Dette er ein av julegavene eg gav bort til jul. Sokker som varmer kalde føtter eg populært. Det vart bare dette paret under treet i år, men håper eg kan få til fleire til neste år.
Eg har strikka med pinne 3 og brukt Dale Heilo og Falk. Sokkene har eg strikka etter begynnelsen på ei sokke oppskrift eg fant i ei bok og seinere brukt sjema som eg fant i samme bok. Dei skal passe til str 42/43.
Mønsteret med åttebladsrosene fant eg i boka "Strømper og sokker", mens resten av mønsteret har eg strikka etter eget hode. Eg syns det er litt artig å kombinere og lage eigne uttrykk i form av mønster sjølv. Det finnes mange flotte bøker i denne serien, både strikking og hekling (det står også om hælfelling der). Rimelige er dei også!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar