onsdag 29. februar 2012

BlåDaleVotter.


Eg begynte alt på desse vottene i slutten av desember, men har ikkje passa å få dei ferdige før no. Tidligere er dei blogga her. Egentlig skulle eg strikke eit anna mønster, men fikk ikkje antall masker til å gå opp med mønsteret eg skulle strikke (det skulle stemme fra Dales side sa dei). Uansett kor mange ganger eg telte og rakk opp igjen så fikk eg det ikkje til å stemme. Eg rakk alt opp igjen og begynte på eit nytt mønster, eg fant ut at det mangla to masker(!) her også før eg skulle starte på mønsterstrikkinga. Dette løste eg ved å auke to masker på kver halvside av votten. Ellers var mønsteret enkelt og strikke og det gikk fort å strikke vottene når eg først satte i gang. Dalegarnet er flott å strikke med. 
Eg veit ikkje om min nye erfaring med Daleoppskrifter skal skremme meg eller om eg kjem til å prøve meg på ei ny oppskrift der i fra.
Ein anna ting eg ikkje hadde lagt merke til var mønsteret. Eg liker den delen som ser ut som ein blomst, og at  linjene i mønsteret skaper ei åttebladsrose i bunnfargen.

Oppskrifta er fra Dale Tilbehørshefte nr 219 og oppskrifta er nr 21917. Eg har strikka med Hubro mørkeblå (5764?) og offwhite (0020) på pinne nr 3.

--Nokon som har erfaring å dele om Daleoppskrifter og garn?

mandag 27. februar 2012

"Vesle"bror sokker!

Veslebror måtte få sokker når eg skulle på besøk til han! Vestebror og veslebror, det skiller oss 3år i alder, men han er lenger enn meg for lengst, eg har blidt veslesøster i stede?:p Uansett vil han alltid være min veslebror. Ein veslebror meg str 44 i føtter. Dei største sokkene eg har strikka nokon gang.
 Dei skulle være innesokker sa han. Fordi dei var for tjukke til å ha i skoa og inne er det gølvkaldt. Då passer raggsokker med pyntemønster bra. Litt uvanlig fargekombinasjon, men eg blir glad av å sjå dei. Og for bror som har blidt stundent langt mot nord er "Valdres mønsteret" eit must å ha i bråtet på sokkene. Han syns det var tøft!
Buksa må så klart oppi sokkene!:)
Fyst prøvde eg å strikke med mønsterfarge som var kvit, men det rekka eg opp igjen. Det kan du sjå her.
Eg fikk ikkje heilt den effekten eg ville ha på dei, men syns det ikkje vart så gale likevel. Vis eg skal strikke med noko lignande garn med så mykje spill eller fleir farga garn, ville eg nok valt eit litt meir tydelig mønster med større mønsterfalte. Den eine sokken vart finare enn den andre fordi eg ikkje er så flink til å surre tråden i store sprang mellom fargene. Øvelse gjør mester der også.

Eg har strikka i Treskogarn fra sandnesgarn og litt superwash sport garn på pinne nr 3,5. Eg strikka str 43/44, men passer til ein med str 44/45. Oppskrifta eg brukte har strikkefasthet 28m x 36omg på pinne nr 3.

mandag 20. februar 2012

Det er ikkje alt som blir som det skal...

Som overskrifta seier, det er ikkje alt som blir som eg forestiller meg når det gjelder strikking og anna håndarbeid (forsåvidt andre ting også). Eg vil strikke ragsokker med utgangspunkt i eit mønster, "valdresmønster" som det kalles og inspirasjon henta fra Wenche som strikka pynte ragger.  Etter å ha strikka mønster og strikka hælen, så fant eg ut at fargekombinasjonen på garnet ikkje var særlig vellykka.... Så då var det bare å rekke opp igjen da, velg ein farge å strikke mønsteret med og begynne på nytt. Vi får sjå om det blir litt meir vellykka då.

Ellers strikke eg og strikker, men holder på med for mange prosjekter på ein gang så det tar då enda lenger tid å ferdigstille ting. Men men... Er ein ivrig så er ein ivrig! Må ta meg sjølv i nakken, igjen!

tirsdag 7. februar 2012

Engle votter

Endelig ferdig! Her er vottene eg fortalte om i dette innlegget. Eg falt for dette flotte mønsteret med ein gang eg såg det, og eg måtte så klart begynne å strikke det. Oppskrifta er desinga av Jorid Linvik og kan kjøpes her. Fargen er ulike meg, men eg ser at det er ein farge eg burde bruke meir. Så frisk og fin!
Vottene er tiltenkt ei dame eg kjenner som betyr masse for meg og familien min. Eg syns ho fortjener eit par engler som varmer henne på hendene.
Eg har strikka i Rauma fin ull garn og pinne nr 3. Eg ser at eg fortsatt trenger litt trening med å stramme trådene og få mønsteret gjevnt, men eg håper det vil regulere seg ved bruk. I forhold til orginal mønsteret valte eg å ha kvitt der den mørkaste fargen er, og min mørkastefarge er der det er kvitt i orginalen. Eg har har altså strikka mottsatt i forhold til fagrene.
Det har gått litt smått fordi eg syns at eg måtte følge litt ekstra med på møsteret, det har gått litt smått og fordi eg har holdt på med ein del andre prosjekter samtidig.

søndag 5. februar 2012

Glede!

 Nytt strikketøy, nytt garn og nye pinner...
Eg tester knit pro pinner, og så langt er det bare positivt. Har veldig lys til å kjøpe eit heilt sett, vertfall i sett pinner. Dei er nydelige å strikke med!
Til det eg strikker... Eg har gitt meg sjølv ei utfording, nok som eg liker, men det er vel alt eg har lyst til å fortelle akkurat no. Håper å kunne vise fram noko som er ferdig seinere i veka.

-Kva slags strikkepinner liker du å strikke med??

Ha ein fin søndagskveld!