Her er julegavene eg strikka. Nokre er vist fram her, mens andre er ikkje vist fram ennå. Luer, sokker, votter, babyjakke og eggvarmere.
Det Mislykka prosjektet. Ein vott som låg ferdig, men som mangla make. Eg strikka nr 2 så fort som mulig. Så haste tova eg dei på hurtigprogram, men dei var fortsatt like store(!). Eg gav dei ei runde til i maskina på 60grader med masse håndkler. Eg tenkte det ville gjøre dei passe... Men i min iver for å få dei tova i passlig strørrelse vart dei alt for små, tjukke og klumpete. Det var ikkje mulig å putte ei hånd inn der uansett størrelse.
Kort prosess, klippa opp, og no får dei eit liv som såler.
I Restegarnsprosjektet har eg komt til lue nr 13, og det er forstatt mange å ta av i kurven som ikkje er vist fram her. Eg har faktisk planer for å strikke fleire til dette prosjektet også i det nye året. Det har nemlig dukka opp meir garn som kan bli luer.
Dette er Litt Cliff Hat som du kan lese om her.
Eg innsåg at sokkeskuffen min var svært nedprioritert og at eg var lei av å fryse på beina, derfor mått eg begynne å strikke sokker til meg sjølv også. Eg syns det var moro å strikke striper så eg strikka Stripete raggsokker til meg sjølv.