tirsdag 29. november 2011

Dille...

Det er på tide eg  viser litt av dillene mine. Ein av dei er Mummi. Og då spesielt Mummi kopper. Ein anna liten dille er orkideer og blomster, tyder det på at eg begynner å bli voksen??
Som du ser har eg alt fått meg ei fin lita samling. Den rosa koppen og den med Lille My er favoritten. Det står fleire på ønskelista til jul. Sammen med ei Mummi krukke.

Til og med pepperkakene har fått Mummi preg i år. Kjøpte formene i Stockholm. Sniff og Hattifnatten.

Det finnes skåler, serveringsbrett og masse anna... Og eg får nostalgisk følelse fra eg var liten og såg det på barnetv.

Ingen kommentarer: