onsdag 17. april 2013

Stripeleik: Projo Vottealong: Februar votter

Endelig ferdig med februarvottene i Projos vottealong. Eg starta i februar, og vart ferdig i april. Så skal det også sies at eg ikkje har strikka så mykje i perioder og har til dels strikka på andre ting inni mellom også. Uansett er det moro å bli utfordra til å strikke mønster eg kanskje sjølv ville valgt, og prøve å lage ein personlig vri på det eg har som utgangspunkt. Denne gangen strikka eg med mansjettfargen litt lenger enn det som stod i oppskrifta.

Stripeleik, som mønsteret heiter, var moro og strikke. Veldig enkelt både i farge og form bruk. Enda eit godt eksempel på at flerfarga mønster også kan være enkle i uttrykket. Mønsteret syns eg det var enkelt å forstå, men eg har forstått at det var mange som var i tvil på økinga til tommel f.eks. Sjølv fikk eg litt skjønnhetsfeil i fellinga, men eg syns ikkje det gjør noko.

Eg føler eg har vært flink til å holde trådene på "rett plass". Det har i følge erfarne strikkere mykje å si for kor godt mønsteret kjem fram. Eg valte å holde den grå tråden fremst, noko som gav meir tydelige gråstripper som la seg foran dei røde stripene. Det finnes mange bogginnlegg om dette temaet, her er eit eg ambefaler.

Det er fortsatt mulig å melde seg på alongen, det kan du gjøre ved å bli medlem i denne gruppa på facebook.  Reglene er at det skal være 12 votter ferdig til 31.12.13, men det er det samme når du begynner og rekkefølgen du strikker i. Kvar måned kan man velge mellom 2 eller 3 valg for kva som kan strikkes. I februar var valg nr 2 disse vottene som også kan kjøpes her.

-No er Mars vottene snart ferdige også! :)

Ingen kommentarer: