Viser innlegg med etiketten Mimosa-studentbutikken på Notodden. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Mimosa-studentbutikken på Notodden. Vis alle innlegg

tirsdag 23. mars 2010

Proud to bee free. Og meir hekla...

Eit nytt multimedium lerret. Syns det er moro å lage noko anna enn bare kort, som du sikkert ser. Eg kjenner eg er inni ein sånn klin og klæsj periode med maling, ekspremintering. Gjerne på lerreter og på anna. Stilene eg er inni no er litt forskjellige, alt frå blomstrete, "meg" og artsy. Jaja... Det er spenande å prøve ut litt forskjellig.
Her har eg brukt div acrylic dabber, gesso, stempel, halvperler og bånd. Båndet har eg fått frå min vesle bror og kjæresten hans og den er kjøpt i Italia.  Stempelet er frå Inkadinkadio og eg har fargelagt med lee plume tusjer. Nålene er frå mm.
Stempel: inkadinkadio. Blekk: Stazon- jet black. Papir: photopapir. Annet: Nåler frå mm, stickers, bånd frå italia, pon-pon bånd frå panduro, leeplumetusjer, gesso, dic acrylic dabber, halvperler.
---

Her er mine fyste amigurumi-figurer. Gris, mus og bever som eg har hekla med bommulstråd og pinne nr2.
Eg har pynta dei med sløyfer, skjerf og blomtserbling. Augene er kjøpt på panduro.

mandag 22. mars 2010

Thats just so cute- påske extra. Og Hekling...

Thats just so cute har ein påske extra, som passer godt til denne tida syns eg. Eg har kost meg med å dekorere dette påske egget. 
Egget er fyst grunna med gesso, før eg dekorerte det med blomster, bånd og charms. Etterpå spraya eg egget godt med to farger glimmermist.

Blomstene fikk til slutt eit støk med tørr pensel med acrylic paint-silver.
Blekk: Distress ink- Peeled paint. Blomster frå prima, spellbinders, kort og godt, bånd, glimmermist-candy apple og sea foam, acrylic dabber-silver, bling og gesso.

---
Så får eg vise fram eit av mine fyste produkter som eg har hekla sjølv. Eg må si det at eg er ganske stolt av meg sjølv, eg har lært meg dette ved hjelp av ei bok og no hekler eg etter oppskrifter.
Dette er ein hals som er enkelt hekla med halvstolper og effekt garn frå nille med pinne 5.

torsdag 18. mars 2010

Thats just so cute- extra cute #6

Extra utfordingen til Thats just so cute er temaet lekent og fargerikt. Eg vil si at dette påskeegget er fargerikt i fargene med ein litt vårlig touch og leikent i fagre bruken. Enn blir glad av å sjå på det.
Egget er grunna med gesso, og til slutt glimmermist- candy apple. 

Eg syns dette egget vart fint, liker fargekombinasjonen så godt. Eg har dekorert hovedsakelig med blomster og bånd. Båndene har eg klipt biter av og limt på.

Blomstene eg har brukt er frå storyteller og kort og godt. Eg syns at blomstene trengte ein ekstra touch, så eg har påført litt acrylic dabber- letuce med ganske tørr pensel.

Eg har også pynta med rosa halvperler. Båndene eg har brukt er i forskjellige mønster, fasonger og kvaliteter for å skape kontraster. 
Annet: blomster frå storyteller og kort og godt, div bånd, halvperler, acrylic dabber-letuce, gesso, glimmermist- candy apple.

torsdag 11. mars 2010

Til deg...

På dette kortet har eg brukt masse restepapir, på samme måte som her. Eg har limt masse papirbiter på kopiarket, påført gesso med vaten og litt perfect pearls på områder. Der eg ville at hovedmotivet skulle være har eg påført ublanda gesso. Motivene er glansbilde stickers frå panduro. Ellers har eg sverta kantene med color box- dark brown og pynta med tekst og halvperler.
Blekk: Colorbox- dark brown. Papir: div rester, kopipapir, blå kartong. Annet: bokstav stickers, gesso, perfect pearls, glansbildestickers, halvperler.

onsdag 10. mars 2010

Påske egg...

