Ein kveld fikk eg det for meg at eg skulle prøve å få dei ferdig. Eg mangla oppskrifta og såg raskt at eg hadde surra med fellinga på votten og plasseringa på tommelen (to høgre votter). Jaja, tenkte eg, eg skal bruke dei sjølv og strikka dei ferdig sånn som eg meinte dei skulle være. Putta dei i vaskemaskina samen med eit håndkle og fikk tova dei. To ganger på hurtig program og ein gang på 60grader måtte til. Men no sitter dei godt på hånda mi og det synes ikkje at eg har rota litt med felling og plassering av tommelen.
Dei fikk være med på tur til Finland, og dei varmar godt. Det vart gode og tjukke vottar som eg er godt fornøyd med.
Garnet eg har brukt er Tove fra Sandnesgarn (oppskrifta kjem sikkert der i fra også) og eg trur pinnen er 3 eller 3,5.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar