søndag 29. juni 2014

Restegarn: Ribbelue i selvstripende garn

Del 5 av serien med restegarn.
Garnet eg har brukt i denne lua fant eg når eg rydda i ei eske med div ting. Det var bare eit nøste igjen, ein rest etter ein gave for lenge sea (år).
 I og med garnet var selvstripende, valte eg å strikke vanlig ribbestrikk. Då slapp eg også å tenke på kven som skal være mottaker av denne lua. Eg strikka til det var litt igjen av nøstet og felte av i toppen.
Pinne: 8
Garn: Rosendal fra Gjesdal
Vekt: 51g
Oppskrift: Ribbelue: La opp 74, 1r,1vr

lørdag 28. juni 2014

Bill.mrk: Make Ønskes

Å være enslig eller singel trenger ikkje være noko problem, det er det mange som trives med. Luer for eksempel, den kan godt være singel eller einslig. Men ein vott derimot... Man blir liksom ikkje heil med bare ein vott. Det må og burde være to av samme slaget (eller i vertfall ein som ligner). 


Eg håpar at eg får ein sånn "votteskjau" over meg igjen slik at dei kan få seg ein make. Den eine votten er alt nokon år gamal, det får bli test om eg har endra strikkefasthet eller ikkje. Uansett så haster det ikkje, dei rømmer jo ikkje fra strikke posen, og eg har jo egentlig godt tid. Så mange votter som eg strikka i fjor(link) er det ingen fare for om nokon skulle fryse på hendene i vinter.

søndag 8. juni 2014

Hekle litt igjen...


Det er alt for lenge sea sist eg brukte heklenåla. Jammen på tide igjen. Sommerluft får meg til å bytte ut ull med sommerliggarn. Fortsettelse følger...

mandag 2. juni 2014

Mai

Mai måned er eksamens tid som betyr mindre strikking. Det har bloggen bært preg av i stor grad. Heldigvis har eg hatt nokre ferdige ting å vise fram. Lite lyst til å strikke og godt vær har ikkje akkurat gjort at eg har fått ferdig mange prosjekter. MEN eg håper at dette endrer seg nå når eksamenstida snart er ferdig og eg forhåpentlig vis får litt av lysten tilbake.

Dette har bloggen vært prega av:

Kofter.
Eg har faktisk begynt å stikke mi eiga kofte. Det må jo være Valdreskofte  til Valdresjenta. Bildet over er lånt fra Sandnesgarn. Under ser dere begynnelsen på kofta. Eg er godt i gang med ein arm for å sjekke strikkefasthet. Den har fått pause fordi det kom andre prosjekter i veien. 

Luer.
Luene er ein del av restegarnsserien der eg bruker opp restegarn og strikker luer. 
Her kan du lese:


På genseren, Next year in Lerwick, har eg begynt å strikke armer og festa litt tråder på bolen. Det greit å feste litt tråder etterkverdt, det blir mange på ein slik genser. Den første armen har eg komt halveis på, men den er nedgradert til kveldstrikketøy på grunn av varmen. Farge på det eine bildet er meir grønn.



Som belønning for eksamen begynte eg også å strikke eit vottemønster eg lenge har ønska å strikke. Eg veit ikkje om det er mange som husker dette innlegget?  Eg har endelig begynte å strikke Deep in the forest mittens. Utfordrande mønster med ingen like omganger og det er på engelsk. Kjempe moro å strikke. Eg har fått ferdig ein vott, så må få nr 2 på pinne snart.

mandag 19. mai 2014

Restegarn: Dots lue

Del 4 av serien med restegarn.
Denne lua var ein av dei første luene eg strikka i restegarnsserien. Eg såg for meg å bruke opp alle restene av Drops Merino Extra Fine, men så oppdaga eg at eg hadde mykje meir av det garnet enn til bare nokre luer. Så det vart med å bruke opp nokre rester eg ikkje hadde fått brukt til noko anna. 
Eg hadde lyst til å strikke noko med prikker på, og når eg satte meg ned for å tegne vart det skikkelig polkadots.

 Eg strikka mønsteret til eg syns lua var lang nok, strikka dei små dotsa og felte av i toppen. Lua vart litt liten, men passer nok til ei jente. Kjekt å ha litt liggande i gave eska.
Eg kjem nok til å strikke ei lue som er litt større og prøve å få dota med lenger opp, mulig eg også må finne ein anna måte å felle toppen på enn denne. Håper det kan bli eit mønster etterkvert.
Pinne: 4
Garn: Drops Merino Extra Fine
Vekt: 69g
Oppskrift: Egen.

torsdag 8. mai 2014

Kofter

Kofter har tatt over etter Marius bølgen og har nesten blidt like populær. Ukeblader, designere og for ikkje å glemme Kofte jakten som bloggeren bal Livets lyst står brak. Norske ikoner og strikke plagg er i vinden som aldri før. Det er moro å la seg inspirere til nytt strikketøy på pinnen.

Sjølv har eg lyst til å strikke Valdreskofta. Valdresjenta må ha Valdreskofte. Gjerne med litt innsving i live, litt kort og med rund hals. Oppskrift i Sandnes Garn sitt hefte med Klassikere.

Andre kofter som er flotte:
 Nancy kofta fra Sandnesgarn hefte Tema 35 Norske Ikoner. Veldig populær å strikke.
 Dale har komt ut med retro helfte til dame og herre. Her er det mange godbiter.
 Nordkappkofta som er eit av dei gamle strikkeoppskriftene som har komt fram igjen. Bildet er lånt her i fra. Oppskriften ligger gratis her.
 Retro inspirert kofte med litt anna utrykk. Liker fargene på den. Bildet lånt her. 
Retrokofte fra 1962. Publisert i et ukeblad. Bildet er lånt her.

Haukelikofta er også svært populær. Bildet lånt og oppskrift finner du her.

Vis du vil bli inspirert til meir koftestrikk, fargesammensetninger og sjå på meir oppskrifter anbefaler eg denne facebooksida som tilhører koftejakten: Koftegruppa.


Til slutt har eg lånt eit bilde av den ny komponerte kofta til Wenche Roald med dale hester på.
Bidet er lånt fra bloggen hennes, du kan lese meir om den her og intervju med henne i bloggen til Woolrocks.

tirsdag 6. mai 2014

Restegarn: Ribbe lue i Hexa

Del 3 av serien om restegarn.
Eg hadde også to nøster med Hexa + ein liten rest etter eg strikka dette skjerfet. Hexa er eit supert ganr å strikke lue av. Mjukt og kløfritt på tjukke pinner. Det går fort... Sammen med Kauni blir heller ikkje den baige fargen så kjedelig. Eg strikka den med enkel ribbestrikk, 1r,1vr til eg var fornøyd med lenga og felte av i toppen. 


Pinne: 6
Garn: Hexa fra DSA og Kauni 8/2 EH
Vekt: 79g
Oppskrift: 1r,1vr. La opp 74m.

fredag 2. mai 2014

April

April betyr opptrapping mot eksamen, og så var det påskeferie. Påskeferie med ski og fint vær, som vil si lite strikking egentlig.

Eg har vist fram to av luene eg strikka i restegarn, dei kan du sjå her og her.

 

Så fikk eg endelig vist fram sinnasau jakka mi, innlegget finner du her.

Eg har strikka ferdig bolen på Next Year in Lerwick, og eg er kjempe fornøyd med fagrevalg. Den er moro å strikke. 
Tuin har eg stort sett latt kvile, bortsett fra to dager i påska då eg trengte noko enkelt å strikke på. Den nærmer seg ferdig på bolen den også.

Ein dag fant eg ut at eg skulle ta fram ein gamal ufo som har plaga meg lenge at ikkje var ferdig. Det verste var at dei bare mangla tommler så var dei ferdig. Endelig er pulvantene Augusta ferdig! Eget innlegg kjem... Oppskrift her.


Så fant eg ut at eg ville strikke vottar igjen. Moro med eit enkelt, men engasjerande prosjekt. Vottar har alltid facinert meg, og spesielt etter eg begynte å strikke. Denne gangen hadde eg lyst å strikke noko som var fargesprakande og kanskje ikkje typsik meg i fargane. Selbu vott or not, oppskrift her.



I mai: Strikke ferdig enda ein Ufo, fortelle om Augusta og få ferdig fleire prosjekter.

mandag 28. april 2014

Restegarn: Grønn Ribbelue

Del 2 av serien med restegarn.
Eg hadde nokre nøster med grønt garn som har mista magebåndet sitt, som eg fant ut ville gjøre seg godt som lue. Det grønnegarnet var i 3,5 str så eg la opp og strikka vrangbord 2r,2vr. I lageret fant eg også eit nøste med kvit plum som eg strikka sammen med den grønne sånn at lua skulle få ein litt meir mjuk tekstur. Etter vrangborden strikka eg ribbestrikk 1r,1vr, og skifta litt på etter omganger sånn at dei rette partia og dei vrangepartia bytta plass. Som felling valgte eg ein litt baggy type. Lua vart romslig og god.

Pinne: 3.5 og 4.5
Garn: Plum og noe som ligner på Rauma raggegarn
Vekt: 65
Oppskrift: 1r,1vr

lørdag 26. april 2014

Restegarn: Bølge lue

Del 1 av serien om restegarn.
Eg bestemte meg for å strikke opp nokre einslege nøster eg hadde liggande av div garntyper. Nøstene egna seg best til luestrikking synes eg, og så synes eg det var ein motivasjon å strikke noko som var raskt og at eg kunne strikke mange forskjellige oppskrifter og mønster. 

Den første er strikka i Nepal fra Drops. Eg husker ikkje kor mange masker eg la opp, men lua vart i barnestørrelse. Mønsteret er enkelt å strikke. Eg kunne gjerne brukt farger som har større kontraster, men det var det eg hadde liggande. Kjempe greit med sånne små prosjekter innimellom, eg er fornøyd!
Pinne: 4 og 4,5
Garn: Drops Nepal
Vekt: 64g
Oppskrift: Her.