søndag 31. august 2014

August

Så viser kalenderen siste dagen i august og vi er klare for haust med frisk luft, gule blader, haust mote, frost og ikkje minst strikka plagg og tilbehør. Eg gleder meg til det, spesielt etter den fine sommeren vi har hatt. Håper hausten blir fin og lys. 

I august viste eg fram litt av det eg har strikka den siste tida. Eller det vil si eg fikk strikka ferdig to gaaaamle UFOer. Deilig! Så viste eg fram ei ny lue i restegarn serien. 

For september: Ønsker å få ferdig Lerwicken og strikke ein haustgenser som eg kan bruke i skinnjakka. Eg ønsker også å koma lenger på Fantasikofta.  
Også skal eg løse mysterier:
Tori har igjen starta med mysteriestrikking av votter. Det heile foregår på ravelry i gruppa i make mittens, her. Første clue blir lagt ut 1.september. 

mandag 25. august 2014

Restegarn: Ribbelue med vri


Del 7 av serien om restegarn.
Denne lua strikka eg for ei stund sea, då eg bestemte meg for å bruke opp heile lageret av nepal. Nepal er eit godt garn, men eg er ikkje så glad i å strikke med det garnet av ein eller anna grunn. Uansett vart denne lua til.
Oppskrifta er enkel ribbestrikk med ny vri. Moro å strikke og det gir ein litt meir spennande effekt enn vanlig ribbestrikk. Lua vart god og tøyelig. Eg fikk brukt opp litt meir av nepallageret, men har fortsatt ein del igjen, så det er mulig det blir fleire luer....

Pinne: 4 og 4,5
Garn: Nepal
Vekt: 70g
Oppskrift: Her.

mandag 11. august 2014

Litt luksus sjerf

Så var enda ein UFO ferdig. Ikkje det mest spennande strikketøyet for å være heilt ærlig, men greit å ha noko enkelt å strikke på når ein ikkje kan være så konsentrert på mønsterstrikk.

Eg brukte oppskrifta til Pickles- Litt luksus sjerf, og strikka til eg var lei. Eg burde kanskje ha strikka det litt større for eg syns det vart litt for smalt. Eg får knytta det, og det er det vikitigaste. For å lage min egen vri, slapp eg ned to masker sånn at det vart litt kontraster. Eg strikka med to forskjellige garn for å gi det ein spraglete effekt.

Pinne: 7
Garn: Drops Alpakka (lys turkis) og Sky fra DSA (petrol).
Vekt: 99g
Oppskrift: Fra Pickles her.

søndag 3. august 2014

Pulsvantene Augusta

August starter med pulsvantene Augusta. Eit par pulsvanter som har vært ein UFO ei stund, men har vært ferdig i bloggkøen ei stund. Dei begynte eg på i oktober 2012, så det er på tide at dei er ferdig og ikkje er ein UFO lenger. Det føles godt å få gjort noko som har logge så lenge ferdig.

Dei er enkle å strikke. Falskefletter ser meir avansert ut enn det dei er. Vis du følger anvisningen i oppskrifta klarer du det fint. Perfekte vis ein aldri har strikka fletter før. Med dei falske flettene vart dei flotte å sjå på.

Ingen garnsluk, men fin til å bruke opp små rester på. Dessuten kan dei jo strikkes lenger enn det eg har gjort. Dei blir nok fine å ha ut over hausten og vinteren.
Pinne: 3
Garn: Sandnes alpakka
Vekt: 33g
Oppskrift: Her. 

torsdag 31. juli 2014

Juli

Juli har vært sommermåneden av alle. Varmt og fint vær har bydd på mindre strikking enn før, men det er ikkje kver sommer som har vært som denne.


I juli har eg blandt anna strikka på Hardangervidda (kan leses om her), blogga om ei restegarn lue til (kan leses om her), Super mjuk lue, og begynte på Fantasi kofta som eg har strikka ein del på i juni (kan leses om her).

Andre ting eg har gjort i Juni:

1: Utsikt fra ein av mine mange joggeturer i skogen. 2: Kakao og Vaffel på Pellestova. 3: Selskap av katten, Lussy. 4: Nydelig utsikt på Skogshorn. 5: Sjå etter Sauane som går i åsen. 6: Strikker og tegner mønster til Fantasikofta. 7: Været skifter fort. 8: Ein av dei flottaste utsiktene eg veit, på stølen. 9: Det er fint på Gribbe om sommaren også. 10: Meg på Hardangervidda med Hardangerjøkulen i bakgrunnen. 11: Bortskjemd med sånne flotte joggestiar.

lørdag 19. juli 2014

Strikketøy på fjelltur

Strikketøet måtte være med på langtur i fjellet, her på Hardangervidda. Vi venta på båten som går på Halnefjorden, Halnekongen, og då måtte strikketøyet fram. Fint å holde på med under venting og på kvelden. 
Ambefaler å ha med noko enkelt som ikkje treng så mykje oppmerksomhet, gjerne glattstrikk eller rillestrikk. Fint om det tar liten plass og ikkje veier så mykje heller;)
 
Her sitt eg å ventar på båten, full av det fjellet har å by på: myr, sol og mygg. Naturleg kan det kanskje kallas? 
Kan heller ikkje være så redd for å få smuss og div i strikketøyet, det syns eg er sjarmen med strikketøy på fjelltur.

mandag 14. juli 2014

Restegarn: Super mjuk lue

Del 6 av serien om restegarn. 
Denne lua er rester av diverse Faerytale og mohair lignande garn, blandt anna etter FWSS-lua eg strikka i vinter. Godt å få brukt nokre nøster som er begynt på.
Hovedfargen er blå (faerytale), men har også brukt  kvitt og turkis mohair garn sammen med den blå. I toppen måtte eg også brukte litt rosa faerytale sammen med den blå.  Eg gikk tom for den tynne kvite mohair tråden, så det blei litt striper i toppen. Kombinasjonen gir eit spettete utrykk, der ingen partier er like. Restegarn trenger absolutt ikkje gi kjedelige strikkeplagg!
Eg har brukt ein felling som gjør at toppen blir rund. Lua er litt kort, så eg trur den passer bedre til små hoder, kanskje eit barn. Den blir ei gave.


Pinne: 4 og 4,5
Garn: Faerytale fra DSA og mohairgarn (tynt), strikka med dobbel tråd.
Vekt: 51g
Oppskrift: La opp 80m, ein slags versjon av FWSS-oppskrifta, men med ribbekant nederst. 

søndag 6. juli 2014

Fantasikofte

Eg har hatt lyst til å strikke ei kofte som bare er min og som ingen andre har maken. Den må strikkes i tynt ullgarn og gjerne ovanfra og ned. Nomalt strikkes jo kofter nedenfra med i satte armer, derfor tenkte eg at å ta utgangspunkt i oppskrifta til Sinnasaujakka (pinneguri) og "dikte opp" eget mønster på bærestylket og bolen kunne bli bra. Som sagt så gjort... I mitt hode var det bare å begynbe. Garn og pinner var klare til dyst! 
 Fargene eg har valt. Garnet er Pickles pure wool, ein kjempe fin opplevelse å strikke med.

Så langt så vel... Tar litt mønster fra her og der, håper det blir bra til slutt!

torsdag 3. juli 2014

Juni

Så var juni også over. Endelig sommerferie fra studiene og mulighet til å strikke, lese og gjøra litt andre ting. Litt Valdrestid med fjell og natur og litt sjø har juni bydd på. Og ikkje minst nydelig vær!

Eg elsker å springe i skogen (ein av mine andre hobbyar). Så eg deler litt bilder fra nokre turar, og eit bilde fra nydelige Svenner, Sandrefjord.

Ellers har eg fått strikka litt også. Eg holder for det meste på med store prosjekter så det blir lite ferdig å vise fram, eg blogger for det meste fra "lageret" med ting som er ferdig. Ellers har eg også funne fram heklenåla, og ein UFO som er nokre år gamal.
Håper juli byr på fleire ferdige ting å vise fram.

søndag 29. juni 2014

Restegarn: Ribbelue i selvstripende garn

Del 5 av serien med restegarn.
Garnet eg har brukt i denne lua fant eg når eg rydda i ei eske med div ting. Det var bare eit nøste igjen, ein rest etter ein gave for lenge sea (år).
 I og med garnet var selvstripende, valte eg å strikke vanlig ribbestrikk. Då slapp eg også å tenke på kven som skal være mottaker av denne lua. Eg strikka til det var litt igjen av nøstet og felte av i toppen.
Pinne: 8
Garn: Rosendal fra Gjesdal
Vekt: 51g
Oppskrift: Ribbelue: La opp 74, 1r,1vr