torsdag 27. januar 2011

Oppdatering på lappeteppet...#2

Liten oppdatering på lappeteppet. Status i går kveld er at 80 lapper er montert, 140 er montert i remser på 10 og 10. Det vil si at eg har igjen 14 remser å montere. Ørten ender å feste og ein kant som skal hekles rundt før eg kan si meg ferdig. Det nærmer seg, det nærmer seg!
Kan vel si at eg er litt stolt av meg sjølv som har tolmodighet til å hekle noko så stort... Sjølv om eg begynner å bli lei heile greia. Jaja... Eg SKAL ha det ferdig!

Ingen kommentarer: