Sauer er spesielt for meg. Oppvokst på gård med sauer og odelsjente. Eg tenkte med ein gang at dette var ei jakke eg skulle strikke til meg sjølv. No er den ferdig! Det tok meg godt over 2år å få den ferdig, så det var godt. Den var ikkje vanskelig å strikke, og mønsteret var godt skreve. Det var heller meg som var uerfaren og kasta meg ut i eit sånt stort prosjekt, eg er heller ikkje så veldig glad i lange rettstrikka partier sjølv om det kan være fint til tider. Ein anna ting er også det at det har komt andre prosjekter som har vært meir fristande å strikke enn denne, eg er i følge tester (belbins-test) ikkje nokon ferdigstiller. Av og til må eg bare ta meg i nakken!
Eg prøver å gi det eg strikker mitt eget preg og uttrykk. Når det er ei så populær jakke å strikke og det kjem mange utgaver av den, prøver eg å gjøra noko ingen andre har gjort. Eg er heller ikkje glad i striper på så store plagg, dermed vart det heller ingen utprega striper på jakka mi. Sauene er i mitt hode ikkje heilt kvite, derfor vart sauene på jakka også litt spettete. Eg skifta på å strikke annakver med kvitt og baige og to kvite, ein baige. Augene er blå, dei har eg også strikka. Bak sauana har eg også strikka inn litt mørkere parti, ellers komponerte eg litt mønster sjølv. Heilt enkle border med annakver farge og skifta på det.
I og med at eg ikkje ville ha dominerande striper, strikka eg striper som går over 1 omg (bortsett fra øverste del, der er det gjort som i oppskrifta). Eg valte to hovedfarger som var ganske nære kverandre i farge, den eine fargen var effekt garn som skifta nyanse etter som eg strikka. Desse to skifta eg på å strikke annakver omg med. På denne måten fikk eg striper, men på avstand gir det eit heilt blått uttrykk.
Nederst på armene brukte eg ein lys grå farge (PT2) som erstatta den eine bunnfargen, dette på grunn av mangel på garn i den fargen. Eg fikk nok av den fargen til å strikke ribbekanten nede og nesten heile knappestolpen. Eg måtte ty til den eine blåfargen som eg har brukt rundt sauene til den siste omgangen og fellinga på knappestolpen. Det var eg veldig usikker på om blei bra når problemet oppsto, men det vart bra.
Eg er veldig fornøyd med jakka. Den er god og varm, men også lett.
Når bildene blei tatt blåste det veldig. Eg syns også det er litt uvant å bli tatt bilder av på denne måten, men det er fint med litt bilder av plagget på også:)
Pinne: 2,5 og 3
Garn: Kauni, Fin ull og PT2
Vekt: 344g
Oppskrift: Pinneguri,
her.
Ravelry prosjektet finner du
her.