mandag 28. april 2014

Restegarn: Grønn Ribbelue

Del 2 av serien med restegarn.
Eg hadde nokre nøster med grønt garn som har mista magebåndet sitt, som eg fant ut ville gjøre seg godt som lue. Det grønnegarnet var i 3,5 str så eg la opp og strikka vrangbord 2r,2vr. I lageret fant eg også eit nøste med kvit plum som eg strikka sammen med den grønne sånn at lua skulle få ein litt meir mjuk tekstur. Etter vrangborden strikka eg ribbestrikk 1r,1vr, og skifta litt på etter omganger sånn at dei rette partia og dei vrangepartia bytta plass. Som felling valgte eg ein litt baggy type. Lua vart romslig og god.

Pinne: 3.5 og 4.5
Garn: Plum og noe som ligner på Rauma raggegarn
Vekt: 65
Oppskrift: 1r,1vr

Ingen kommentarer: