tirsdag 31. mars 2015

Måneden som gikk: Mars 2015

Så er mars også forbi. Eg føler at tida går veldig fort om dagen, men eg trur at det har noko med at eg har veldig mykje å gjøra ellers. Eg går no siste semester av utdannelsen min, i den forbindelse er det mykje som skjer i skulesammenheng og privat. Men moro når det skjer litt også:)

Det vart gjort mykje strikking denne måneden, men det meste var hemmelig.
Eg strikka 3 par sokker som skulle bli påskegaver, og fikk nesten ferdig par nr 4. Veldig bra til å være meg. Søskna mine ønsker seg sokker eller føslo som det heiter der eg er fra, så då er det litt enklere å strikke sokker.

Eg har også holdt på med litt andre prosjekter:

Rilleteppet:
Eg har mykje rester i pinne str 3,5 i ubehandla ull og behandla ull fra div prosjekter og som eg har fått. Av det tenkte eg å stikke eit rille teppe. Eg har begynt og stikker litt på det innimellom. God med noko som er tankelaust, og der du ser at restene blir borte.

Mariusgenseren:
Eg har begynt å strikke mønster. Det er mykje mønster strikk på vranga, så eg merker at det tar mykje lenger tid. Moro er det uansett. Eg gleder meg til den blir ferdig.




Ingen kommentarer: