Kva er drømmer, kva drømmer vi om? Kva betyr drømmer for oss?
Drømmer er ting vi ønsker vi skal oppnå i livet, store eller små. Det kan være drømmer om ting vi ønsker oss, drømme jobben, karrieren, huset eller andre ting. Drømmer kan bety masse for oss eller lite, alt etter som kor viktig det er og kor hardt det ønskes.
Eg har tenkt masse på dette temaet den siste tida. Kva er mine drømmer? Kva vil eg oppnå i livet? For mange er det kanskje enkelt, og det var det for meg også heilt til eg kom til det punktet der eg var tvungen til å tenke i andre baner. Rett og slett finne ein ny sti, ein ny mulighet eller kanskje ein ny drøm? Så kva handler egentlig drømmer om? Kva er meg, kva er det som gjør meg til meg? Skal eg tenke fornuftig, eller skal eg følge drømmene mine? Skal enn la livet styres av drømmer, eller skal ein være fornuftig og velge det som er "riktig" og håpe på å bli lykkelig av det?
Drømmer endrer seg med alder og etter kva som er viktig der og då. Det viktige er at du skal trives med valgene, var det ein gang nokon som sa til meg. Og det gjelder vel uansett om det er ein liten eller stor drøm. Så kva er egentlig drømmer? Drømmer DU om noko spesielt? Har du fulgt drømmene dine?
For meg handler mine drømmer mest om jobb akkurat no, om kva eg skal drive dagene mine med og kva eg skal vie livet mitt til. Det er viktig at det er noko eg kan trives med og som gir meg overskudd og drivkraft til å ønske å jobbe med det. Tida vil vise trur eg vi seier akkurat no...
Egentlig er vel spørsmålet; kor hardt vil du jobbe for å nå dine drømmer?
--Bare eit tema som opptar meg ein del om dagen...
mandag 30. januar 2012
torsdag 26. januar 2012
Orkidee...
Eg fant nokre bilder eg tok for ei stund sea. Den nyedelige blå orkideen min. Den minner meg om solfylte sommerdager. Eg gleder meg til farger, fuglekvitter og varmere tider, sjølv om det er kjekt med vinter også.
-Tidligere orkidee bilder finner du her.
Eg fant nokre bilder eg tok for ei stund sea. Den nyedelige blå orkideen min. Den minner meg om solfylte sommerdager. Eg gleder meg til farger, fuglekvitter og varmere tider, sjølv om det er kjekt med vinter også.
-Tidligere orkidee bilder finner du her.
lørdag 21. januar 2012
Innimellom- Hexagon Teppe #3
Innimellom alt det andre holder eg på med lappeteppet mitt. Det går sakte, men sikkert framover og det vokser stadig. Eg er no ferdig med å hekle rundt alle lappene eg skal ha, og har montert ca halvparten.
Eg har også begynt å feste trådene, sånn at det blir meir holdbart mens eg holder på med det. Eg lærte også sist, at det er trådfestinga som tar tid. Men det er kjedelig! Det er artigt å sjå at det blir ferdig og kor fint det blir. Det er ein skikkelig stor jobb. Sånn som det går no, går ting veldig sakte... Så eg kan ikkje seie når målet er at det skal bli ferdig. Eg kjem til å oppdatere litt inni mellom.Du kan sjå tidligere innlegg her, og info om garn og pinne finner du her.
fredag 20. januar 2012
Mønster og votte dille...
Eg strikker fortsatt på vottene.. Men eg syns det går så sakte! Mest fordi det finnes så utrulig mange flotte votteoppskrifter der ute med mønster. Eg er stadig på jakt, eg har investert i nye bøker og vært på bibliotekt for å låne gamle strikkebøker med sjarmerende mønster og oppskrifter (det er ikkje alt som er like fint vel og merke). I mellomtida mens eg strikker, så tenkte eg å vise dere litt av inspirasjon, linker, bilder og oppskrifter som eg "sikler" på om dagen.
Deep in the forest mittens:
Digger følelsen av trær i dette mønsteret.
Oppskriften kan du kjøpe her.Emilia.
Nydelig mønster, og spenande fargekombinasjon.
Emilia mønsteret kan kjøpes her.
Midnattsol.
Nydelig mønster, dette også.
Oppskriften kan kjøpes her.
Triangel.
Kjempe tøft grafisk mønster, dette SKAL strikkes.
Oppskriften finner du her, og det er GRATIS! Matilde har også andre flotte mønster som ho deler...
Selbuvot or not:
Spreke og utradisjonelle farger... Eg liker også innsida på desse vottene.
Oppskriften ligger her, også denne er gratis.
Votter med nordisk mønster.
Eg liker at dei er så enkle og stilfulle.
Drops oppskrift som du kan finne her.
Vinterland:
Votter med utradisjonelt mønster, men minner meg veldig om vinternorge på sitt vakreste.
Oppskrifta kan du kjøpe her. Der finner du også mange andre veldig flotte mønster som er til salgs.
Eg trur det får være nok for denne gang. Det finnes mange, mange fleire votter der ute eg har lyst til å strikke. Høgt på lista står også eit mønster med Valdres votten.
-Kva er dine favoritt mønster?
onsdag 18. januar 2012
Akkurat no...
... Har eg dilla på å strikke votter med flotte mønster. Det er kjempe moro! Så moro at eg har heile tre vottepar på gang. Typisk meg med andre ord; kaste meg over nye prosjekter før eg er ferdig med det eg alt holdt på med. Tidligere hadde eg ei lita dille på sokker, så det er vel ei sånn periode igjen no.
