lørdag 21. april 2012

Work in progress

Endelig kan eg vise fram det eg har holdt på med sea midten av mars. Kjæresten fylte år denne veka og eg hadde bestemt meg for å strikke genser til han. Han fikk space invader lue i vinter, så då var det naturleg at det også vart space invader genser. Eg kunne ikkje rekne med å bli ferdig før dagen hans, men planen var at han skulle få ein liten del av den og at genseren blir ferdig i løpet av våren.

Sånn såg det ut når eg skulle legge det fra meg før påske. Eg hadde fri frå det i påska, mest på grunn at eg skulle holde det hemmelig.
 Begynt på ein arm...
 Og nesten ferdig med den andre.

Sånn såg det ut for nokre dagen før bursdagen hans. Den eine armen er ferdig, eg har komt godt i gang med bolen og den andre armen er eg også godt i gang med. Han fikk den ferdige armen i pakka sammen med litt andre ting.


No slepp eg å halde det hemmelig lenger, så no kan eg strikke på den når eg sjølv ønsker. Eg har komt meg over på mønster delen på bolen og er glad for det. Eg har også strikka eit godt stykke på arm nr 2.
Eg strikkar etter mønster fra Dale designa av Arne og Carlos, og strikkar med Falk. Garnet er eg foreløpig kjempe fornøyd med. Eg hadde litt trøbbel med å få mønsteret på armen til å gå opp, men eg fikk det til og no håper eg at det går likedan med arm nr 2. 

Beklager dels dårlige bilder....

1 kommentar:

beauni sa...

Den ser ut til å bli rålekker :) Heldig mottakeren er!