mandag 22. september 2014

Sjarmøretappe og trådfesten igjen

Det føles veldig godt å sjå enden på dette prosjektet. Ikkje det at det har vært moro å strikke, for det har det fra dag 1. Eg gleder meg til den kan brukes. Men først må alle trådene festes... Det er jo nesten som ein fest på baksida. 

Og så må eg strikke dei siste omgangane på ermet, men det jo bare sjarm etappen.
        Fargene på bildene er ikkje riktige, dei skal være meir grønne.

Håper å få festa alle trådene sånn at eg snart kan vise fram det ferdige resultatet her på bloggen.

onsdag 17. september 2014

Mystery Mitten Clue 3

Clue 3 er ferdig strikka! Så moro å sjå utviklinga og korleis den blir. Eg liker den veldig godt så langt. I morgo kjem clue nr 4 i morgo som er nest siste. Eg må begynne å strikke vott nr 2 også sånn at det ikkje blir med den eine votten. Det er jo moro å ha begge ferdig!

 Fargene er vanskelig å få riktig på bilde, men det er det eg vil kalle adventslilla og senepsgul farge.

Her kan du lese om dei andre cluene så langt.
Her er ravelry tråden. Det er ikkje for seint å bli med ennå vis du syns vottane blir fine.

mandag 15. september 2014

Restegarn: Ribbelue med horisontalestriper

Del 8 av serien om restegarn.

Etter den forje lua i Hexa hadde eg igjen eit nøste. Det måtte jo bli ei lue til. Så mjukt og godt garn. Eg syns at baige er litt kjedelig så eg valte å strikke i to tråder, ein tråd hexa og ein tråd tynn alpakka. For ein litt ekstra vri; strikka eg i striper med to farger. 

 Ribbestrikk er enkelt og greit å strikke. Ingen mønster som skal følges, bare strikke til det er nesten tomt for garn og felle av. Ribbeluer passer jo alle også, liten som stor i hodet. Vis den er for lang er det bare å brette opp. 



Pinne: 7
Garn: Hexa fra DSA og Drops alpakka i to farger.
Vekt: 81g
Oppskrift: La opp 84 m, strikka 1 omg rett med ein tråd Hexa, strikka 1r,1vr  til felling med ein tråd hexa og 1 tråd alpakka. 

Her kan du sjå resten av luene eg har strikka i restegarnsprosjektet.

onsdag 10. september 2014

Mystery Mitten Clue 2

Så var clue 2 avslørt og strikka. Alltid moro med mysterier, det blir litt ekstra stas å strikke og være klar til neste clue. Foreløpig er eg fornøyd med både fargevalg og korleis mønsteret blir.

Eg strikker høgre vott først, så til høgre på votten under er tommelkilen nesten ferdig (trur eg). Mønsteret kan minne om blomster og blader så langt, blir spennande å sjå om eg har rett;)
 Oversida av votten. Her er det litt grafiske elementer.
Clue 1 kan du sjå her.

Her kan du lese om, sjå meir og delta vis du skulle ha lyst.

mandag 8. september 2014

Haustinspirasjon

Ny årstid betyr nye klær i skapet og for oss strikkere må jo hausten være den beste tida på året. Då kan vi plukke fram skatter i skapet som endelig kan vises fram igjen, eller vi kan legge opp til nye prosjekter som kan glede og varme ut over hausten og mot vinteren. 
I den forbindelse lagde eg ei tavle for nettopp haustinspirasjon på Pinterest. Luer, skjerf, gensere....





Tavla finner du her.

onsdag 3. september 2014

Mystery Mittens Clue 1

Det er lenge sea eg var med på mysteriestrikking sist, og eg hugser det var så moro. Den gang var det sokker, no er det votter. Torirot har satt igang nytt mysterie på gruppa I make mittens på Ravelry. Du kan lese meir om det her. 
Eg valte å strikke i favoritt garnet med farger som høre hausten til. Syns det var moro med clue 1, gleder meg til fortsettelsen.

søndag 31. august 2014

August

Så viser kalenderen siste dagen i august og vi er klare for haust med frisk luft, gule blader, haust mote, frost og ikkje minst strikka plagg og tilbehør. Eg gleder meg til det, spesielt etter den fine sommeren vi har hatt. Håper hausten blir fin og lys. 

I august viste eg fram litt av det eg har strikka den siste tida. Eller det vil si eg fikk strikka ferdig to gaaaamle UFOer. Deilig! Så viste eg fram ei ny lue i restegarn serien. 

For september: Ønsker å få ferdig Lerwicken og strikke ein haustgenser som eg kan bruke i skinnjakka. Eg ønsker også å koma lenger på Fantasikofta.  
Også skal eg løse mysterier:
Tori har igjen starta med mysteriestrikking av votter. Det heile foregår på ravelry i gruppa i make mittens, her. Første clue blir lagt ut 1.september. 

mandag 25. august 2014

Restegarn: Ribbelue med vri


Del 7 av serien om restegarn.
Denne lua strikka eg for ei stund sea, då eg bestemte meg for å bruke opp heile lageret av nepal. Nepal er eit godt garn, men eg er ikkje så glad i å strikke med det garnet av ein eller anna grunn. Uansett vart denne lua til.
Oppskrifta er enkel ribbestrikk med ny vri. Moro å strikke og det gir ein litt meir spennande effekt enn vanlig ribbestrikk. Lua vart god og tøyelig. Eg fikk brukt opp litt meir av nepallageret, men har fortsatt ein del igjen, så det er mulig det blir fleire luer....

Pinne: 4 og 4,5
Garn: Nepal
Vekt: 70g
Oppskrift: Her.

mandag 11. august 2014

Litt luksus sjerf

Så var enda ein UFO ferdig. Ikkje det mest spennande strikketøyet for å være heilt ærlig, men greit å ha noko enkelt å strikke på når ein ikkje kan være så konsentrert på mønsterstrikk.

Eg brukte oppskrifta til Pickles- Litt luksus sjerf, og strikka til eg var lei. Eg burde kanskje ha strikka det litt større for eg syns det vart litt for smalt. Eg får knytta det, og det er det vikitigaste. For å lage min egen vri, slapp eg ned to masker sånn at det vart litt kontraster. Eg strikka med to forskjellige garn for å gi det ein spraglete effekt.

Pinne: 7
Garn: Drops Alpakka (lys turkis) og Sky fra DSA (petrol).
Vekt: 99g
Oppskrift: Fra Pickles her.

søndag 3. august 2014

Pulsvantene Augusta

August starter med pulsvantene Augusta. Eit par pulsvanter som har vært ein UFO ei stund, men har vært ferdig i bloggkøen ei stund. Dei begynte eg på i oktober 2012, så det er på tide at dei er ferdig og ikkje er ein UFO lenger. Det føles godt å få gjort noko som har logge så lenge ferdig.

Dei er enkle å strikke. Falskefletter ser meir avansert ut enn det dei er. Vis du følger anvisningen i oppskrifta klarer du det fint. Perfekte vis ein aldri har strikka fletter før. Med dei falske flettene vart dei flotte å sjå på.

Ingen garnsluk, men fin til å bruke opp små rester på. Dessuten kan dei jo strikkes lenger enn det eg har gjort. Dei blir nok fine å ha ut over hausten og vinteren.
Pinne: 3
Garn: Sandnes alpakka
Vekt: 33g
Oppskrift: Her.