Det er snart påsek og då er tida inne for påske egg, og her er det eg har dekoret. Eg har ikkje akkurat brukt vanlige påske farger, men eg syns det var litt vårlig fordi om fargene eg har brukt er hovedsakelig raud og blå. Fyst så grunne eg det med gesso, så blanda eg litt gesso og litt akryl maling sammen og påførte det. Tilslutt dekorerte eg med bånd, blomster, sommerfulg og swirler.

Dei raude blomstene var kvite, men har fått litt glimmermist på seg for å stå i stil med sløyfa.

Mange av blomstene eg har brukt er frå kort og godt. Dei kvite blomstene som henger ned på sidene, har fått litt gult blekk på seg.
Sommerfulgen er frå karen marie klipp. Alle dei raude blomstene har fått litt rosa glitter på i midten.
Blekk: Brilliance- sunflower yellow. Annet: Blomster frå blandt anna kort og godt, swirler frå prima, sommerfugl frå karenmarieklipp, bånd, stcikles-rosa, acrylick dabber-sail boat blue, gesso, glimmermist- candy apple red.

tirsdag 9. mars 2010

Trykkpressa mars, eske med bånd.

Denne måndens utfording hos trykkpressa er esker med bånd. Det kan være kva slags esker som helst og kravet er at det skal være bånd på. 
Eg har dekorert to fyrstikkesker som eg har limt sammen. Fargene eg har brukt er blå og gul, som eg opplever som ein frisk kombinasjon.

Mykje av blomstene eg har brukt er frå kort og godt,dei kvite blomstene har fått litt gult brilliance-sunflower yellow. Båndet har eg knytta rundt den vesle fyrstikkeska.

Alle kantene er sverta med color box-creamy brown. Også på skuffene har eg påført gult blekk.

Pynta med halvperler i kvitt og brunt. Mønster papiret er frå ukjent designer, eg har også brukt gul og blå brazzill. 
Blekk: Color box- creamy brown, Brilliance- sunflower yellow. Papir: rester- gul og blå brazzill, mønster papiret er ukjent. Annet: halvperler, bånd, blomster frå kort og godt, fyrstikkesker.

lørdag 6. mars 2010

Bee Free...

Eg har dekorert eit lerret. Fyst grunna eg det med acrylic dabber, før eg påførte embossing pasta og distress ink med ein palett kniv. Så stempla eg motivet med stazon på photopapir og klipte ut, før eg limte det på lerretet med gesso. Dekorer med blonde og blomster.

Motivet har fått litt farge på, her har eg brukt leeplume tusjer for å framheve blomstene på fuglen. Eg har brukt ein svart tusj for å skrive og drodle rundt. 
Blomstene har fått litt ditrss ink, stickles og glossy accent på seg for å få litt meir djubde på dei. Eg har brukt samme lilla farge på blomstene som i bakgrunnen.
Blekk: Distress ink- dusty concord, Stazon- jet black, Versacraft- Papir: photopapir. Annet: Blonde, embossingpasta, dabber, stickles- antique linen, gesso, lee plume tusjer, glossy accent, mini lerett, blomster.

onsdag 3. mars 2010

Til deg... Og litt anna.

Som så mange andre er eg nødt til å tilbringe ein del tid med denne krabaten (under), som til no er blidt min nye trofaste venn. Hender den dukker opp ein og anna gangen ellers også, men no ser vennskapet vårt ut til å bli forholdsvis langt i forhold til dei andre gangene. Eg har, som sikkert så mange andre også, blidt forkjøla. Min forkjølelse kjem med KJEMPE tett nase og ein litt snikande feber som ser ut til å koma å gå jevnlig. KJEMPE GØY! 

