

Ingen kommentarer: