onsdag 11. juli 2012

Bievest

 Eg har endelig noko som er ferdig å vise. Det er mange prosjekter å ta av som må gjøres ferdig og eg strikker jo litt kver dag, men ikkje så mykje som før. Det står ikkje øverst på prioritering, men eg prøver å få ei lita strikke stund på kveldene som avkobling. Sommeren er fylt med studier. Det er moro, men også veldig travelt.

Tilbake til vesten. Eg falt for denne vesten når eg såg den inne hos Pickles. Det er Bievesten, som er strikka i eit artigt, men enkelt struktur mønster som gjør seg kjempe godt i vesten. Den var enkel å strikke, sjølv for meg som ikkje har strikka så mange voksne plagg før. Eg har valt å ikkje ha knapper, fordi eg ikkje liker å lukke jakker/vester.
Garnet eg har brukt er Nepal fra Drops som er ein fin erstatter for garnet i oppskrifta. Eg brukte pinne nr 5 og det gikk ca 6 nøster. Vesten er strikka i str S, men eg valte å strikke den litt lenger enn det som stod i oppskrifta. 

Den blir fin å bruke ut over hausten, over sommerkjolen eller bare over ein lett genser.

1 kommentar:

Anonym sa...

Vesten var kjempefin👌 Husker du hvilken farge du brukte?

Hilsen Hilde