Vott nr 1, fra venstre: Strikker eg fra denne oppskriften av Jorid Linvik, i Rauma garn og pinne nr 3. Det går smått, men det er eit kjempe flott mønster.
Nr 2: Er strikka etter eit Dalemønster, nr 21917 i tilbehørheftet. Eg strikker i heilo med pinne nr 3. Denne votten har eg bare igjen å felle tuppen på, strikke vott 2 og strikke tommeler.
Nr 3: Er strikka etter eit Raumamønster, Englevotter til jente i str 8-10år. Dette er eit "forsøk", som eg kjem til å fortelle meir om seinere. På denne votten strikker eg i Freestyle frå Dale. Eg er ikkje sikker på om eg strikker to votter av denne i og med det bare er eit "forsøk".
Så får vi sjå kven av parene som blir ferdig først! Det er jo kjedelig med enslige votter og ikkje par, og ikkje minst uferdige prosjekter i garnkurven.
Vott nr 1, fra venstre: Strikker eg fra denne oppskriften av Jorid Linvik, i Rauma garn og pinne nr 3. Det går smått, men det er eit kjempe flott mønster.
Nr 2: Er strikka etter eit Dalemønster, nr 21917 i tilbehørheftet. Eg strikker i heilo med pinne nr 3. Denne votten har eg bare igjen å felle tuppen på, strikke vott 2 og strikke tommeler.
Nr 3: Er strikka etter eit Raumamønster, Englevotter til jente i str 8-10år. Dette er eit "forsøk", som eg kjem til å fortelle meir om seinere. På denne votten strikker eg i Freestyle frå Dale. Eg er ikkje sikker på om eg strikker to votter av denne i og med det bare er eit "forsøk".
Så får vi sjå kven av parene som blir ferdig først! Det er jo kjedelig med enslige votter og ikkje par, og ikkje minst uferdige prosjekter i garnkurven.
lørdag 14. januar 2012
Blomster votter.
Mitt første ferdige vottepar. Moro med mønsterstrikk etter diagram. Likte godt blomstene i mønsteret i desse vottene og stripene på innsida som gir tjukke og gode votter.
Eg valte å kutte ut deler av mansjettene, og heller strikke 5omg med ribbestrikk og øke til mønsteret i siste omg. Eg valte også å ha forskjellige farger på den ribbestrikka delen.Eg har alt tatt dei i bruk, og dei loer litt. Mønsteret er ikkje så gjevnt som det burde være, fordi eg ikkje har stramma garnet nok.. Eg lærer stadig!
Oppskriften fant eg her. Vottene skulle oppringelig strikkes i Drops Delight og Drops Fabel med pinne nr 3, men eg valte å strikke i Smart fra Sandnesgarn og pinne nr 3,5. Fint garn å strikke med, men litt dumt til votter i og med at det er eit superwash garn. Skulle ønske at vottene ville tove seg litt, dei er nemlig litt store for meg.
Moro med votter, nytt par er alt påbegynt!
fredag 6. januar 2012
Fletta hals.
Dette er enda ein julegave eg gav bort. Eg falt pladask når eg såg bilde av denne halsen og tenkte dette måtte eg prøve.
Det er første gang eg prøver meg på fletting, og det er faktisk meir avansert enn det ser ut. Det heile går ut på at ein flytter masker sånn at dei lager "kryss". Denne boka har ein del gode forklaringer og veiledninger på forskjellige fletter.
Oppskrifta fant eg her. Eg valte å doble antallet masker, fordi eg strikka med eit tynnare garn enn det som stod i oppskrifta. Eg har brukt eit nøste med Drops KidSilk og 3(?) nøster med Drops Nepal med pinne nr 5. Denne kombinasjonen vart veldig mjuk og god, anbefales virkelig! Fargen valte eg fordi eg veit at mottakeren liker rosa. Den var rask å strikke. Eg vurderer å strikke ein til meg sjølv også.
Dette er det einaste bildet eg har med den på, ganske dårlig. Men vis du klikker deg inn på oppskrifta HER, kan du sjå bedre bilde.
tirsdag 3. januar 2012
Sokker #3
Dette er ein av julegavene eg gav bort til jul. Sokker som varmer kalde føtter eg populært. Det vart bare dette paret under treet i år, men håper eg kan få til fleire til neste år.
Eg har strikka med pinne 3 og brukt Dale Heilo og Falk. Sokkene har eg strikka etter begynnelsen på ei sokke oppskrift eg fant i ei bok og seinere brukt sjema som eg fant i samme bok. Dei skal passe til str 42/43.
Mønsteret med åttebladsrosene fant eg i boka "Strømper og sokker", mens resten av mønsteret har eg strikka etter eget hode. Eg syns det er litt artig å kombinere og lage eigne uttrykk i form av mønster sjølv. Det finnes mange flotte bøker i denne serien, både strikking og hekling (det står også om hælfelling der). Rimelige er dei også!
søndag 1. januar 2012
Oppsummering 2011!
Godt Nyttår!
Eg gjør som i fjor, lager ei oppsummering av året som har gått. Dette er litt av mine favoritter. Det har skjedd masse her i bloggen. Eg prøver å være flink til å dele det eg lager og gjør. Bloggen har gått fra å handler om kort og papir, til å handle meir og meir om strikking, hekling og foto. Andre ting som har skjedd er at eg har gjort ferdig bacheloroppgaven min, lært meg å strikke sokker, hekla grytekluter, begynt på mitt lappeteppe nr 2, lagt ut min første gratis hekle oppskrift, hekla rund pute, strikka arne og carlos lue og fotografert ein masse. Dette er bare litt!
-Vis du vil sjå, kan du bla i arkivet mitt...
Abonner på:
Innlegg (Atom)