Det heldige er at eg veit med sikkerhet at eg måtte gjennom ein sånn runde og at det forhåpentlig vis er mange månder til neste gang!!!
Ellers holder eg på med siste innspurt på filmen som er siste del av kunstlab prosjektet og som skal leveres på fredag. Den vil eg vise her (vis eg får det til) ein gang i framtida.

Så over til kortet... Kort i vårens farger med detter søte Hänglar motivet som er fargelagt med promarker tusjer, vingene har fått litt glossy accent på  vingene sine. Mønster papirene eg har brukt her er bare rester. Eg har dekorert med filt stickers som er kjøpt på panduro. Det ovale panelet er teikna og klipt ut etter ein dies frå spellbinders, som er sverta med distress ink. 

Stempel: Hänglar og Stänglar. Blekk: Archival ink- jet black, Distress ink- tattered rose. Papir: div mønster papir rester, grønn skimmer brazzill, akvarell papir, lyseblå kartong. Annet: stickers frå mm, promarker tusjer, dies frå spellbinders, glossy accent, filt-stickers, glossy accent.

tirsdag 2. mars 2010

Gutte kort

Guttekort er kort eg ikkje lager så ofte, eg lager heller oftere kort til større gutter og voksen mannfolk. Derfor var det litt uvant, men allikevel moro å lage dette kortet. Kortet skulle være til Thats just so cute sin utfordring, som har valgt Marianne db som GD denne gangen og utfordingen er å lage kort til ein gutt i barneskole alder og det skal være bruk av stifte maskin på det. Men eg ser det at eg har gløymt å ta med stifter som var eit av kriteriene, dessuten har fristen gått ut. Eg ser også at kort til ein gutt på 3, ikkje passer heilt til gruppa barneskolealder... Jaja sånt skjer når enn ikkje leser oppgava godt nok før enn lager kortet. 
Uansett syns eg det var moro å lage sånne typekort også, så det blir nok fleire sånne kort. Liker også godt å klippe ut frå forskellige mønsterpapirer.


Stempel: Magnolia. Blekk: Archival ink- jet black, Color box- dark brown. Papir: blå kartong, ukjent mønster papir, lyseblå kartong, akvarell papir, utklip frå 3endypapir og imagenice mønsterpapir. Annet: gesso, promarkertusjer, rubons frå ett trykk,  glossy accent, svart tusj, tall frå ticker.

torsdag 25. februar 2010

Pusle fisk...

Denne fisken kjøpte eg på Steffen`s for ei stund sea, den har lenge stått i hylla mi udekorert. Men her er den ferdig dekorert i glade grønn farger.
Fyst grunna eg den med gesso for å få ei gjevnere overflate. Så har brukt forskjellig mønster papir som eg har limt på med lim, før eg pussa kantene med pussepapir for å få vekk unødige kanter. Eg trur den burde få eit lag med decoupage lim på seg før den skal giesbort eller selges.
Papir: Div mønster papir. Annet: gesso, lim.

tirsdag 23. februar 2010

Enkelt kort...

Dette kortet er også sånt som har logge på bordet mitt lenge før det vart ferdig. Eg lagde hoved panelet samme dag som eg lagde denne ATCen, eg har brukt omtrent det samme her. Syns pynten på det skulle være enkelt for å ikkje ta oppmerksomheten bort frå motivet. Syns denne teknikken gir ein flott effekt.
Stempel: See-D. Blekk: div Versacolor, Colorbox, Versacraft. Papir: photokartong, svart kartong, raudt papir, kort i kvitt. Annet: dies frå qk, halperler, bling.

søndag 21. februar 2010

Konvoluttkort i raude toner #4

Dette kortet er det siste i den raude serien med konvoluttkort. Beklaglig vis har eg bare dette bildet. Det er gjort på akkuratt samme måte som dei andre korta som er i samme serie, det er bare papiret som er forskjellig.  Du finner dei andre korta i serien lenger ned i bloggen.

Også dette kortet er i salg hos Mimosa- studentenes kreative utsalg.
Papir: Tilda (panduro), raud brazzill. Annet: blonde, blomster frå ladybug and friends, bånd- tilda (panduro), acrylic dabber- snow cap, små rosa aktige blomster.

søndag 14. februar 2010

Konvoluttkort i raude toner #3

Dette er det tredje kortet i serien med raude konvoluttkort. Eg har brukt akkuratt det samme på dette kortet som dei to tidliger med samme overskrift. Forskjellen er bare mønsteret på papiret. 
Også dette koret er i salg hos Mimosa.
Papir: Tilda (panduro), raud brazzill. Annet: blonde, blomster frå ladybug and friends, bånd- tilda (panduro), acrylic dabber- snow cap, små rosa aktige blomster.

fredag 12. februar 2010

Konvoluttkort i raude toner #2

Her er det andre konvoluttkortet i raude toner, lagd med papir frå samme papir serie som dette. 

Dette kortet er også i salg hos Mimosa, som er ein butikk nokre studenter i min klasse har starta. Vis du er i Telemarks-området vil eg råde deg til å ta deg ein tur innom deres koselige lokaler i Storgata 58, Notodden. Åpningstider: Torsdag 15-18 og lørdager 11-14. Dei vil også åpne ein krok på Tuven-senteret. 
Papir: Tilda (panduro), raud brazzill. Annet: blonde, blomster frå ladybug and friends, bånd- tilda (panduro), acrylic dabber- snow cap, små rosa aktige blomster.

tirsdag 9. februar 2010

Konvoluttkort i raude toner #1

Eg har lagd ein serie med raude og kvite konvoluttkort. Det er 4 til sammen i serien. Eg har lenge hatt ei blokk med tilda ark (panduro) liggende og eg har ikkje vist kva eg ville bruke dei til. Det slo meg at nokre av dei kunne bli fine konvoluttkort. Eg liker det litt romantiske preget papiret har, og ved å bruke nokre av dei på denne måten kjem både framside og bakside til sin rett.
Kortet er typsik jentete/damete, og sukkersøtt. Men eg syns det er moro å lage nokre anerledes enn det eg bruker å gjøra.

Dette kortet er i salg hos Mimosa studentbedrift. Vis du bur i Notodden eller Telemarks området, anbefaler eg å stikke innom denne koselige butikken (storgata 58 i Notodden). Her finner du kunst arbeider lagd av studentene på Høgskulen i Telemark avd Notodden. Ta ein titt i bloggen deiras for å sjå litt av utvalget!


Papir: Tilda (panduro), raud brazzill. Annet: blonde, blomster frå ladybug and friends, bånd- tilda (panduro), acrylic dabber- snow cap, små rosa aktige blomster.

lørdag 30. januar 2010

Sketchy colors #8 Skisse

Denne veka hos Sketchy Colors er utfordringen denne flotte skissa under...
Her er kortet mitt. Eg valgte å lage eit valentines kort med dette søte stempelet frå paperbagstudio. Motivet har eg fargelagt med ditress ink for å gi det litt farge. Ellers har eg dekorert med hjerter, charms og scrappefloss. Det raude hjertet er lagd med krympeplast. 


Stempel: paperbagstudio. Blekk: div Distress ink, Archival ink- jet black, Versacolor- royale blue, Color box- dark brown, Brilliance- rocket red. Papir: lyseblå kartong, akvarell papir, shimmer kartong. Annet: krympe plast, embossing dies frå qk, scrappersfloss, charms, stickers frå mm, crackle paint- fired brik, div glimmermist til bakgrunnen, tag, svart tusj.

tirsdag 26. januar 2010

Gratulasjons kort med reste papir...

Her er enda eit kort eg lagde av reste papir limt på kopipapir. Så påførte eg gesso og vaten på for å binde det meir sammen. Eg limte på motivet og påførte gesso rundt for at det skal gå meir inn i bakgrunnen. Eg syns det er ein grei måte å bruke opp sånne små rester som sjeldent blir brukt til noko anna enn til å ta opp plass. Eg har fleire kurver med små rester som skal brukes opp, og eg føler at eg ikkje kan kaste det heller. Det er det sikkert fleire som også har det samme problemet. Eg trur nok det blir fleire sånne kort, er tross alt rask å lage når enn har limt opp alt. Syns det blir spenande kort av denne måten å bruke papir på.

Men no har eg skravla i vegen om noko eg kunne skreve om på to linjer, i stedet vart det ein del fleire. Og ved å skrive dette også vart det jammen meg to til;)

Stempel: paperbagstudio. Blekk: distress ink til fargelegging. Papir: dvi rester, blå brazzill, akvarell papir. Annet: bling, gesso, rub ons frå ett trykk.

fredag 22. januar 2010

Sketchy Colors #7 Turkis og brun

Denne ukens utfording hos sketchy colors er fargene turkis og brun.
På dette kortet har eg lagd egen bakgrunn ved help av dies og div "mister". Eg har brukt den eine diesen som eg brukte som maske og limt den på sånn at vingene på den står litt ut frå underlaget.


Blekk: Distress ink- vintage photo, Versacolor- Royale blue. Papir: akvarell papir, turkis skimmer brazzill, brun brazzill. Annet: stickers, charms, blånde, scrappersfloss, dies frå qk, glimmermist: frost, denim blue, meadow green, Candy apple, egen blanding (med bla borken china og perfect perls), shimmer mist- gold.

torsdag 21. januar 2010

Sukkersøt #68 Feiring

Eg håper sakte, men sikkert at kort boksen skal bli fullere og at det skal bli fleire kort der. Eg mangler grautlasjons kort særlig til barn eller litt meir ufromelle. Derfor passer ukens utfordring hos Sukkersøt så bra, temaet er feiring. Eg syns at denne klovnen frå Whipper snapper passer godt, den er fargelagt med promaskertusjer og har fått på seg litt glossy accent. I utgangspunkt ville eg prøve ein slags resist teknikk som eg har sett i bladet craft stamper magazine. Den går ut på å stemple motivet, fargelegge det i lyse toner, stemple over eit mønster med versamarker, klar embosse det og fargelegge over igjen med sterkere farger. Eg syns ikkje det fungerte særlig bra, enten hadde eg for lite resist flate med det stempelet eg har brukt eller så fester promarkeren seg til det eg har embossa. Det syns bedre rundt der eg har sværta med distress ink. Eg får bare fortsette å prøve, syns det var fine eksempler i bladet i vertfall...

Stempel: whipper snapper. Blekk: Distress ink- vintage photo, Archival ink- jet black, versamarker,Versacolor- royale blue. Papir: akvarell papir, blå brazzill, raud kartong, ukjent mønter papir. Annet: stickers, bånd, dies frå spellbinders, transparent embossingpulver, puncher frå martha stewart, promarkertusjer, glossy accent.

lørdag 16. januar 2010

That`s just so cute #5, nyttår

Dette kortet blir mitt fyste i 2010 og her har eg samla masse restepapir på ei kopipapir og påført gesso på for å binde det sammen. Dette er noko eg har tenkt på lenge og etter å ha sett ein artikkel om reste bruk i craft stampers magazine var det bare å hive seg på. Det passer også godt til utfordringen hos that`s just so cute der utfordringen går ut på og inspirere seg av det nye: nye teknikker, minner, nye produkter osv...


Stempel: Paperbagstudio. Blekk: div distress ink. Papir: akvarell papir, div papir rester, kopipapir, raud brazzill. Annet: gesso, rubons frå ett trykk, stickers frå mm, halvperler.