onsdag 26. desember 2012

Ipadcover

Ein av årets julegaver var eit ipadetui. Eg har komponert mønsteret sjølv med inspirasjon fra her og der. Den skulle passe ein mini-ipad, og eg tenkte den måtte være tett strikka og strikka i garn som er litt tjukt. Eg er fornøyd med det første utkastet, for det blir nok fleire. Må strikke ein til min egen ipad også!

Eg har brukt pinne nr 3, og grått Petunia bomullsgarn fra PT og kvit bomullsgarn fra Solberg Fiol. Kombinasjonen mønster og garn, gav eit solid og elastisk etui som kan vaskes på 60grader.
Foreløpig er det ingen låsing på den, men eg har tenkt å lage ei løsning på det.

Ingen kommentarer: