Det blir mykje votter på bloggen om dagen, men eg liker det:)
Dette er Aprilvottene i vottealongen til Projo, ein måned for seint, men eg nærmer meg ajur no. Eg var litt spendt på å strikke dei, fordi eg ikkje er så glad i å strikke einsfarga og struktur mønster er ikkje det som står høgest på lista å strikke. Likevel føler eg at eg har godt av variasjon. Derfor var det litt tregt å koma igang, eg surra med omgangene og måtte rekke opp. Uansett litt plunder, her er dei ferdig og eg er kjempe fornøyd! Raske og strikke, sitter godt på hånda, godt mønster og flotte å sjå på når dei vart ferdig. Strikker gjerne fleire par!
Oppskrifta finner du her (gratis), det er dyktige Bitta Mikkelborg som står bak designet. Eg strikka mine på pinne 4,5 med Nepal. På forhånd såg eg at mange sleit med å få eit nøste pr vott til å holde. Men eg fikk litt rester igjen i hovedfargen, pluss det vesle eg brukte av baige som kontrast (eg liker å sette litt personlig preg på vottane eg stikker). Eg har ikkje veid dei og sett kor mykje garn eg har brukt, men eg tipper at dei veier litt under 100g til sammen. Blå fargen (7139) er nydelig!Du kan sjekke ut facebook sida til alongen her, og bli medlem.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar