Det er ikkje alltid ting blir som det skal... Dumt å være for ivrrig på tovinga. Dei passer ingen sånn som dei er no vertfall.
søndag 14. desember 2014
mandag 8. desember 2014
Restegarn: Litt Cliff Hat
Del 13 av serien om restegarn.
Eg skulle egentlig strikke Cliff Hat som er ei lue oppskrift eg har hatt lyst til å strikke lenge. Men så leste eg verken oppskifta eller brukte garn som passa, så då bare strikka eg etter lysten. Lua er meir inspirert av den oppskriften enn eg har fulgt den, meir etter min fantasi. Målet var å bruke opp rester fra freestyle lageret, noko eg nesten klarte.
Eg syns det var moro å strikke med så mange forskjellige farger, og å sette dei sammen på forskjellig vis. Kvit som bare, og så måtte alle fargane gå igjen minimum 3 ganger. Også i fellinga er det litt mønster.
Lua vart liten. Den passer eit lite damehode, men sånn går det når ein ikkje sjekker måla før ein begynner å felle. Eg kunne nok strikka ein cm eller to til. Uansett, den finner nok ein eiger, inntil videre er det fint å ha den liggande.
Garn: Freestyle
Pinne: 4
Vekt: 76g
Oppskrift: Inspirert av denne oppskriften (Cliff Hat).
Etiketter:
lue,
restegarn,
Restegarn-prosjektet,
strikke
fredag 5. desember 2014
Julegavetips
tirsdag 2. desember 2014
Stripete raggsokker
Sokker er ikkje det eg strikker mest. Eg syns det faktisk kan være litt kjedelig, spesielt til lange føtter. Sokkeskuffen er ikkje akkurat full for å si det på den måten, den er ikkje prioritert. Men eg håper det skal bli ein slutt på det, eg fryser nemlig på føttene. Og det veit eg det er fleire som gjør også, så det må nok strikkes sokker fram over.
Eg fant ut at det var greit å strikke sokker som er litt tjukke, på pinne 3 og med striper. Striper er motivasjonstrikking og gjør at sokkene blir litt meir enn bare kjedelige raggsokker. To omganger med kver farge på desse, men kan godt variere stripe tjukkelsen eller bruke fleire farger... Bare fantasien som begrenser. Eg strikka forsterka hæl. Mest fordi eg ønsker at sokkane ikkje skal slites så lett, men også fordi eg syns det blir flotte hæler. Dei er gode og varme, alt tatt i bruk og eg har hatt fleire sokker på pinne (følg med).
Garn: Rauma Raggegarn/TasseladdPinne: 3
Vekt: 90g
Oppskrift: Litt Her og Bittas forsterka hæl.
søndag 30. november 2014
November
Hade November! Hei Desember!
I November fikk eg strikka ferdig nokre UFOar og vist fram nokre ferdige ting. Det føles godt å få gjort ferdig nok fra UFO-haugen. Eg fikk også strikka litt julegaver, dei kjem i slutten av desember;)
Så fikk eg endelig ferdig Soria Moria Vottene som var ein del av Mystery Mittens som Tori holdt gjennom Ravelry. Det kan du lese om Her.

Her er luene eg strikka i restegarnsporsjektet. Faktisk lue nr 11 og 12... Har fortsatt nokre eg ikkje har vist fram her. Stripelua og Boblelua.
Så tok eg eit skikkelig skipper tak og fikk festa alle trådene, vaska og blokka genseren eg har holdt på med ei stund. Eg er skikkelig stolt! Den skal få eit eget innlegg, må bare vente på fotolys og fotograf.
Ein anna genser eg også begynte å sjå slutten på er Lun Genser. Den er også ferdig vaska og klar til å vises fram i bloggen.
Det skjer så mykje den neste måneden. Som student betyr desember eksamens tid, og så er er det alle dei andre meir vanlige tings som skal ordnes og juleforbredeleser. Men det gleder eg meg veldig til, og belønninga etter eksamensperidoen er juleferie med venner og familie:) Desember, eg er klar!
Etiketter:
genser,
månedsoppsummering,
restegarn,
strikke,
votter
torsdag 27. november 2014
Mystery Mitten Clue 5 Soria Moria Votten
Endelig er dei ferdig! Dei har lenge mangla tommler (clue 5). Sånn går det når strikketøyet blir forlagt. Bedre seint enn aldri å få dei ferdig.
Dei vart skikkelig glade votter, med den gule "sola" som lyser opp. Akkurat det ein trenger i novembermørket. Den gule fargen er meir senepsgul enn knall gul, men det var vanskelig å få fram på bildet.Eg valte å strikke den minste størrelsen, men med litt større pinner. No angra eg på at eg ikkje strikka størrelsen større. Dei vart nemlig veldig små. Og så vart mansjetten vid. Jaja, det finnes hender dei passer til, og ulla former seg jo etter hendene etter som vottane er i bruk.
Det var moro å strikke eit av Tori sine mysterier, eg kosa meg heile vegen. Vis du skal strikke dette mønsteret burde du være obs på at framsida og baksida er delt inn litt annerledes enn vanlige oppskrifter, men etter ein stund så gjør det ingenting at den er sånn.
Pinne: 3 og 3,5
Garn: Rauma Fin ull
Vekt: 53g, det går mest av bunnfargen.
Oppskrift: Tori sitt mysterie på Ravlery(tråd) , men er også ein del av vottelaugets "Votter fra eventyrskogen"
Her kan du lese resten av mine innlegg om mysteriet.
Etiketter:
mysterie,
mystery mittens,
strikke,
tori,
vottealong,
votter
tirsdag 18. november 2014
Restegarn: Striper
Del 12 av serien om restegarn.
Striper, for meg er det litt elsk og hat. Hat fordi eg ikkje er favoritten på store plagg (illusjonen av at den gjør deg større), men elsk fordi eg syns det er utrulig stilig. Også er det moro å strikke, fint å bruke opp restegarn på og det kan kombineres i det uendelige. Så då vart det striper da, med rester av freestylegarnet. Eg elsker nok striper meir enn eg hater, for eg syns denne lua er skikkelig kul. Og så har eg nok strikka fleire striper enn eg vil innrømme.
Godt med ei lue som er så klar i fargane som denne i haustmørket, den klare blåfargen og turkisen lyser skikkelig opp.
Eg husker ikkje kor mange masker eg la opp, men eg strikka r,vr på vrangborden. Strikka striper så lenge eg orka, før eg felte av.
Garn: Freestyle fra Dale
Pinne: 4,5 og 5,5
Vekt: 65g
Oppskrift: Egen.

søndag 9. november 2014
Djevellue
Dette er også eit prosjekt som var nesten ferdig. Det mangla bare snorer. Det var ganske raskt ferdig, så no skjønner eg ikkje kvifor også denne lua har logge så lenge uferdig. Uansett, no er den ferdig!
Lua strikka eg i str 6mnd, så eg håper den vil passe om litt. Mulig eg må strikke ein som er litt mindre også.
Denne lua skal bli ein del av eit sett til ein liten baby som kjem i januar. Vinterbabyer trenger ull! Eg vil strikke ei jakke i samme farger sånn at det blir eit sett. Mulig eg også strikker sokker som passer sammen. Får sjå kor mykje garn som blir igjen når eg er ferdig med jakka.
Garn: Rauma Baby ull
Pinne: 3
Vekt: 28g
Oppskrift: Her.
fredag 7. november 2014
Mamma og Pappa Votter SOS Baby votter
Eg fortsetter med å strikke ferdig påbegynte prosjekter. Det mangla bare å felle av toppen, feste tråder og lage bånd. Det tok meg ein liten time, så eg skjønner ikkje kvifor det vart liggande uferdig. Det passer jo godt å få dei ferdig no, fordi det ventes ein baby i familiekretsen i nærmeste framtid.
Muffin, som er designer, lager utrulig flotte oppskrifter. Dette designet er til ein pengeinnsamling til flyktninger i Syria, derfor SOS.
Hovedfargen eg har brukt er mørke grønn, fargen er nydelig, men på bildet virker den meir svart. I tillegg har eg brukt lysere grønnfarger.
Eg har også strikka ei lue med litt av dei samme fargene og tekner å strikke ei jakke til, sånn at det blir eit sett.
Garn: Rauma Babyull
Pinne: 3 eller 3,5Vekt: 28g.
Oppskrift: Her.
lørdag 1. november 2014
Restegarn: Boble
Del 11 av serien om restegarn.
Bobler er ein artig vri på rette masker, og så er det vedlig enkelt å strikke i forhold til det ferdige resultatet som blir.
Eg har endelig sett slutten på freestyle garnet. Det er eit garn eg ikkje liker, syns det er stivt å strikke med. Det egner seg godt til luer, så det var det dei siste nøstene måtte bli (ja, eg har tre luer til i freestyle som eg har igjen å vise fram).
For å få med litt meir blått, valgte eg å strikke nokre blå omganger i mellom radene med bobler. Eg syns det vart litt stilig. Vrangborden er bare enkel 1r, 1vr.
Garn: Freestyle fra Dale, Baige og Blå.
Pinne: 4,5 og 5,5
Vekt:72g
Oppskrift: Her- Malsen og mor.

Abonner på:
Innlegg (Atom)